Hopp til innhold

EU: – Ungarn er ikkje lenger eit fullverdig demokrati

Etter ei avstemming torsdag seier EU-parlamentet at Ungarn er eit «eit hybridregime med val – autokrati». Ungarn seier utsegnet er ei fornærming.

Europe Hungary

Eit møte mellom EU-parlamentsmedlemmene i Frankrike.

Foto: Jean-Francois Badias / AP

Medlemmene i EU-parlamentet har vedteke at Ungarn ikkje lenger kan kallast eit fullverdig demokrati, melder fleire byrå.

Ved å kalle landet «eit hybridregime med val – autokrati», meiner dei at ungarske val blir gjennomførte på eit vis som gagnar den sitjande regjeringa, og ikkje er demokratiske.

Stort fleirtal

Vedtaket er resultatet av ei avstemming i EU-parlamentet torsdag, som blei vedteke av 433 mot 123 stemmer. 28 representantar avstod frå å stemme.

EU-kommisjonen blir med dette oppfordra til å reagere mot Ungarn, ved å mellom anna halde igjen pengar landet elles skulle fått.

– Eg ser på det som ei fornærming mot ungararane at nokon set spørsmål til Ungarn si emne til demokrati, svarar utanriksministeren i landet, Peter Szijjarto, til AFP.

Eit symbol

For at EU skal endre kurs i måten landet stiller seg til Ungarn, skal det meir til enn eit kritisk utsegn. Ei slik kursendring må i så fall bli vedteke av alle dei 27 medlemslanda.

Likevel har ikkje-namngitte kjelder i EU sagt at kommisjonen vurderer å kutte fleire titals milliardar kroner i stønad til Ungarn, melder nyheitsbyrået DPA.

European Commission President von der Leyen speaks during an interview in Kyiv

Ursula von der Leyen ønsker at EU går grundig til verks i kampen mot korrupsjon.

Foto: VALENTYN OGIRENKO / Reuters

Grunngjevinga for dette skal vere mistanke om korrupsjon.

Leiar for EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, sa onsdag at ho ønskte grundige grep i kampen mot korrupsjon i medlemsland. Dette har Ungarn lenge blitt skulda for av EU.

– Det er plikta til kommisjonen, og den edlaste oppgåva den har, å verne rettsstaten, uttalte kommisjonsleiaren i samband med dette.

AKTUELT NÅ