Hopp til innhold

Elleve personar evakuert etter brann

Seksten personar er evakuert etter at det byrja å brenne i ein verkstad i Brenneriveien i Oslo i natt.

Brann i Oslo
Foto: Knut Martin Løken / NRK

Brannen skal vere i ein mekanisk verkstad, skriv politiet på Twitter. Totalt elleve personar er evakuert frå nabobygningar, men ingen er skadde.

– Alle naudetatane er på staden, og det står framleis flammar ut av taket. Vi har ikkje kontroll på flammane, seier operasjonsleiar Ola Krokan i Oslo politidistrikt. Han legg til at det ikkje er fare for at brannen spreier seg.

Det er mykje røyk og røykluft i området, men røyken er ikkje giftig. Politiet ber likevel om at bebuarar i nærleiken held vingauda lukka. Eit politihelikopter heng over området for å overvake situasjonen.

AKTUELT NÅ