Hopp til innhold

Ein telefonsamtale avgjer kven som blir kalla inn til førstegongsteneste

På grunn av pandemien måtte Forsvaret finne eit alternativ til fysisk sesjon. Simen Granberg (18) synest ikkje løysinga med sesjon over telefon var optimal.

Simen Granberg

SKUFFA: – Eg måtte fortelje kor mange push-ups eg tar, kor fort eg spring og kor langt eg hoppar. Det blir ikkje så mykje legitimitet i det, det blir liksom berre påstandar, meiner Granberg.

Foto: NRK

Kvart år må tusenvis av norsk ungdom møta til sesjon i Forsvaret. På grunn av koronarestriksjonar vart sesjonen i år gjennomført over telefon.

– Eg gler meg, sjølv om eg helst ville ein anna stad. Eg trur kanskje utfallet ville vore annleis om eg hadde vore på fysisk sesjon, seier Simen Granberg.

Han har i lang tid vore sikker på at han ville i militæret etter vidaregåande. Han håpa på panserbataljonen, men etter ein kort telefonsamtale vart han plassert i militærpolitiet i Bardufoss.

Meir rettferdig med fysisk oppmøte

Før pandemien måtte kandidatar til førstegongsteneste springa, gjennomføra styrkeøvingar, svara på teoretiske spørsmål og føreta legesjekk.

I år er dette erstatta med at kandidaten må fylle ut ei eigenmelding som er grunnlaget for eit intervju med Forsvaret.

– Eg måtte fortelje kor mange push-ups eg tar, kor fort eg spring og kor langt eg hoppar. Det blir ikkje så mykje legitimitet i det, det blir liksom berre påstandar, meiner Granberg.

Simen Granberg.

Simen Granbeg (18) var godt førebudd til sesjon og vart skuffa når det vart over telefon.

Foto: NRK

Ynskjer å visa seg fram

Major Jan Inge Hansen er sjef for rekrutterings- og seleksjonssenteret i Nord-Norge. Han seier det har vore krevjande å finne alternative løysingar til sesjon.

– Under telefonsesjon har me ikkje dei vanlege testane som grunnlag for diskusjon. Det har gjort det meir krevjande å avdekka den enkelte sin status, seier Hansen.

Major Jan Inge Hansen, sjef for rekrutterings-og seleksjonssenteret i Harstad.

Major Jan Inge Hansen seier det er både positive og negative sider med telefonsesjon.

Foto: Torbjørn Alf Krane / NRK

Han seier at det har vore ulike tilbakemeldingar frå kandidatane når dei får veta at sesjonen blir gjort over telefon.

– For nokon er det heilt greitt, men andre er veldig motiverte og har lyst å visa seg fram. Dei blir rett og slett veldig skuffa når dei ikkje får møta opp, seier Hansen.

Han seier det er openbert krevjande å vurdera nokon si helse og fysiske form når dei ikkje får møtt dei, og at dei må stola på at kandidatane er ærlege på telefonen.

– Det kan henda at nokon legg til litt ekstra skryt, eller trekk frå litt, alt etter kva motivasjonen deira er, men det store fleirtalet er flinke til å svara ærleg, seier Hansen.

Kan bli videosesjon i framtida

Telefonsesjon har likevel sine positive sider ifølge Hansen.

– Det er meir effektivt, det går raskare og kandidatane treng ikkje å reise så langt, seier han.

Hansen fortel at Forsvaret no jobbar med ei meir digital utføring av sesjon, og at sesjonen kanskje kan bli gjennomført over video i framtida.

Simen Granberg

Simen Granberg gler seg til førstegongsteneste i Forsvaret.

Foto: NRK

Granberg synest ikkje telefonsesjon er ei optimal løysing. Han trur forsvaret handlar mykje om kva haldning ein har, og korleis ein er som person.

Han trur det hadde vore meir ein meir rettferdig prosess ved fysisk oppmøte, men forstår at det ikkje har vore mogeleg under pandemien.

– Det ville kanskje vore lettare for forsvaret å velje ut kven som kjem inn til førstegongsteneste ved fysisk oppmøte. No må dei berre stole på oss, seier Granberg.

AKTUELT NÅ