Hopp til innhold

Desse norske jagarflya følgjer med på russarane i Barentshavet

KEFLAVIK (NRK): Kvar dag patruljerer no norske jagarfly luftrommet over Island og området rundt Barentshavet. Målet er å vise Russland at vi følgjer med.

Fly
Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvaret

– Denne patruljeringa er viktig for å syne at Nato står samla, og for å gje eit signal til russarane om at vi tek dei grepa som er naudsynte for å trygge vårt forsvar, seier nestkommanderande i Nato Adrian Bradshaw.

Han er til stades på Island og overser dei norske patruljeringane. Det er eigentleg eit reint rutineoppdrag, men med bakgrunn i at Russland no trappar opp aktiviteten sin i dei nordlege havområda vert oppdraget viktigare enn før.

Det er fire fly som no er stasjonert på Island, og dei utfører eit oppdrag som går på rundgang mellom NATO-landa, og som går ut på å patruljere området rundt Island.

tospann

PRØVETUR: Adrian Bradshaw, nestkommanderande i Nato får ein briefing av ein av flygarane som til vanleg flyg F-16

Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvaret

Russland trappar opp

– Russland har teke initiativ i dei nordlege havområda, og no syner vi at vi er sameinte i vårt forsvar, seier Bradshaw.

Russland har byrja å gjennomføre øvingar i internasjonalt farvatn, like utanfor Noreg. Med nye ubåtar dukkar dei opp på svært kort varsel. Opptrappinga er utfordrande for det norske forsvaret.

ubåt

Dette er ein av dei nye ubåtana som russarane nyttar utanfor Noreg.

Foto: Forsvaret

Må reagere raskare enn før

Rune Jakobsen i Forsvarets operative hovudkvarter er også på Island, og han seier at russarane nyttar stadig nye metodar.

– Vi ser ei auke i den maritime aktiviteten, og ein nedgang i bruken av dei strategiske bombeflya. Dei russiske styrkane set også i gong operasjonar mykje raskare enn før, og no kan dei vere på plass med heile nordflåten i løpet av berre nokre timar. Det er utfordrande for oss, seier Jakobsen.

Fly

Jagarfly stasjoner på Island.

Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvaret

Opptrappinga til Russland består både av at russarane nyttar ein ny type ubåt som gjer at dei kan setje i gong operasjonar mykje raskare, og at dei aktivt satsar på å vere meir til stades i området. Resultatet er at russiske marinefartøy kan vere på plass i havområdet utanfor Noreg i løpet av få timar, utan at NATO-styrkane er varsla om det.

– Vi er klare til å kjempe for våre interesser

Dei norske flygarane kjem ifrå basane i Bodø og på Ørlandet, og dei er der både for å overvake det islandske luftrommet, og for å halde eit auge med russarane og deira aktivitetar i området.

Rune Jacobsen foran F-16-fly på Keflavik

UTFORDRANDE: Rune Jakobsen tykkjer opptrappinga til Russland skapar utfordringar for Nato

Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvaret

– Vår oppgåve her er berre å syne at NATO-landa samarbeider om å trygge forsvaret, og om å kjempe for våre interesser, seier nestkommanderande Bradshaw.

AKTUELT NÅ