Fekk kjeft på veg opp Karl Johan

Demonstrantane som drog med seg 15 sauekadaver gjennom Oslo sentrum, fekk sterke reaksjonar frå publikum.

Video Skjelt ut på Karl Johan

Rovdyrmotstandarar blir utskjelde ut på Karl Johan.

- Bøndene trenger inntektsløft, sier Ståle Støen.

– Me brukar sauekadaver som våpen og trillebår som stridsvogn, seier leiar i Hedmark Bondelag Ståle Støen.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Unnskyld meg. Beklager. Kva f... gjorde de tidlegare? Ikkje legg skulda på ulven. Sauen er eit importdyr, så gløym den driten der. Forb..... sjukingar, rasar ein forbipasserande mann på Karl Johan når han møter demonstrantane med dei døde sauene.

– Det er nok uvant og ukjent for folk som ser demonstrasjonen i gatene, men det er dette me lever med kvar dag, seier leiar i Hedmark Bondelag Ståle Støen.

Han og ei gruppe bønder frå det indre austlandet tok med seg sauekadaver frå ei natts ulve- og bjørneangrep tilOslo for å demonstrere mot rovdyrpolitikken til regjeringa.

– Dette er nødvendig for å sette rovdyrpolitikken på dagsorden, seier Støen.

Får sjå med eigne auge

Støen fortel om ein ulv som fungerer som ein drapsmaskin, men at målet med demonstrasjonen ikkje er å fjerne alle rovdyr.

Bøndene som demonstrerer meiner derimot at skadefellinga blir gitt alt for seint. Det er resultatet av dette dei vil vise fram til politikarar, byråkratar og tilfeldig forbipasserande i urbane strøk.

– Me forventar at folk blir sjokkerte når dei får sjå resultatet. Ein ting er å lese om det i avisa, men ein annan ting er å sjå det med eigne auge, seier Kaj Teppen i Hedmark Bonde- og Småbrukarlag.

– Ulv og bjørn lever godt

Teppen seier til NRK.no at dei har med seg 15 lam som er vart drepne natt til 26. mai. Dei vart frosne ned, og er no tinte opp igjen for anledninga.

– Tenker de også noko på velferden til ulven og bjørnen?

– Ulven og bjørnen lever herrens glade dagar. Dei uroar eg meg eigentleg ingenting for, seier Teppen.

Bøndene meiner dei står makteslause på sidelinja medan sauane vert drepne av rovdyr.

Demonstrasjonen er knytt til det nye rovdyrforliket som blir vedteke av regjeringa i slutten av juni. Bøndene går frå Oslo Sentralstasjon til Stortinget, via Miljøverndepartementet.

– Gjer ikkje jobben sin

Styreleiar i Foreningen Våre Rovdyr, Arne Flor, har ikkje sansen for denne måten å demonstrere på.

– Dette er jo ein demonstrasjon som er ei avsporing frå det som burde ha skjedd, seier han.

Han meiner bøndene viser fram sauer som dei ikkje har greidd å passe på.

– Dette burde ha vore tomme trillebårer om bøndene hadde gjort jobben sin, seier han.

Han viser til at bøndene får eit tilskot på 100 kroner per sau, og meiner det bør bli stilt større krav til at bøndene passar på dyra sine.

– Desse bøndene viser slett haldning til eige yrke, seier Flor.

Ulv drepen

Medan demonstrasjonen holdt på, vart ein ulv skoten mellom Eidsvoll og Hurdal i Akershus, melder NTB. Bakgrunnen for fellingsløyvet er at ulven skal ha teke fire sauar på utmarksbeite.

Viltforvaltar Asle Stokkereit hos Fylkesmannen i Oslo og Akershus opplyser at det er sjeldan slik skadefellingsløyve vert gjeven.

I fjor vart det gjeve eit løyve på romerike. Det var i Nes i oktober. Før dette var det tre-fire år sidan sist eit slikt løyve vart gitt, seier Stokkereit.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger