Hopp til innhold

Carl Bildt: – Hadde Hitler bestemt seg for å invadera Sverige, ville det blitt kamp

Sverige sine forsvarsstyrkar var betre enn dei norske og danske, hevdar Carl Bildt i ein tweet – på 9. april.

Carl Bildt

Den tidlegare statsministeren i Sverige, Carl Bildt, posta i dag ei melding på Twitter som vekkjer reaksjonar.

Foto: Sören Andersson / NTB scanpix

– Er det mogleg liksom? tenkte Mímir Kristjánsson (R), då han såg tweeten til tidlegare statsminister i Sverige, Carl Bildt.

I dag er det 81 år sidan Hitler angreip, og førte Noreg inn i 2. verdskrig. Samstundes har den tidlegare statsministeren i Sverige, Carl Bildt, i dag lagt ut ein post på Twitter som har vekt store reaksjonar.

– Forsvarsstyrkane til Sverige i 1940 var ikkje fantastiske, men framleis sterkare enn dei norske, og i alle fall sterkare enn dei danske. Hadde Hitler bestemt seg for å invadera Sverige, hadde det blitt kamp, tvitrar han.

Laster Twitter-innhold

– Smaklaust

Kommentarfeltet har gått varmt etter utsegna. Til no har over 900 personar kommentert, og over 700 har «retweeta» meldinga. Mímir Kristjánsson er ein av dei.

– Det er jo utruleg respektlaust, på ein dag som er ganske mørk, i både norsk og dansk historie, seier Mímir Kristjánsson til NRK.

– Når Carl Bildt, på 9. april, skal driva å «kjekka» seg over at det svenske forsvaret var i betre stand enn det norske i 1940, så kan han isolert sett ha rett i det, men det blir utruleg smaklaust, legg han til.

Mímir Kristjánsson

Raudt-politikar Mímir Kristjánsson.

Foto: Thomas Buikema Fjaertoft

Kristjánsson anar ikkje kva motivet til Bildt har vore då han skreiv dette, men meiner dette er eit døme på «svensk sjølvgodheit».

– Det er kanskje den einaste VM-greina Sverige alltid vinn i, det at dei trur dei er best i verda til alt, seier han.

Raudt-politikaren meiner at dess meir rett Bildt har i fakta, dess verre blir det moralske problemet til Sverige.

– For viss Sverige hadde ein mektig hær, som kunne ha hamla opp med Hitler, ja då er det ekstra merkeleg at det ikkje var noka hjelp å få, meiner han.

Mímir Kristjánsson meiner at tweeten vekkjer reaksjonar då nordmenn framleis har i minnet at Sverige ikkje berre var til hjelp til oss under krigen, men også var til hjelp for nazistane.

– Det sit i. Vi prøvar å ikkje ta det opp. Det er ikkje vits å krangla om det no, men då hjelper det ikkje at Carl Bildt skal koma å ta det opp, seier han.

Laster Twitter-innhold

– Bildt seier ikkje nokon i feil i tweeten

Tom Kristiansen, historieprofessor på Universitetet i Tromsø, og som jobbar med andre verdskrig, seier at det alt i alt ikkje er nokon i feil i tweeten til Bildt.

– Noreg hadde om lag 23.000 mann mobilisert i nøytralitetsvernet då den tyske invasjonen kom. 55.000 blei mobiliserte i løpet av felttoget i 1940. Likevel var det svenske forsvaret tydeleg sterkare enn det norske og danske – kanskje særskilt hæren og flyvåpenet, seier han.

Kristiansen fortel at Noreg heldt ut i 62 dagar mot dei tyske styrkane, mykje lenger enn Danmark, Belgia, Nederland, Luxenbourg, Frankrike og Polen.

Portrett av historikar Tom Kristiansen

Historieprofessor og 2. verdskrig-ekspert, Tom Kristiansen.

– Så alt var ikkje gale, seier han.

Historieprofessoren meiner det ikkje er nok å sjå på kvaliteten og kvantiteten av styrkane.

– Noreg etablerte eit allianseforhold til Storbritannia allereie i morgontimane 9. april. Det var ein tydeleg styrkemultiplikator.

– Alt i alt: Bildt seier ikkje nokon feil i tweeten, så spørsmålet er om det kan verka upassande at han seier det på denne måten 9. april. Ta også i betraktning at mange nordmenn har skulda Sverige for å føra ein alt for tyskvenleg politikk dei første åra av krigen, legg Kristiansen til.

Vil ikkje svara på kritikken

NRK har vore i kontakt med Carl Bildt, og gjort han merksam på den sterke kritikken, og kva han meiner om den.

I ein e-post til NRK skriv han:

– Eg laga tre tweetar i samband med 9. april. Det er viktig å hugsa på denne dagen, skriv han.

AKTUELT NÅ