Hopp til innhold

Byrådet vil bygge bustader under marknadspris

Byrådet i Oslo vil starte ein heilt ny bustadmarknad. Dei fire neste åra vil dei bygge 1000 bustader under marknadspris. Dette blir ei gåvepakke til middelklassen, seier forskar.

Nye boliger i Oslo

BUSTADBYGGING: På Løren i Oslo byggjast det både forretningsbygg og bustadblokker.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Det er dyrt og vanskeleg for mange å skaffe seg bustad i hovudstaden. Men det vil det nye byrådet gjere noko med.

Dei vil rett og slett lage ein ny bustadmarknad i hovudstaden, dei kallar det den tredje bustadmarknaden.

Over ein fireårsperiode skal dei bygge 1000 nye bustadar for personar med låge og middels inntekter.

– Det er et målretta tiltak som treff dei som treng det mest, personar som har råd til å leige, men ikkje eige. Det er sporvegsarbeidaren, helsearbeidaren, sjukepleiaren. Det er dei som har middels og låge inntekter, men ikkje eigenkapital nok, seier Sunniva Holmås Eidsvoll, leiar i Oslo SV.

Målet til byrådet er at ein av fem av bustader skal vere rimelegare enn marknadspris

– Utopisk

Førsteamanuensis ved NTNU handelshøgskule, Are Oust har forska på bustadmarknaden i ei årrekke. Han trur byrådet sitt mål om at 20 prosent av bustadene i Oslo skal vere tilgjengeleg under marknadspris er utopisk.

– Sjølv om halvparten av alle nye bustader hadde vore omfatta, ville det tatt 50 år å nå målet. Med takta det ligg an til her, vil det aldri bli realisert, seier Oust.

– Målet no dei neste åra er 1000 nye bustader, men målet om 20 prosent er noko vi har sett lengre fram i tid. Men eg er heilt samd i at vi må komme lenger enn dei 1000 bustadene, svarar Eidsvoll.

– For dyrt

Forskaren trur også at bustadane blir for dyre.

– Det er ikkje nødvendigvis dei fattigaste som får tilgang. Spesielt dersom det er nye bustader, blir det for dyrt sjølv med rabatt. Då blir det 1000 heldige i middelklassen som nyt godt av det, trur Oust.

Han ter atterhald om at byrådet ikkje har kartlagt korleis fordelinga vil bli, men seier det ofte er middelklassen som nyt godt av slike tiltak.

Sunniva Holmås Eidsvoll svarer at ambisjonen er å nå dei med låge inntekter. Ho trekk fram at ei gjennomsnittleg sjukepleiarløn er på 537.000 kroner. I fjor kunne ein berre kjøpe 5 prosent av bustadene med ei slik løn.

Åtvarar mot svart marknad

Eidsvoll seier målgruppa er unge i etableringsfasen, for eksempel personar under 35 år som ikkje har eigenkapital.

– Det er heilt klart at dei med middels og låge inntekter fell utanfor. Og vi er nøydd til å gjere noko med dei. Vi ønsker å nå dei med låge inntekter, svarer Eidsvoll.

Ho seier at fleire også skal få hjelp til å gå frå leige til eige i den kommunale bustadordninga.

Høgre er redd dei billigare bustadene kan opne for ein svart marknad.

– Forslaget høyrast forlokkande ut, men ein har ikkje svar på korleis dette kan vere rimelegare enn marknadspris. Vi fryktar også at det kan opne for ein svart marknad, som vi ser i Danmark, seier Mari Holm Lønseth, bustadpolitisk talsperson i Høgre.

AKTUELT NÅ