Hopp til innhold

Bryt lova i Bergen

Den private vidaregåande skulen John Bauer Bergen bryt privatskulelova på fleire punkt, meiner Fylkesmannen i Hordaland etter å ha undersøkt pengebruken.

John Bauer-gymnasets fasade
Foto: Inger Lise Uhnger / NRK

All den offentlege støtta som går til skulen kjem truleg ikkje elevane til gode.

Det går fram av eit brev som går frå Fylkesmannen til Utdanningsdirektoratet.

Det blir særleg stilt spørsmål ved avtalar som er inngått mellom skulen i Bergen og andre selskap i John Bauer-systemet.

 

Fylkesmannen tvilar

NRK viste i ei rekkje reportasjar i oktober at eigarane av dei norske John Bauer-skulane handla for mange millionar kroner med selskap som dei sjølve kontrollerer.

Det er ulovleg å tene pengar på skuledrift i Noreg, og handel med nærståande selskap er ei juridisk gråsone.

Spørsmålet er om tenestene som blir kjøpte er reelle og riktig prisa.

Det er det grunn til å tvile på, meiner Fylkesmannen.

I brevet viser Fylkesmannen til at John Bauer i Bergen leiger inn ein dagleg leiar frå selskapet Skolekompaniet for 2,25 millonar kroner årleg.

Den daglege leiaren er ein av dei største eigarane i John Bauer-systemet i Noreg.

Arbeidskrafta hans blir leigd inn trass i at skulen har både rektor og viserektor.

- Vi kunne ikkje la vere å reagere på ein slik sum, så får vi sjå om forklaringa held, seier assisterende utdanningsdirektør i Hordaland, Hjalmar Olseth til NRK.

Fylkesmannen skriv og at tenestene verkar konstruerte og lite dokumenterte.

John Bauer Bergen avviser kritikken i eit brev og skriv at dei ikkje bryt lova.

Skulen meiner tenestene som er kjøpte frå Skolekompaniet er riktig prisa. Likevel har partane med umiddelbar verknad halvert prisen for å leige dagleg leiar.

Ville satse stort

Den svenske skulekjeda John Bauer driv to vidaregåande skular i Noreg, ein i Bergen og ein i Oslo.

Det svenske konsernet satsa stort i Noreg i 2005 då det var klima for å starte opp private skuletilbod.

John Bauer ønskte å starte opp skular i mange norske byar, men planane vart stoppa av at den raud-grøne regjeringa endra lova.

Skulane i Bergen og Oslo var starta opp og fekk drive vidare, men det har vore mykje uro ved skulane etter oppstart.

Mange tilsette har slutta, og det har vore rot med vitnemål og manglande utstyr ved skulane.

Kunnskapsministeren gav ordre om tilsyn ved skulane etter NRK sine reportasjar i fjor haust, mellom anna om pengebruken.

Erik Bolstad Pettersen

Områdedirektør Erik Bolstad Pettersen i Utdanningsdirektoratet.

Foto: Håvard Grønli / NRK

Fylkesmennene i Hordaland og Oslo og Akershus har enno ikkje avslutta tilsynet med dei to private vidaregåande skulane.

I verste fall må skulane betale tilbake statsstøtte, og de risikerer å miste godkjenninga for å drive skulen.

Det opplyser Utdanningsdirektoratet, som har den endelege avgjerda.

- Men det skal ikkje drenerast penger ut av verksemda. Bruken av midlar skal knytast til aktivitetar som elevane har nytte og glede av, seier områdedirektør Erik Bolstad Pettersen i Utdanningsdirektoratet.

Har du gode eller dårlege erfaringar med privatskular? Tips våre journalistar Jørn Andre Lien og Håvard Grønli .

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger