Hopp til innhold

Brot i samtalane i vektarkonflikten

Partane i vektarkonflikten har avslutta samtalane sine utan å bli einige. Dette betyr at streiken blir utvida med 439 nye vektarar onsdag.

Petter Furulund, riksmeklingsmann Kari Gjesteby og Erna Hagensen

SNAKKAR IKKJE SAMAN: Petter Furulund i NHO Service, Riksmeklar Kari Gjesteby og Erna Hågensen i Norsk Arbeidsmandsforbund finn ikkje grunnlag for vidare mekling. (Arkivfoto)

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Partane i vektarkonflikten, Norsk Arbeidsmandsforbund (NAF) og NHO Service, har hatt sonderingssamtalar hjå Riksmeklaren i dag.

LES: Midt i uka trapper de opp igjen

Men etter ein heil dag med samtalar blei det klart at partane ikkje tek opp att formell mekling, og streiken vil bli trappa opp.

Petter Furulund

FORUNDRA: Petter Furulund er forundra over krava til NAF.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

– Dette er veldig uryddig

Administrerande direktør i NHO Service, Petter Furulund, er forundra over motparten sine krav.

– Dette står ikkje berre på årets oppgjer, men motparten vår vil ha garantiar for korleis lønnsoppgjera skal vere i 2014 og 2015, og dette kan vi ikkje gjere noko med i 2012, seier Furulund.

LES: Fortsatt usikkert om det blir vekterstreik

– Eg syns det er veldig uryddig at vi ikkje kan konsentrere oss om kroner og ører i dette året vi skal forhandle for, at NAF trekk inn fleire år framover i tid, er veldig spesielt, seier han.

Forundra over krava

Norsk Arbeidsmandsforbund tok måndag morgon ut 1200 nye organiserte vektarar i streik.

Den andre organisasjonen Parat godtok tilbodet frå NHO Service før helga, og er ikkje i streik.

– Eg er veldig forundra, for Parat sa ikkje berre ja, men dei sa hurra, og var veldig nøgde. Difor trudde vi at NAF også skulle vere nøgde, men dei er meir opptekne av å sikre seg i dei komande åra enn akkurat i år, seier Furulund.

Riksmekler Kari Gjesteby

VANSKELEG: Ifølgje Riksmeklar Kari Gjesteby står partane så langt frå kvarandre at det ikkje er grunnlag for mekling.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Finn ikkje grunnlag for å mekle

Riksmeklar Kari Gjesteby tykkjer det er vanskeleg.

– Partane står så langt frå kvarandre, at sjølv om vi har prøvd ut fleire måtar å løyse det på, klarer ikkje vi å finne grunnlag for å gå vidare i meklinga, seier Gjesteby.

– Det er både prinsipp og pengar det står om, og det sprikar på mange område her, seier ho.

LES: Laaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaang kø

No går partane kvar til sitt og samtalane har teke slutt. Frå og med onsdag vil Norsk Arbeidsmandsforbund ta ut ytterlegare 439 organiserte vektarar i streik.

Fleire blir tekne ut i streik

Forhandlingsleiar Erna Hagensen i Arbeidsmandsforbundet står fast på krava.

– Vi gjorde eit tappert forsøk, men klarte ikkje å kome nærare noko løysing, dessverre, seier Hågensen.

– Dette står på det løpet vi vil ha vidare, og vi vil kome nærare industriarbeidarløna. Dette klarer vi rett og slett ikkje å få motparten med på, held Hågensen fram.

Dette betyr at streiken blir trappa opp.

– Fleire flyplassar vil bli tekne ut i streik no, så det er diverre fleire som kjem til å bli råka framover.

Vurderer å stenge Oslo S

Dersom streiken blir trappa opp, kan Oslo Sentralstasjon bli stengt på grunn av manglande tryggleik.

– Førebels går det greitt, vi er mange på jobb som handterer situasjonen på Oslo S utan at vi driv med streikebryting, seier Signe Horn, direktør i strategi og samfunnskontakt i Rom Eiendom til NRK.no.

Rom Eiendom forvaltar fellesområdet på Oslo Sentralstasjon, og ho understrekar at togtrafikken vil gå som normalt, men dersom dei må stenge vil servicetilboda bli råka.

– Dersom streiken blir trappa opp, må vi stenge området med butikkar og automatar, slik at dette vil gå ut over tilgangen til desse tenestene, seier Horn.

– Vi vurderer situasjonen fortløpande, og dersom mangelen på vektarar fører til ein stor tryggleiks- og brannrisiko, vil vi vurdere å stenge, held ho fram.

AKTUELT NÅ