Hopp til innhold

– Det har ikkje vore mogleg å redde Børsen

Store delar av den historiske børsbygninga i Danmarks hovudstad er øydelagt etter storbrannen. Årsaka er framleis ikkje kjent.

SISTE: Sløkkingsarbeidet har tatt lengre tid enn venta. Onsdag morgon arbeidar naudetatane framleis med sløkkinga, og vil halde fram i eit døgn, seier Frank Trier Mikkelsen i Hovedstadens Brededskab.

– Det har ikkje vore mogleg å redde Børsen, seier Jakob Vedsted Andersen, beredskapsleiar i Hovedstadens Beredskab.

Det kom fram under ein pressebrifing med politi og brannvesen tysdag ettermiddag.

– Ein stor del av børsen er brannskada. Men ein stor del av verdiane er redda.

Brannen er no under kontroll. Det som står att er ettersløkking av brannen.

Store delar av Børsen er altså øydelagt, men verdiane inne i bygget er i stor grad blitt redda ut.

Camilla Jul Bastholm, leiar for lager ved Nasjonalmuseet seier det er ei «lita glede i ei stor sorg at fleire store verk er redda».

Fire at Stock Exchange, in Copenhagen

Det ikoniske spiret i full fyr. Like etter fall det ned i flammane.

Foto: Ida Marie Odgaard / Reuters

– Vi har sikra fleire hundre kunstverk frå Børsen. Dei er frakta til Nationalmuseets magasin med politieskorte på grunn av den store verdien dei har, seier ho.

Børsen er eit av få bevarte bygningar frå Christan IVs regjeringstid og vert rekna som eit av dei viktigaste kulturminna i Danmark.

Københavns Politi skriv i ein pressemelding at dei har starta etterforsking, og at det er ein komplisert prosess å finne ut av årsaka til brannen.

Brannårsaka ukjent

Naudetatane i København fekk melding om brannen i den historiske bygninga i København sentrum i 7.30-tida tysdag morgon.

Litt etter klokka 8 var spiret på bygget totalt omgitt av røyk og kraftige flammar. Omtrent klokka 8.30 velta spiret ned i flammehavet.

Eit stort blir henta ut frå Børsen i København
Foto: IDA MARIE ODGAARD / AFP

Politiinspektør Peter Dahl seier at årsaka til brannen framleis ikkje er kjent.

– Når vi kastar oss ut i ei slik etterforsking, går vi inn i det med et ope sinn og vi startar med eit blankt lerret. Vi har ikkje fått tilgang til brannstaden enno, så det er for tidleg å vurdere, seier han.

Kong Frederik og dronning Mary takkar naudetatane for innsatsen. Den danske kongen seier han stod opp til eit «trist syn» tysdag morgon.

– Ein viktig del av vår arkitektoniske arv stod og står framleis i flammar, skriv han i ei uttale.

Børsen, som er eitt av hovudstadens eldste, blir for tida restaurert. Ifølgje brannvesenet starta brannen ein stad der handverkarar jobba.

Store deler av Børsen vart øydelagt i storbrannen.

Foto: EMIL HELMS / AFP

– Alle er i sjokk

Tidleg tysdag morgon sykla den norske studenten, Ida Leonthin, tilfeldigvis forbi det brennande bygget på veg til høgskulen. Då såg ho den gamle børsen i full fyr.

Ho fortel at stemninga i området er tung og dyster.

– Alle er i sjokk rett og slett.

Etter kvart blei Leonthin møtt av studievenninna, Irene Pettersvold-Ruiz, som også tok turen til området då ho høyrde nyheita.

– Eg fekk jo ikkje med meg kva som skjedde i dag tidleg før eg såg røyken, men ein merka at det var litt sånn stille. Vi går jo på ein kunstskule, så lærarane våre er heilt forferda, seier Pettersvold-Ruiz

– Det er ekstremt fascinerande å sjå kor flinke brannvesenet er, og alle folka som hjelper til å bere vekk måleria, legg Leonthin til.

Ida Leonthin ved brannen i Børsbygget i København

Ida Leonthin ved brannen i børsbygget.

Foto: Privat

– Dansk kulturarv i flammar

På toppen av bygget er det eit roterande spir som er eit kjennemerke for bygget. Spiret skal etterlikne fire dragehalar med tre kroner på toppen. Dei skal representere Noreg, Sverige og Danmark.

Ifølgje folk på staden skal fleire ha ropt «nei, nei, nei» då spiret rasa saman, skriv Danmarks Radio.

Onsdag føremiddag blei toppen av det ikoniske dragespiret overrekt frå redningsmannskapet til byggets eigarar, Danske Erhverv. Toppen av spiret hadde ikkje blitt øydelagt av fallet eller flammane.

– Eit lite lys i mørket, skriv dei på X.

Store delar av bygget består av trekonstruksjonar, og taket av kopar held godt på varmen. Difor tok bygget raskt fyr, seier brannmannskapet.

Eit bilde frå januar 2019.

The Old Stock Exchange, Boersen, in Copenhagen

På innsida av den gamle børsen.

Det ærverdige spiret.

– Det er stort, enormt stort og brannen oppstod svært hurtig, seier Vestergaard i brannvesenet.

– Fryktelege bilde frå Børsen i dag tidleg. 400 års dansk kulturarv i flammar, skriv den danske kulturministeren Jakob Engel-Schmidt på X.

Fleire historiske måleria vart likevel redda ut av det brennande bygget.

TV-bilete viser også at det historiske måleriet «Fra Københavns Børs» av P.S. Krøyer blei bore ut av den brennande bygninga.

Denmark Fire

Eit røyklagt København.

Denmark Fire

Naudetatane arbeider med å sløkke brannen.

Smoke rises from Copenhagen's historic Stock Exchange as sun sets

Tysdag kveld var brannen under kontroll. Sløkkingsarbeidet heldt fram ut over natta.

Vil gjenoppbygge Børsen

Den danske justisministeren Peter Hummelgaard uttalte seg i morgontimane:

– Takk til dyktige brannfolk som kjemper ein kraftig kamp mot eld og helvete for å redde menneskeliv og vår historiske kulturarv, skriv han på X.

I dag er det Dansk Erhverv som held til i bygget. Det er ein dansk arbeidsgivarorganisasjon.

– Vi er blitt samde med styret vårt om at «no matter what» så kjem vi til å bygge Børsen opp att, sa direktør Brian Mikkelsen på ein pressekonferanse tysdag ettermiddag.

Foto: EMIL HELMS / AFP

På spørsmål om korleis ein skal finansiere arbeidet, svarte Mikkelsen at «det finn vi ei løysing på».

Direktør i Dansk Arkitektur Center, Kent Martinussen, seier at eit slikt arbeid truleg vil ta fleire år.

Bygget stod klar i 1624 og skulle fungere som ein handelsstad i byen. Året etter blei spiret reist. Det var børshandel i bygget frå midten av 1850-talet og heilt fram til 1974.

– Det er ufatteleg trist å sjå den dramatiske brannen som no råkar et av dei viktigaste kulturminna i Danmark, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Ho seier bygget er viktig for Noregs felles historie med Danmark.

I ein tidlegare versjon av denne saka stod det av bygget skulle vera ferdig restaurert til hausten før byggets 400-årsjubileum. Det rette er at restaureringa var venta ferdig seinast i 2029.

I denne podcast-episoden kan ein høyre meir om kongen som bygde børsen:

SISTE NYTT

Siste nytt