Hopp til innhold

Berlinerpoplene gjorde reint bord

Dramaserien Berlinerpoplene fekk tre prisar i Gullruten 2008.

Andrine Sæther

Andrine Sæther fekk prisen for beste kvinnelege skodespelar for rolla i Berlinerpoplene.

Foto: Mathiesen, Tor Erik H. / SCANPIX

NRKs Berlinerpoplene vart kåra til beste tv-drama. Andrine Sæther og Nils Sletta fekk prisane for beste kvinnelege og mannlege skodespelar for rollane i NRK-serien.

Serien basert på Anne B. Ragde sine bøker er den mest sedde dramaserien i norsk tv-historie.

Den siste episoden hadde 975 000 sjåarar.

Sjå Berlinerpoplenes heimeside

Blant dei fleire andre prisane NRK fekk gjekk den gjevaste prisen til Dagsrevyen-journalist Geir Helljesen.

Les: Hederspris til Geir Helljesen

Beste humorprogram

"Uti vår hage 2" fekk prisen for beste humorprogram i Gullruten 2008.

Harald Eia mottok prisen saman med kollegaene Atle Antonsen og Bård Tufte Johansen i Grieghallen i Bergen.

Sjå: Det beste fra Uti vår hage 2

Sjå alle episodane her: Uti vår hages hjemmeside

- Dette var gøy. Det var jo mange dyktige konkurrentar, men dei er ikkje bra nok, seier Harald Eia til TV2.

Til saman vart det delt ut prisar i 16 kategoriar i kveldens Gullruten, som vert arrangert for 11. gang. I tillegg vart Folkets Pris delt ut.

Fleire prisar

NRK vann også prisen i kategorien underhaldningsprogram, med "Landeplage". Programleiar Ravi tok imot prisen på scenen sammen med produsentane.

Ravi

Ravi tok imot prisen for beste underhaldningsprogram.

Foto: Mathiesen, Tor Erik H. / SCANPIX

Hans Olav Brenner og Anne Lindmo, begge frå NRK, fekk prisane som beste mannlege og kvinnelege programleiarar.

Den gjeve prisen Folkets Pris, der vinnaren er røysta fram av publikum, gjekk i år til programleiar Sturla Berg-Johansen.

Uti vår hage

Uti vår hage fekk prisen for beste humorprogram.

Foto: Mathiesen, Tor Erik H. / SCANPIX

AKTUELT NÅ