NRK Meny
Normal

Ber om føretaksstraff på 9 mill.

Aktoratet ber om at selskapet CargoNet får ei føretaksstraff på ni mill. kr. etter ulukka på Sjursøya i Oslo i mars i fjor, der tre menneske mista livet.
 

Cargonet-merket godsvogn står igjen etter ulykken på Sjursøya

Sjursøya-ulukka skjedde då eit togsett på 16 vogner, 430 tonn tungt, trilla ukontrollert ut frå godsterminalen på Alnabru i Oslo den 24.mars 2010.

Foto: Lien, Kyrre / Scanpix

Påstanden som aktoratet la fram i Oslo tingrett tysdag lyder på to mill. meir enn bota som selskapet nekta å vedta.

Påtalemakta hevdar at CargoNet ikkje gjorde nok for å hindra togulukka.

Selskapet nektar straffskuld. Jernbane­verket har godteke føretaksstraff på 15 mill. kr. og slepp rettssak.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger