Hopp til innhold

Beden om å manipulera Treholt-foto

Eigaren av Noregs første timefotobutikk hevdar overvåkingspolitiet bad han manipulera eit bilete slik at Arne Treholt figurerte med KGBs norske toppsjef.

Video Intervju med Arne Treholt

Ei ny kjelde hevdar i dagens utgåve av Aftenposten at politiet ville manipulera bilete av Arne Treholt (67) og KGB-toppsjef tidleg på 80-talet.

Foto: Nyhetsspiller

Ifølgje Steven Elgesem, innehavar av West Foto på Frogner i Oslo, kom tenestemannen frå overvåkingspolitiet (POT) ein gong tidleg på 1980-talet til butikken med to fotokopiar, eitt med Treholt og eitt med toppsjefen til KGB i Noreg, Leonid Makarov.

Spørsmålet var om Elgesem kunne laga eitt foto der dei to stod saman.

Komplisert

– Eg stussa litt. Dette ville ha vore ei svært komplisert oppgåve på den tida, seier Elgesem til Aftenposten.

Elgesem hadde på den tida allereie eit samarbeid med dåverande POT, ved at overvåkingspolitiet automatisk fekk kopiar av alle bilete han framkalla og kopierte for den sovjetiske ambassaden.

– Eg torde ikkje

Fra spionmøtet mellom Treholt og Titov.

Eitt av bileta som felte Arne Treholt. Her saman med dei russiske agentane Gejjadij Titov og Aleksandr Lopatin på gata i Wien i 1983.

Foto: Politiet / SCANPIX

Han takka likevel nei til det ekstraordinære oppdraget, fordi ei slik manipulering var så krevjande at det ville involvert ein dyktig tilsett som på den tida var aktiv i AKP-ml, seier fotobutikk-innehavaren til Aftenposten.

– Eg veit ikkje korleis han ville ha reagert. Nei, eg torde ikkje og sa nei, seier han til Aftenposten.

Vil forklara seg

Elgesem seier vidare at han laga tusenvis av kopiar for den sovjetiske ambassaden i Oslo, som han tok dobbeltkopi av og deretter leverte det eine settet til POT.

Elgesem har teke kontakt med Arne Treholt sin forsvarar Harald Stabell og seier han gjerne vil forklara seg for Gjenopptakingskommisjonen.


AKTUELT NÅ