Hopp til innhold

Testa negativt og positivt for korona same dag – no åtvarar professor

Mange betalar fleire hundre kroner for å teste seg for antistoff mot covid-19. NRK-journalist tok to testar – og fekk to ulike resultat.

Hurtigtest av antistoff mot covid-19

HURTIGTEST: Fleire helseklinikkar tilbyr hurtigtesting for antistoff mot covid-19, men resultata er usikre.

Foto: Karoline Finnema / NRK

– Det er skilnad mellom testane. Nokon kan slå ut ein falsk positiv på dei som eigentleg skulle vore negativ. Nokon kan slå ut falsk negativ på dei som eigentleg skulle vore positiv, seier Sverre Sandberg, leiar i Norsk kvalitetsforbedring av laboratorieundersøkelser (Noklus).

Sidan april har helseklinikkar tilbode hurtigtestar som skal påvise om ein person har antistoff mot covid-19.

Men sjølv då denne typen testar kom på marknaden i Noreg i april, kunne verken Folkehelseinsituttet eller Noklus gå god for at resultata er til å stole på.

Likevel har mange betalt fleire hundre kroner for å teste seg hos ulike helseklinikkar.

No åtvarar Sandberg mot å bruke desse testane før ein veit meir om resultata dei gjev.

– Me veit for lite om dei. Per i dag kan eg ikkje anbefale å ta ein slik test, fordi me ikkje veit korleis me skal tolke resultatet.

Sverre Sandberg, leder i Noklus

RÅR IMOT: Sverre Sandberg, leiar i Noklus og professor ved UiB, undersøkjer hurtigtestane for antistoff mot covid-19. Han seier folk bør vente med å bruke testane til dei veit meir.

Foto: NRK Hordaland / NRK Hordaland

Falsk negativ

NRK-journalist Åsa Vartdal er ein av dei som har tatt ein slik hurtigtest. Ho hadde hatt fleire symptom på covid-19. Seks veker etter at ho var symptomfri, tok ho ta ein hurtigtest for å finne ut om ho hadde hatt covid-19.

Ho testa seg først hos ein privat helseklinikk. Der fekk ho svar om at prøven av negativ.

Åsa Vartdal

ULIKE RESULTAT: NRK-journalist Åsa Vartdal tok to hurtigtestar. Den første var negativ, medan den andre var positiv.

Foto: Torstein Boe / Torstein Boe

Nokre få timar seinare tok ho ein blodprøve på Oslo Universitetssjukehus som vart nytta i to testar. Begge testa positivt på covid 19.

– Det viser jo at testane gjev ulike resultat. Det illustrerer at me veit lite om kven av desse testane som er gode, seier Sandberg.

Han er leiar i Noklus, som arbeider med å finne ut kva testar som er gode og som gjev eit mest mogleg nøyaktig resultat. Målet deira er å sortere ut dei dårlege testane og kunne gje klare anbefalingar på kva testar som kan brukast. Desse anbefalingane kan dei enno ikkje kome med.

Ta testen med atterhald

– Mange av hurtigtestane som er på marknaden, er ikkje veldig pålitelege. Sjølv om ein slik test viser at du ikkje har antistoff, så kan du vere smitteførande, seier Espen Rostrup Nakstad i Folkehelseinstituttet.

Assisterende helsedirektør Espen Nakstad

TESTAR HURTIGTESTAR: Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad seier FHI har gjennomført mange testar og vurderingar av hurtigtestar for antistoff mot covid-19. Framleis er resultata av testane upålitelege.

Foto: Vidar Ruud

Han viser til at FHI tidlegare har uttalt at få av testane er pålitelege nok til at dei vil anbefale å bruke dei.

I april kom FHI og Noklus med ein rapport der dei hadde testa 11 hurtigtestar. Dei konkluderte med at ein må tolke testresultata med varsemd, ettersom resultata dei gjev er usikre. Likevel er testane i bruk mange plassar.

– Viss ein vel å bruke dei, må ein hugse på at dei ikkje er heilt nøyaktige. Det er ikkje sikkert at testen slår ut viss det er ei stund sidan du var koronasjuk, seier Nakstad.

AKTUELT NÅ