Hopp til innhold

Åtvarar gravide mot reiser til Thailand og Filippinane

Det har vore ein kraftig auke i tilfelle av zikafeber i Thailand og Filippinane dei siste vekene. No åtvarar Folkehelseinstituttet gravide mot å reise til desse landa.

Innslag fra Kveldsnytt

VIDEO: Fare for zikasmitte i Thailand og Filippinane

– Vi gjer dette for å vere føre var. Det kan vere fleire årsaker til auken, og vi kan ikkje sjå bort frå at det skuldast auka merksemd og auka test-aktivitet. Likevel vel vi å be gravide om ikkje å reise til Thailand og Filippinane, seier avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet, Line Vold.

Ho fortel at det er registrert rundt 300 tilfelle i Thailand. Første halvår var det registrert 90 tilfelle, og sidan 1. juli har talet stige til over 300.

Smittar via myggstikk

På Filippinane er det meldt om 15 tilfelle, men Folkehelseinstituttet meiner auken har vore så sterk dei siste vekene, at det er naudsynt å åtvare gravide mot å reise også dit.

Myggstikk

SMITTAR VIA MYGGSTIKK: Det er naudsynt å åtvare gravide mot å reise til Thailand og Filippinane på grunn av denne myggen.

Foto: PHILIPPE HUGUEN / Afp

Sjukdomen smittar i første omgang gjennom myggstikk, men ein smitta person kan overføre sjukdomen via seksuell omgang.

Line Vold opplyser at det har vore sporadiske tilfelle også tidlegare i desse landa, men at auken den siste tida gjer at det er frykt for ein epidemi. Tidlegare har Folkehelseinstituttet åtvara gravide mot å reise til Singapore.

Zikafeber er ikkje ein farleg sjukdom for andre enn gravide kvinner, men Line Vold minner om at menn kan vere smitteberarar.

Folkehelseinstituttet

Menn kan vere smitteberarar

– Ein mann som har vore i dette området etter sommarferien i år, og som har ein gravid partnar heime, bør bruke kondom eller avstå frå seksuell omgang i resten av graviditeten, seier ho.

Ho oppmodar gravide som har vore i Filippinane, Singapore eller Thailand dei siste par månadene om å teste seg hos fastlegen, også dei som ikkje har hatt symptom på sjukdom.

Vold fortel at det viser seg at zikaviruset overlever ekstra lenge i sæd. Difor bør menn som har hatt symptom på zikafeber (til dømes lett influensa, raude auge eller utslett) ikkje ha ubeskytta sex med partnar som kan bli gravid, før seks månader etter heimkomst.

Menn og kvinner som ikkje har hatt symptom på zikafeber, men som har vore i utbrotsområde, bør ha karantene på ubeskytta sex på åtte veker. Kondom beskyttar effektivt mot smitte.

Kan være smittet av zika-virus uten å vite det

Første mygg med zikavirus funnet i Florida

Dei fleste utan symptom

Brazil Losing to Zika

FØDD MED MIKROFALI: Zikaviruset kan føre til mikrofali det vil seie underutvikla hjerne og eit unormalt lite kranium.

Foto: Felipe Dana / Ap

Hos 80 prosent av dei som blir smitta av zikaviruset vil ikkje merke symptom på sjukdom. Dei resterande 20 prosent vil oftast ha lette influensa-symptom.

Line Vold ber dei som reiser til desse landa om å beskytte seg mot myggstikk, også grunna risiko for andre sjukdomar som blir overført med mygg. Det er viktig å ha lange bukser og langerma skjorter, samt å bruke myggstift og liknande.

Zikaviruset kan føre til mikrofali. Det er ei medfødd misdanning som inneber at born blir fødde med underutvikla hjerne og eit unormalt lite kranium.

Forskere frykter at zika kan ramme milliarder

AKTUELT NÅ