Ateistgravplass på veg til Danmark

Ateistane i København er glade for at dei no slepp å ligge i lag med kristne, muslimar og jødar når dei dør.

Kirkegård Arendal

Religionsnøytrale gravplassar er på veg inn på danske kyrkjegårdar.

Foto: Jan Jørg Tomstad / NRK

Teknikk- og miljøborgarmeister Ayfer Baykal i København har starta eit samarbeid med livssynsorganisasjonen Ateistisk Selskab for å finne eit passande areal på ein eksisterande kyrkjegard i København, skriv Politiken.

Denne plassen skal gjerast religionsnøytral, slik at ikkje-truande får plass her. Det skal gjerast ved at det ikkje blir tillate med religiøse symbol, som jødestjerner, kors og halvmånar. Men borgarmeisteren i den danske hovudstaden har eitt krav.

– Me vil ikkje avsetje pengar til prosjektet. Seksjonane på kyrkjegarden skal vedlikehaldast innanfor driftsrammene til kyrkjegarden, så det vil ikkje koste noko meir, seier Baykal til avisa.

Ikkje heilt nøgd

Ateistane jublar over at dei endeleg får oppfylt draumen om å bli gravlagt på religionsnøytral grunn. Men heilt nøgd er ikkje leiar Terje Petersen i Ateistisk Selskab.

– Dette her er jo berre ein start. Det beste ville vore eigne gravplassar som ikkje ligg på ein kyrkjegard, seier han.

– Gravleggingar er jo ikkje noko religiøst. Ein har alltid grave ned dei døde, så kvifor skal det vere kyrkja si oppgåve å styre dette, spør Petersen.

Han håpar at fleire politikarar vil få auga opp for at det er eit behov for fleire religionsnøytrale gravlundar.

Ikkje aktuelt i Noreg

Jens Brun-Pedersen

Jens Brun-Pedersen trur ikkje vi får eigne gravplassar til ateistar i Noreg.

Foto: Humanetisk Forbund

Informasjonssjef i Human-Etisk Forbund, Jens Brun Pedersen, trur ikkje livssynsnøytrale gravplassar vil bli aktuelt i Noreg.

– Me har aldri sett på det som noko krav med eigne gravlundar. At enkelte gravlundar er såkalla vigsla er greitt for oss, fordi me meiner det eit utslag av overtru. Det betyr ingenting for dei fleste av oss som kallar oss humanistar.

Men Pedersen meiner likevel at det bør heite gravlund og ikkje kyrkjegard, nettopp på grunn av religionsnøytralitet.

– Det er ein kjensgjerning at menneske som ikkje høyrer til kyrkja har ein tendens til å dø. Og då bør dei ha eit namn som famnar alle, seier Pedersen til NRK.no.

Han støttar også den danske ateistforeininga i at gravlundane må bli forvalta i kommunane og ikkje i trussamfunna.

SISTE NYTT

Siste meldinger