Hopp til innhold

Astrid Nøklebye Heiberg er død

Astrid Nøklebye Heiberg, stortingsrepresentant for Høgre er død.

Astrid Nøklebye Heiberg vart 83 år.

Astrid Nøklebye Heiberg vart 83 år.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix

Stortingsrepresentant Astrid Nøklebye Heiberg er død, opplyser Høgre si pressevakt til NRK.

Heiberg vart 83 år.

I 2018 vart Heiberg den eldste fast møtande stortingsrepresentanten nokon gong.

Astrid Nøklebye Heiberg hadde fleire sentrale verv i Høgre i 1980- og 1990-åra. Ho var mellom anna leiar for Høyrekvinners Landsforbund.

Ho var og forbruker- og administrasjonsminister i 1986 og partiet sin 1. nestleiar i 1990–1991.

Då Nikolai Astrup gjekk inn som minister i Regjeringa i 2018 vart Astrid Nøklebye Heiberg fast representant for Høgre på Stortinget sidan ho var 1. vara for Oslo Høgre.

Heiberg var utdanna lege og hadde doktorgrad i medisin.

Ho var president i Det internasjonale forbundet av Røde Kors- og Røde Halvmåne-foreninger frå 1997 til 2001.

Heiberg var statssekretær to gonger. Sist gongen vart ho statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet i ein alder av 77 år.

Solberg: – Ho har betydd mykje for meg

– Astrid var ei av dei klokaste damene eg kjenner. Ho har betydd mykje for meg, frå ho på 80-talet var i Willoch-regjeringa, leiar i Høgrekvinnene og i Høgre si leiing; til ho var statssekretær for Bent Høie og fornya sin politiske deltaking som stortingsrepresentant. skriv Erna Solberg på si Facebookside.

– Ho hadde eit brennande hjarte for menneska rundt seg. Ho var opptatt av at alle skulle ha det bra - og snakke om det som ikkje var bra. Astrid fekk folk til å opne seg. Ho hadde eit blikk som sa: Eg ser deg, skriv Solberg.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger