NRK Meny
Normal

Hevdar han hentar medlemmer frå Frp

Han vil stoppe «neger-kultur» og meiner jødane styrer samfunnsinstitusjonar. Leiaren for Alliansen har tru på ein stortingsplass. Professor meiner partiet går i retning av nynazisme.

Hans Lysglimt Johansen

NASJONALISME MED EIT SMIL: Er mottoet frå partileiar i Alliansen, Hans Lysglimt Johansen, som hevdar å hente medlemmer frå Frp. Han vert skulda for å vere nynazist, men tek avstand frå utsegna.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Du kjenner han kanskje som Norge sin mest omtalte Trump-tilhengar. Hans Lysglimt Johansen var aktiv i valsendingar under presidentvalet i USA. I ettertid har Lysglimt stabla på beina sitt eige politiske parti. No hevdar han å hente medlemmar og veljarar frå Frp.

– Mange i Frp har tatt kontakt, seier han.

Partiet starta som eit eittsaksparti, for å få Noreg ut av EØS, men Lysglimt har sidan oppstart kasta seg på i ei rekkje debattar; mot innvandring, «raseblanding», omskjering og mot sentralisering.

Fritalande og meiner media er hjernevaska

Lysglimt er svært aktiv og fritalande i sosiale medium, der han ofte legg ut Facebook-videoar og twittermeldingar. Her har han mellom anna kome med utsegn om innvandrarar, jødar og homofile. Overfor Dagbladet seier han at han står for alt han seier i videoane.

– I Noreg er det enkelte grupper ein skal beskytte og ein politisk korrektheit som ikkje skal utfordrast, det ynskjer eg å gjere noko med, seier han til NRK.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Han går laus på massemedia, som han kallar venstrevridd.

– Det er heilt openbart slik at det er ein del ting media ikkje tør å ta tak i, som eksempel omskjeringssaka, seier Lysglimt. Han har i fleire videoar hevda at jødar i «Israel-lobbyen» i Norge har påverka parti til å snu i spørsmålet om omskjering av gutebarn.

Lysglimt har også hevda at jødar i Noreg styrer samfunnsinstitusjonar som organisasjonen Antirasistisk Senter.

I fleire av videoane delar han sin motstand mot globalisering og« raseblanding».

– Eg har ikkje noko imot at menneske finn saman, men at Norge og internasjonale institusjonar promoterer at ein skal gifte seg på kryss og tvers av lendegrenser, kulturar og rasar meiner eg er uheldig. Like barn leikar jo best, seier han til NRK.

Då fire personar vart skotne utanfor utestaden Blå i Oslo skreiv Lysglimt på Twitter at «Norge inviterer negroid rapkultur, og vi får negroid skytekultur med på kjøpet. Og folk er overrasket». Meldinga vart seinare sletta.

Hans Lysglimt Johansen med sverd og eggelikør

OPPSTART: Med eggelikør og eit sverd lanserte Hans Lysglimt Johansen det nye partiet Alliansen på Eldorado bokhandel i Oslo hausten 2016.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Hevdar Frp-arar går over til Alliansen

I ein av Facebook-videoane Lysglimt har lagt ut hevdar han at medlemmar frå Framstegspartiet har tatt kontakt og meldt overgang.

– Det er spesielt den delen av partiet som er skuffa over at partileiinga gjekk imot eit forbod mot omskjering av gutebarn, seier Lysglimt.

Han kan likevel ikkje kome med noko tal på kor mange dette er snakk om.

– Men det er mange og frå heile landet, hevdar han.

Partiet stiller liste i alle fylke, men har berre ein medlem; leiaren sjølv. Andre partifellar er støttemedlemmar. Måten partiet er bygd opp på liknar partiet til Geert Wilders frå ytre-høgre i Nederland.

– Dette er for å sikre eit enkelt byråkrati, forklarer Lysglimt.

Kor mange støttemedlemmar partiet har vil ikkje Lysglimt svare på.

Professor: – Eit nynazistisk parti

Professor i historie ved Universitetet i Oslo, Øystein Sørensen, ser ei utvikling der fleire parti og talspersonar vel å kalle seg nasjonalistisk.

Øystein Sørensen

MINNER OM NYNAZISME: Professor Øystein Sørensen meiner Alliansen går lenger enn å vere nasjonalistiske.

Foto: Jon Petrusson / NRK

– Det er tradisjonelt få som har omtala seg som nasjonalistisk, fordi det ofte knytast til nynazistar og rasistiske skinheads. Men omgrepet er mangfaldig og kan også knytast til demokratiske parti eller parti på venstresida fleire stader, seier han.

Professoren vil derfor gå lenger i sin omtale av partiet Alliansen enn eit nasjonalistparti.

– Dette vil eg seie går langt i retning av nynazisme.

– Rasistiske førestillingar retta mot svarte, antisemittiske førestillingar retta mot jødar og konspirasjonsteoriar ein skulle tru var grundig tilbakevist. Det er oppsiktsvekkjande at personar og eit parti som ynskjer å bli tatt seriøst delar slikt sludder, seier Sørensen.

– Alliansen har jo samla 5000 underskrifter og stiller med lister i alle fylke, burde dei ikkje då bli tatt seriøst?

– I Noreg er det jo slik at du lett kan setje opp lister. Eg har lita tru på at dei vil få noko oppslutning frå fleire enn nokre få, og er villig til å setje ein del pengar på det, seier Sørensen.

Hans Jørgen Lysglimt Johansens nye parti har én kjernesak: Folkeavstemning om norsk EØS-medlemskap.

Lysglimt: – Eit desperat skjellsord

Lysglimt avviser at dei er eit nynazistisk parti og kallar det eit desperat skjellsord.

– Det er nok eit forsøk på å parkere ein veksande nasjonalisme og at vi talar høgt. Leiargruppa i Alliansen er høgt utdanna og fleire har tidlegare fartstid i Frp, seier han.

Han dreg fram at forskarar har tatt feil før.

– Det er akkurat dei same ekspertane som var heilt sikre på at Hillary Clinton kom til å vinne valet i USA.

–​ Du siglar på ei Trump-bølgje?

– Vi siglar på eit folkeleg opprør. Det er meir enn Trump, det er Brexit og djupe strøymingar i folket, seier han.

Ser ikkje bort frå nynazistiske medlemmer

Demonstranter i Kristiansand

NYNAZISTAR: Lysglimt avviser ikkje at han har støttemedlemmar som også støttar den nordiske motstadsbevegelsen.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Sjølv om Lysglimt ikkje vil kalle seg nynazist kan han ikkje sjå bort frå at han har medlemmar som også høyrer til den nynazistiske rørsla Nordisk Motstandsbevegelse. Gruppa har fått mykje merksemd siste tida for demonstrasjonar mot «homolobbyen» på Sørlandet og i Sverige.

– Det kan vere folk som er medlemmer begge stadar, det har ikkje eg oversikt over. Vi er begge opptekne av å stoppe masseinnvandringa, så det kan vere samanfallande interesser der ute.

– Er det greitt for deg?

– Alliansen er open for alle.

Likevel tek han avstand frå aggresjonen motstandsrørsla står for

– Eg opplever at dei er sinte, vi står for nasjonalisme med eit smil, ein slags 17. mai-nasjonalisme som er positivt lada og absolutt ikkje-valdeleg.

Les meir: – Dette er nasjonalisme med et smil

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger