Hopp til innhold

Adecco Helse med millionunderskot etter skandaleavsløringa

Sjukeheimsskandalen har kosta Adecco Helse dyrt. Etterbetalinga av overtid førte til millionunderskot i 2010.

Adecco dreiv Ammerudlunden ulovleg

Årsmeldinga for 2010 er dyster lesing for konsernsjef i Adecco, Anders Øwre-Johnsen.

Foto: NRK / Scanpix

Den 17.februar i år avslørte NRK den ulovlege drifta ved det Adecco-drivne Ammerudlunden sjukehus i Oslo.

Dei tilsette jobba 84 timar i veka utan overtidsbetaling, og dei skal ha overnatta i kjellaren på sjukeheimen for å greia turnusen.

I mars lova konsernsjef Anders Øwre-Johnsen at alle tilsette som hadde krav til overtidsbetalings skulle få det. Det gjev kraftige utslag på tala for 2010, ifølgje Dagens Næringsliv.

25 millionar i minus

Årsmeldinga til Adecco viser at drifta i 2010 gjekk med 25,3 millionar kroner i underskot. Til samanlikning hadde selskapet eit overskot på 23 millionar i 2009.

«På bakgrunn av avdekkede avvik, ble det besluttet å etterbetale manglende overtidsbetaling, samt korrigere eventuelle andre feil. Kostnaden knyttet til dette er vesentlige og er reflektert i årsregnskapet for 2010», skriv Adecco i årsmeldinga si.

I kjølvatnet av den første avsløringa, vart det avdekt grove avvik ved fleire sjukeheimar drifta av Adecco Helse.

Fleire kommunar sa deretter opp avtalane sine med det private selskapet, som har vore ansvarlege for drifta ved fem sjukeheimar i Noreg.

I midten av mars opplyste konsernsjef Anders Øwre-Johnsen at Adecco vil trekkja seg frå all sjukeheimsdrift.

AKTUELT NÅ