Litauiske Alma Aleknaite ser på pasienten og smiler.
– Kan eg låne handa di, seier ho.
Blodtrykket skal målast og 94-åringen løftar handa mot Alma.
På naborommet blir dei eldre aktiviserte med loddsal og musikk til kaffien. Dei får også høyre presten lese frå bibelen.
Vi er på Solundheimen i den vesle øykommunen Solund yst i Sognefjorden. Ute skin sola, og som vanleg bles det friskt frå det opne storhavet.
Som så mange andre utkantkommunar har Solund slite med å få folk til pleie- og omsorgssektoren.
Kommunen hadde eit kritisk høgt nivå på å leige inn vikarar, og sjukefråværet var på 17 prosent. Men no treng ikkje kommunen vikarar lenger og sjukefråværet er nede i tre prosent. Andre kommunar slit meir.
Flora kommune lyste nyleg ut fleire sjukepleiarjobbar, men ingen søkte på stillingane.
Norske kommunar brukar vel ein milliard kroner årleg på å leige inn pleiarar via vikarbyrå.
Vellukka prosess
Mot alle odds har Solund gjennom ei omorganisering greidd å fylle opp alle dei faste stillingane.
– Det har vore ein vellukka prosess, seier Åse-Iren Korneliussen, helse- og omsorgssjef i Solund kommune.
FORNØGD: Helse- og omsorgssjef Åse-Iren Korneliussen i Solund er fornøgd om omorganiseringa i kommunen. Frå å ha brukt millionar på innleige av vikarar, er det no folk i alle faste stillingar på sjukeheimen.
Foto: Bård Siem / NRKHo starta i jobben i 2015 og gjorde omorganiseringa saman med verneombod og tillitsvalde.
– Vi hadde to små einingar, heimesjukepleia og institusjonstenesta. Desse slo vi saman og fekk ei leiing som hadde ansvar både ute og inne, seier ho.
På den måten fekk Korneliussen ein meir fleksibel organisasjon, og ho fekk frigjort fleire til å gå inn i vanleg turnus.
– Vi auka grunnbemanninga og gjorde om deltidsstillingar til fulle stillingar. Vi fekk mange faste tilsette sjukepleiarar i staden for vikarar. Dette sparte vi mykje pengar på. Avviklinga av vikarbruken gjekk greitt, seier ho.
TRIVSEL: Helse- og omsorgssjef Åse-Iren Korneliussen legg vekt på at både pasientar og tilsette på Solundheimen skal trivast. Her er ho i samtale med Berit Hersvik (88).
Foto: Bård Siem / NRK– Eigarskap til arbeidet
Korneliussen fortel også om trivselstiltak og kursing, noko som har auka motivasjonen hos dei tilsette. Sjukefråværet er redusert frå 17 prosent i 2015 til tre prosent i dag.
– Slitasjen på personalet er mindre, for vi har også hatt eit løft når det gjeld hjelpemiddel.
I ein liten kommune med 820 innbyggjarar som kan verke lite attraktiv, er det ifølgje Korneliussen ekstra viktig at sjukepleiarane har interesserte arbeidsoppgåver.
– Dei tilsette har fått ein eigarskap til arbeidet, dei får utvikle seg, dei hjelper kvarandre og det er godt humør. Vi har også trivselstiltak som blåtur, sommar- og julelunsjar for dei tilsette, seier ho.
Alma Aleknaite jobba på Solundheimen tidlegare, men slutta då vikarbruken og sjukefråværet var på det høgste. Nokre år jobba ho som sjukepleiar i Bergen.
– Omorganiseringa gjorde at eg ville tilbake. Vi samarbeider betre og er meir motiverte, seier ho og smiler.
Ho har mellom anna fått meir opplæring.
KOM TILBAKE: Alma Aleknaite jobba ei stund ved ein sjukeheim i Bergen, men då Solund kommune omorganiserte drifta valde ho å kome tilbake til Solundheimen. Det har ho ikkje angra på.
Foto: Bård SiemNAV-sjef slår alarm
Direktør i Nav Vestland, Anne Kverneland Bogsnes, slår alarm om dei store rekrutteringsutfordringane innan helse, pleie og omsorg.
– Det Solund får til er kjempebra, men på landsplan er situasjonen alarmerande. Mange kommunar slit veldig med å få tak i folk innan pleie- og omsorg, seier ho.
SLÅR ALARM: Mange kommunar greier ikkje å få tak i pleiarar til sjukeheimane sine. Det byrjar å nærme seg krise, meiner Anne Kverneland Bogsnes, direktør i Nav Vestland.
Foto: Bård Siem / NRKFerske tal viser at det er behov for 7900 nye tilsette i den norske helsesektoren, men i Nav sin stillingsdatabase er det registrert berre halvparten så mange arbeidssøkande.
– Behovet er enormt, og situasjonen blir endå verre i åra som kjem.
Kverneland Bogsnes viser til at pleiarane som går av med pensjon dei komande ti åra er langt fleire enn dei som kjem etter. I tillegg blir befolkninga stadig eldre, med større og større pleiebehov. Til alt overmål er det færre som søkjer seg til sjukepleieutdanning.
Negativ til innleige
NAV-direktøren meiner innleige av vikarar ikkje vil løyse problemet.
– Vi ser at det er dei rike kommunane som har råd til å leige inn på denne måten. Det blir ingen kontinuitet og det løyser ikkje problema på sikt. Vi nærmar oss ei krise og må gjere noko no, seier Kverneland Bogsnes
– Vi i byrjar å nærme oss ei krise når det gjeld å få fatt i den arbeidskrafta vi har behov for.
Tilbake i Solund håper helse- og omsorgssjefen at kommunen skal greie å halde på pleiarane som er i full jobb i faste stillingar.
– Pleiarane seier dei likar seg på Solundheimen og det verkar som dei trivast på øya. Så eg håper det går bra, seier ho med eit breitt smil.