NRK Meny
Normal

«Unge jenter er ofte kjedelige og feige. Er du?»

Slik starta 27-åringen det som enda med grove valdtekter over nettet. No er han dømd til 15 år fengsel for overgrep og forsøk på overgrep mot 53 jenter, mellom 12 og 17 år.

Overgrepsbilder politi

OVERGREPSBILETE: Politiet identifiserte over 50 jenter ut frå bilete og chatteloggar på 27-åringen si maskin. Framleis hadde dei 300 bilete av jenter dei ikkje klarte å identifisere.

Foto: NRK

27-åringen jobba på ein skule- og fritidsordning då politiet arresterte han i eit kollektiv på Bislet i Oslo sentrum.

Mann (27) tiltalt for nettovergrep

DØMT: 27-åringen er dømd i Oslo tingrett.

Gjennom chatteapper kom han i kontakt med tilfeldige jenter, mellom 12 og 17 år.

På få minutt går samtalen frå uskuldig prat til trugslar og valdtekter utført over nett.

– Eg trur foreldre i liten grad er klar over kor utruleg fort dette skjer, og kor utsatte barna er, har politioverbetjent Kari-Janne Lid åtvara.

Ei av dei største nettovergrepssakene til no, enda i dag med dom i Oslo tingrett. 27-åringen fekk 15 år fengsel og er dømt til å betale nær tre millionar kroner i erstatning til sine 53 ofre.

Ei av dei største overgrepssakene til no, enda i dag med dom i Oslo tingrett mot ein mann tiltalt for nettovergrep mot 53 jenter.

I samtaleloggane kjem det fram eit tydeleg mønster i korleis han gjekk fram overfor jentene.

Foreldre må forstå at veldig mange unge deler seksualiserte bilder på nett. Det sier politiet i Oslo som ber foreldrene snakke med barna for å unngå overgrep.

ÅTVARAR: Kari Janne Lid har leda avsnittet for seksualforbrytelser i Oslo politidistrikt. Saka mot 27-åringen er ei av dei mest omfattande. – Foreldre forstår ikkje kor raskt det kan utvikle seg til ein nettvaldtekt, seier Lid.

Opnar med å la jentene velje

Det starta med at han utga seg for å vere 18 år og russ, og lova at jentene kunne vere med på fest. Dei måtte berre bestå ein test først.

«Eneste som er kjedelig med unge jenter er at de ofte er litt kjedelige eller feige. Er du?»

«Har en kjapp og morsom test for å se om du er feig eller ikke.»

Dei fekk velje mellom tre alternativ, sende eit bilde av magen sin, av BH-en sin, eller vise trusa.

– Eg tenkte at det ikkje var så farleg med eit magebilete, forklara ei av jentene i retten.

Ho var 14 år då det skjedde. Storesøstera var russ og han lova at ho kunne vere med på russefest.

Neste utfordring. Jenta skulle skru på kamera og vise seg fram. Kanskje brette opp toppen og vise BH-en, eller ta BH-en av.

«Ti sek, så er du ferdig».

Så fortalde han jentene at han hadde filma det heile. Han trua med å sende filmen til familie, vener eller spreie det på skulen jenta gjekk på.

«Tipper venner og familie blir stolte, det er sexy saker».

Jentene fekk ikkje tid til å tenke seg om eller til å varsle nokon. Dei fekk ein frist på nokre minutt, til å gjere som han sa.

«Jeg skal være snill, jeg skal slette de. Gjør som jeg vil i fem minutter, så sletter jeg bildene».

Jentene kunne aldri sjå han eller høyre stemma hans. Han hadde kameraet på, men det var mørkt. Dei kunne høyre han puste og taste på tastaturet, før kommandoane kom i eit chattevindu.

«Er du lydig?»

I dei grovaste tilfella kommanderte han jentene til å finne gjenstandar på rommet sitt til å begå en valdtekt på seg sjølv. Han var aldri i rommet med dei, men han er likevel dømt for valdtekt.

Då politiet la fram chatteloggar, video og bilete for han i avhøyr, forklara han at han ville lage sin eigen porno. Han likte naturlege jenter og ikkje pornoskodespelarar. Han forklara at han ikkje visste kor gamle dei yngte jentene var.

Ei 13 år gamal jente sa til han at ho var 14 år, ho trudde at ho snakka med ein 18-åring.

Tiltalt for overgrep mot 70-talls barn

OVER 70 OFRE: Sakene om nettovergrep blir meir og meir omfattande. I mai blei ein 22-åring i Nord-Troms dømt for overgrep mot over 70 barn, både fysiske overgrep og over nettet.

Foto: Eskil Mehren / NRK

Politimelde aldri overgrep

– Eg grein ikkje mens det skjedde, men eg grein etterpå. Då eg skulle legge meg. Eg grein fordi eg var redd, seier ei jente i retten.

Ho var 14 år då overgrepa skjedde. 27-åringen sende meldingar til henne over ein periode på to veker og kravde at ho logga seg på nettet. Ho forsøkte kome med unnskuldninger for å sleppe.

– Eg følte meg vel eigentleg berre ekkel.

Ho fortalde det ikkje til nokon vaksne, det var for flaut og ho var redd foreldra ville bli sure eller skuffa. Bestevenninna var den einaste som fekk vete. Venninna forsøkte å hjelpe henne med å få ein slutt på trugslane som stadig kom på meldingar.

Det einaste eg hugsar er at eg ville kome meg ut av det sjølv. Utan at familien fekk vete om det.

Jente (15)

Ein kveld låg ho med hovudet i fanget til mora hennar, mens ho sende ei melding til 27-åringen. Ho skreiv at ho hadde fortalt alt til venene sine, og at dersom han ikkje slutta ville ho politimelde han. Mora såg meldinga. Seinare på kvelden kom ho inn på rommet hennar og tok opp det ho hadde sett.

– Eg kasta dyna over hovudet og sa at eg ikkje ville snakke om det. Eg bad henne gå ut, seier jenta.

Det var aldri snakk om å gå til politiet og melde mannen. Ho visste ikkje namnet hans, og all kontakt gjekk gjennom apper slik at ho ikkje hadde eit telefonnummer. Ansiktet hans hadde ho aldri sett.

– Det einaste eg huskar er at eg ville kome meg ut av det sjølv. Utan at familien fekk vete om det. Eg var flau og ville berre gløyme det.

Av dei strengaste dommane

Politiadvokat i Oslo politidistrikt Anders Mandal Funnemark

AKTOR: Statsadvokat i Oslo, Anders Mandal Funnemark, er aktor i saka.

Foto: Ingvill Tandstad

Ei jente ringde politiet og melde til politiet trugslane. Politiet spora kontakten til 27-åringen og ein laptop i Oslo, der dei fann hundrevis av bilete. Då dei hadde namn på 53 jenter, sat dei framleis att med 300 bilete av jenter dei ikkje har klart å identifisere.

Mannen blei tiltalt for ti tilfelle av å ha trua jenter til å begå overgrep sidestilt med samleie, og sju forsøk som ikkje lykkast. I tillegg blei han tiltalt for å ha lura mindreårige til å sende nakenbilete av seg sjølv, for trugslar mot jentene og for oppbevaring av overgrepsbilete av barn.

Berre to av dei 53 jentene melde til politiet.

– Det kan virke som om fornærma i større grad har skamkjensle og skuldkjensle. Terskelen for å kontakte politi og hjelpeapparat er høg, men dei som gjer det verkar som letta, seier statsadvokat Anders Mandal Funnemark.

Nær alle voldtektene er prøvd etter det strengaste straffebudet, fordi voldtektene har skjedd på ein særleg smertefull eller krenkande måte. Aktor la ned påstand om 19 år fengsel.

– 15 år er ein streng reaksjon, men lavare enn påtalemyndighetene sin påstand. Eg tar til etteretning at tingretten meiner dette er riktig straffenivå. Det vil være opp til riksadvokaten å avgjere om dommen blir anka eller godtas, seier Funnemark.

I dommen står det at Oslo tingrett ikkje har har hatt ei så omfattande sak med overgrep begått over nettet. Derfor er dommen ei av dei strengaste på feltet.

– Dette er ei veldig, veldig streng straff og det må vi ha tid til å bearbeide. Eg har råda min klient til å ta betenkningstid fram til ankefristen, seier forsvarer Jørgen Mowinckel.

27-åringen har erkjent det han er tiltalt for, og har forklara seg om overgrep i avhøyr.

– Han har samarbeidd med politiet og eg meiner han burde ha fått høgare tilståingsrabatt. Retten ser annleis på det, seier Mowinckel.

– Blei så skremt at ho gjekk til politiet

Erik Widerøe er bistandsadvokat for ei av jentene som melde til politiet. Det var hennar telefon til politiet som førte til at 27-åringen blei arrestert og at saka blei rulla opp.

– Ho har blitt så skremt at ho, som ein av få, har valt å handle. Ho var så redd for at bileta skulle bli publisert, at ho ringde politiet for å få dei til å stoppe det, seier Widerøe.

Foreldra visste ingenting, jenta synest det var for flaut å snakke med dei om det.

– Mange av jentene vil ikkje ha noko med rettssaka å gjere, seier bistandsadvokat Christian Lundin.

Christian Lundin

VANSKELEG: Bistandsadvokat Christian Lundin opplevde at ein del av dei fornærma ikkje ønska å bli involvert i rettssaka.

Foto: Victoria Wilden / NRK

Han har hatt ei rolle med å koordinere alle bistandsadvokatane i saka. Universitetet i Oslo har hatt forsking på barn som blir utsett for nettovergrep, der ofre blir pressa til valdtekt.

– Nettovergrep er like alvorleg for offeret som andre overgrep og valdtekter. Mellom anna fordi ein har redsel for at bileta ligg der ute, ein veit ikkje kven overgriparen er, og ein kan føle skuld for å ha hamna i situasjonen sjølv, seier Lundin.

– Det går igjen som ein raud tråd gjennom fleire av forklaringane, at dette er tabubelagt. Fleire av jentene seier at dei har lagt dette bak seg og gløymt detaljane, men når dei blir møtt med bevisa så hugsar dei jo, sjølvsagt.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger