NRK Meny
Normal

Forsvarar om politiskytinga: – Politiet har mange andre handlingsalternativ

Forsvarar Odd Ivar Grøn seier det er vanskeleg å sjå føre seg at det var nødvendig å ta i bruk skytevåpen når politiet var på staden med fire utrusta politifolk.

Kvinne skutt på Grønland i Oslo. Politiet og vitner på stedet.

POLITIET SKAUT KVINNE: Det var 18 september at politiet skaut ei somalisk kvinne på Grønland i Oslo etter at hun skal ha trua ein gutt. Kvinne er sikta for drapsforsøk.

Foto: Kjetil Grude Flekkøy / NRK

Odd Ivar Grøn

FORSVARAR: Advokat Odd Ivar Grøn er forsvarar for kvinna som vart skoten. Han meiner det var unødvendig av politiet å skyte.

Forsvararen til kvinna har ikkje sett politidokumentet som NRK har fått tilgang til. Han meiner det er bra med openheit i saka, og at fleire opplysningar kjem fram.

– Det er viktig at det kjem fram at politiet losna skot grunna frykt for eigen tryggleik, og ikkje fordi klienten min skal ha vore i ferd med å angripe guten, slik politiet gav inntrykk av i starten, seier Odd Ivar Grøn til NRK.

– Unødvendig å skyte

Han meiner det var unødvendig av politiet å skyte:

– I den grad politiet såg behov for å få kontroll på ho, er det vanskeleg å sjå føre seg at det var nødvendig å ta i bruk skytevåpen, når dei var på staden med fire utrusta politifolk, seier Grøn.

– Kva meiner du med det?

– Politiet har mange andre handlingsalternativ i ein slik situasjon.

I tillegg til skytevåpen er politifolk utstyrte med peparspray og teleskopbatong, i tillegg til at dei i dette tilfellet hadde skjold.

Politiloven regulerer kva politiet har lov til å gjere:

«Politiet skal ikke ta i bruk sterkere midler uten at svakere midler må antas utilstrekkelige eller uhensiktsmessige, eller uten at slike forgjeves har vært forsøkt. De midler som anvendes, må være nødvendige og stå i forhold til situasjonens alvor, tjenestehandlingens formål og omstendighetene for øvrig».

Vil ikkje kommentere

Spesialeininga for politisaker og Follo politidistrikt etterforskar hendinga. Oslo politidistrikt vil ikkje kommentere saka, men skriv følgjande i ein e-post til NRK:

«Dette er en innberetning om bruk/trussel om bruk av skytevåpen politiet gjør til Politidirektoratet etter en hendelse. Saken etterforskes hhv av Follo politidistrikt og Spesialenheten for politisaker.

Vi må derfor avvente resultatet av etterforskningen, og kan ikke kommentere dette nærmere per nå».

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger