70 år etter Den andre verdskrigen, ber norske Raudekrossen i dag om orsaking for at norske sjukepleiarar blei dømde for landssvik etter å ha tenestegjort på tysk side ved Austfronten.
– Denne orsakinga kjem unødvendig seint. Det hadde nesten vore betre om dei lét vera. No finst det nesten ingen attlevande frontsystrer som får oppleva det, seier forfattar Egil Ulateig.
– Positivt for borna
Ulateig har skrive boka «Fordømte engler: norske kvinner på østfronten» og kjende til mange av frontsystrene. I boka som kom ut i 2004 skildrar han korleis desse kvinnene blei svikta av norske Raudekrossen og dømde for landssvik, stikk i strid med folkeretten.
Betyr det då ingenting at det no kjem ei orsaking frå Raudekrossen?
– Jo, det kan vera greitt for born og barneborn å ikkje ha hengande over seg at mor eller bestemor var ein landssvikar, men eg begynner å bli temmeleg lei av at det skal gå så lang tid før ei gruppe får oppreising når kjensgjerningane har vore framme i så lang tid, seier Ulateig.
- LES OGSÅ: – Et overgrep at mor ble dømt
Noreg var eit av få land som i etterkrigstida straffeforfølgde frontsystrene, til protestar frå Internasjonale Raudekrossen. Norske Raudekrossen var den gongen ein pådrivar for å døma desse kvinnene for å ha hjelpt sjuke og såra tyske og tyskallierte soldatar.
– Det skulle aldri ha skjedd. Ingen skal straffast for å gje medisinsk hjelp i krig og konflikt, uavhengig av kva for ei side av frontlinja dei har bidrege på, seier presidenten i norske Raudekrossen Sven Mollekleiv til NRK og viser til Genevekonvensjonen:
- Les heile orsakinga på Ytring: Unnskyld, frontsøstre
– Raudekrossen i Noreg var knallharde
Mange av sjukepleiarane som melde seg til teneste for tyskarane var tilknytte norske Raudekrossen. Dei var sikre på at dei drog ut i krigen med organisasjonen si velsigning. I staden blei dei straffa i form av fengsel, bøter, tap av borgarrettar og eigedelar.
Er det ikkje forståeleg at medkjensla ikkje sat like laust i det kjølige etterkrigsklimaet?
– Det er klart at akkurat dei første åra etter krigen var dette sårt, men allereie då hadde både det norske folket og det norske Utanriksdepartementet ei langt mildare haldning til frontsystrene. Raudekrossen i Noreg burde sjølvsagt ha lagt seg på linje med norske styresmakter. I staden var dei knallharde, svarar forfattar Ulateig.
Noreg var ikkje det einaste landet som dømde og fengsla frontsystrer. Det skjedde også i blant anna Nederland, Belgia og Frankrike.
– Men dei snudde og bad om orsaking for det ganske fort etter krigen, ifølgje Ulateig.