Hopp til innhold

– Lojalitet er ein fare for rettstryggleiken

– Bruk av tingrettsdomarar som vikarar i lagmannsretten er eit rettstryggleiksproblem, hevdar Arild Humlen i Advokatforeningen.

Arild Humlen

Arild Humlen fryktar lojalitet kan svekke vikar-dommarane sin objektivitet.

Foto: Lars Eie

Den erfarne advokaten leiar rettstryggleikssutvalet i Advokatforeningen. Han meiner desse domarane sin lojalitet til tingretten hindrar ei reell ny uhilda vurdering i ankesaker som blir førte i lagmannsretten.

Stillingsstopp og dommarmangel gjer at domstolane treng vikarar. Lagmannsrettane hentar inn juristar frå offentleg forvaltning, påtalemakta eller advokatkontor, men også mange frå tingretten.

– Lojalitetsproblem

Og det er her problemet ligg, meiner Humlen; at ein anke over dom i tingretten skal behandlast i neste instans av mellom andre ein tingrettssdomar.

– Dommarar vil ha ei lojalitetsforanking til tingretten, og det kan svekke objektiviteten ved overprøving av tingrettsdomar, seier han.

– Ut frå eigne og andre advokatar sine erfaringar kan det verka som det er ein sterkare lojalitet til tidlegare avgjerder i tingretten frå personar som sjølv er henta frå tingretten.

– Er ikkje dette mistillit til deira integritet?

– Det kan ein gjerne sei, men eg meiner det for så vidt er ein godt grunngiven mistillit. Og det er heller ikkje unaturleg at domarar har forankring og lojalitet til det nivået de har jobb i.

– Meiner du det går på rettstryggleiken laus?

– Å svekka ankedomstolen sin posisjon er eit rettstryggleiksproblem.

– Og det har vi i dag?

– Det har vi ut frå den bemanningspolitikken som har vore ført ei stund.

– Trur domarane er godt trent

Leiar dommarforeininga, sorenskrivar Ingjerd Thune avviser Humlen sine påstandar.

– Eg veit ikkje om han har belegg for å seie dette, om han har undersøkingar eller noko å vise til, seier ho.

– Domarar blir utnemnde frå både andre domstolar, påtalemakta og advokatstanden. Eg trur ikkje at det er slik at om du har vore i påtalemakta tidlegare, føler spesiell lojalitet mot påtalemakta når du prosederer saka. Eg trur domarane er godt trent til å opptre objektivt og vurderer saka konkret ut frå fakta og jus, seier Thune.

Ho er lei for at Humlen reiser tvil om domaranes sin integritet.

– I heile Europa bruker dei tilkalla domarar. I Høgsterett er det av og til konstituerte domarar frå lagmannsretten, og lagmannsretten brukar altså tilkalla tingrettsdomarar. Systemet fungerer bra, og det fører til at lagmannsretten får avvikla fleire saker.

AKTUELT NÅ