– Juridiske hinder for å leige soningsplassar i Sverige

– Det er både praktiske og juridiske hinder for regjeringa sitt forslag om å leige soningsplassar i Sverige, seier jusprofessor Kristian Andenæs.

Brev til den svenske justisministeren.

Dette er brevet justisminister Anders Anundsen sende til sin svenske kollega Beatrice Ask i dag.

Foto: Jørn Tveter / NRK
Eirik Veum
Journalist
Olav Døvik
Journalist
Bent Tanstad
Journalist

Andenæs er professor og instituttleiar ved Institutt for kriminologi og rettsvitskap ved Universitetet i Oslo. Han meiner det er fleire problematiske sider ved å kjøpe fengselsplassar i Sverige.

Professor Kristian Andenæs.

Jusprofessor Kristian Andenæs ser fleire juridiske hinder for å leite soningsplassar i Sverige.

Foto: NRK

Det var justisminister Anders Anundsen (Frp) som i dag bad sin svenske kollega Beatrice Ask om svensk hjelp til å få ned dei norske soningskøane, ved å vurdere om Noreg kan få kjøpe kjøpe fengselsplassar i Sverige .

Rettsleg er det eit problem at alle norske innsette er underlagde den norske lovgivinga, inkludert forvaltingslova, og her er det store utfordringar, meiner Andenæs. Det kan skape problem til dømes når den innsette skal sende inn ei klage.

– For fantasifullt

– Skal den norske forvaltingslova gjeld, må svenske styresmakter finne seg i at ei klage skal behandlast av det norske forvaltingssystemet. Det er ikkje sikkert det er så enkelt, seier Andenæs til NRK. Han meiner også at det reint praktisk vil bli vanskelegare for advokatane å ha kontakt med klientane sine, når dei sonar i eit anna land.

Det kan også bli eit problem for familiemedlemer som vil vitje den innsette, trur han. Andenæs peikar også på at språklege og kulturelle skilnader mellom Noreg og Sverige kan skape problem.

Han synest det er flott at regjeringa tek initiativet for å løyse problemet med lange soningskøar, men meiner at initiativet er litt for fantasifullt. Det vil undre han, seier han, om juristane i Justisdepartementet ikkje vil ha innvendingar mot initiativet frå justisministeren.

– Eit enkelt grep for å få ned soningskøane er at kvar innsett blir sett fri nokre få døgn tidlegare. Det har blitt gjort også tidlegare med godt resultat, og det er ikkje registrert skadeverknader, seier Andenæs.

LES OGSÅ: Soningskøen tredoblet på fire år

LES OGSÅ: Stor mangel på varetektsplassar - må leite for å finne ledige fengsel

Fleire på lange straffer

Generalsekretær i Advokatforeningen, Merete Smith.

Merete Smith er generalsekretær i Norsk Advokatforening.

Foto: NRK

Professoren trur ei årsak til at det er mangel på fengselsplassar her i landet, er at det er så mange utlendingar som gjer seg skuldig i alvorleg kriminalitet. Dermed blir dei dømde til lange straffer. I tillegg har det blitt strengare straffer for valdskriminalitet.

Generalsekretær i Advokatforeningen, Merete Smith, stiller seg positiv til initiativet til justisministeren, særleg om det fører til færre brot på reglane om bruk av glattcelle. Ho fortel at mangel på soningsplassar gjer at regelen om at ingen skal haldast på glattcelle i meir enn to døgn, blir broten dagleg.

Smith set også som føresetnad at soningsforholda i Sverige ikkje skal vere dårlegare enn her i landet, og at innsette ikkje må plasserast så langt unna at det blir vanskeleg for familiemedlemer å vitje dei.

LES OGSÅ: Kapasiteten i norske fengsler er sprengt

LES OGSÅ: – En håpløs og uakseptabel situasjon

– Dette er pinleg

Professor emeritus ved Institutt for kriminologi og rettsvitskap ved Universitetet i Oslo, Nils Christie, meiner heile saka er pinleg.

 Nils Christie

Professor emeritus Nils Christie meiner det er pinleg at Noreg må prøve å leige soningsplassar i Sverige.

Foto: NRK

– Det er pinleg at vi aukar vår fangebefolkning, medan ho minkar i Sverige, seier han til NRK. Han peikar på at Noreg i mange år har vore på botn når det gjeld menneske i fengsel, men at vi no er på veg oppover.

Han meiner årsakene er samansette. Samfunnet er meir mobilt, vi har blitt så rike og at vi har stor innvandring.

– I tillegg har vi underkasta oss den idiotiske avtalen om passfridom i Europa. Det forstår eg ikkje, seier professoren.

LES OGSÅ: Fann ikkje fengselsplass - måtte sleppe fri valdsmistenkt mann

Alternativ soning

Han har også inntrykk av at det har vore ei snikinnføring av den nye straffelova, sjølv om ho ikkje er endeleg vedteken. Det har gitt auka straffenivå i ein del saker, meiner han.

Nils Christie meiner fengsel i stor grad er med på å framandgjere dei innsette, og ser på auka bruk av konfliktråd og bruk av elektronisk overvaking som eit godt alternativ i mange saker. Han er også klar på at dei som har sona ferdig ein dom, må få betre vilkår for å kome tilbake til samfunnet.

Dagsrevyen-innslag med intervju Kristian Andenæs.

VIDEO: - Forslag lite gjennomtenkt

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger