NRK Meny
Normal

– Inkassoselskapa må følgje med i timen

Norske inkassoselskap tek for ofte på seg jobben med å krevje inn pengar for tvilsomme utanlandske netthandelselskap utan å sjekke om krava frå selskapet er lovlege, det meiner Forbruker Europa.

Ragnar Wiik

Ragnar Wiik i Forbruker Europa meiner norske inkassoselskap for ofte tek på seg jobben med å krevje inn pengar frå tvilsomme byrå i utlandet.

Foto: cf@kolonihaven.no - CF- Wesenb

– Det vi ser er at fleire og fleire saker kjem av krav via netthandel. Men på denne marknaden er det andre reglar, og når inkassoselskapa kastar seg på krava utan å sjå på reglane, er det eit problem, seier Wiik.

Forbruker Europa fortel at dei opplever ei stadig auke i talet på klager som dreier seg om netthandel, der forbrukaren inngår avtalar med utanlandske selskap som kan ha ulik praksis og til dels useriøs praksis med tanke på avtalar via nett.

Forbruker Europa gir informasjon og rettleiing til norske forbrukarar om rettar og plikter ved handel over landegrensene.

– Inkassoselskapa må følgje med i timen

– Når krava går til inkasso, vil inkassoselskapa ha ei oppmoding om å sjekke krava grundig. Men det skjer ikkje alltid. Når ein går til inkasso på krav som dreier seg om netthandel med eit utanlandsk selskap, så må ein følgje grundig med i timen, seier Wiik.

1 500 nordmenn klaga i fjor til Forbrukarombodet på at dei måtte betale for varer dei aldri hadde bestilt.

Mange som takkar ja til ei gratisprøve, eller til dømes sender inn svar på ein konkurranse, er ikkje klar over at dei samtidig ofte vert lurt til å kjøpe ei vare eller eit abonnement.

– Dette er finurleg lagt opp slik at folk ikkje skal sjå det. Ein må til dømes skrolle seg langt ned på sida etter du har delteke i ein konkurranse. Så vi synest ikkje folk er naive, seier forbrukarombod Gry Nergård.

– Ikkje betal kravet om du er i tvil!

Dersom pengekravet går vidare til eit inkassoselskap, vert mange redde for å hamne i registeret over dårlege betalarar, og vel difor å betale. Det bør dei ikkje gjere, meiner Wiik.

– Nei, det er problemet. Mange trur at dersom ein får eit krav mot seg, så skal det betalast med ein gong, så kan ein sjå om ein får gjort noko med det i ettertid. Det er feil.

Inkassoselskapa pliktar å droppe kravet dersom folk klager og det viser seg at det ikkje er riktig.

Styreleiar i Norske inkassobyråers forening, Bård Bratsberg, meiner at fleste krava er seriøse.

– Lovreglane er heilt klare. det er inkasso si plikt å sjekke at kravet er lovleg. Og det trur eg dei aller fleste gjer, seier Bratsberg.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger