– Eit svært vanskeleg oppdrag

Psykiatrispesialistane Agnar Aspaas og Terje Tørrisen har fått mandatet til å vurdera Anders Behring Breivik på nytt. No ber dei om arbeidsro.

Terje Tørrissen og Agnar Aspaas

Psykiatarane Terje Tørrissen og Agnar Aspaas er truleg dei to som skal laga ein ny rapport om den mentale helsa til Anders Behring Breivik. No gjev dei seg sjølve munnkorg.

Foto: Montasje / NRK

Fredag blei det kjent at Oslo tingrett ønskjer nye sakkunnige rettspsykiatrar til å vurdera terrorsikta Anders Behring Breivik på ny.

Tingretten peikar på fengselspsykiatrane si vurdering, som er i strid med rapporten frå dei tidligare oppnemnde sakkunnige. Dei grunngjev også nye sakkunnige med stor offentleg debatt og kritikk av den første rapporten frå fagfolk.

– Tilsette ved og rådgjevande helsepersonell ved Ila fengsel har ikkje observert teikn på at den sikta er psykotisk. Det er også retta krtikk mot sakkunnig-rapporten frå ulike faglege hald i den offentlige debatten, sa tingrettsdommar Wenche Elizabeth Arntzen under kunngjeringa.

– Viktig å få arbeidsro

Dei sakkunnige som no skal gå laus på oppgåva er habile fagfolk som har jobba i mange år som klinikarar og som har lang erfaring som rettspsykiatrar.

Tørrisen og Aspaas seier i dag til NRK at dei vil ha arbeidsro.

– Det viktige for oss no er å få arbeidsro. For å gjera ein slik jobb er det viktig å trekkja seg litt tilbake. Eg kan difor ikkje kommentera dette og vil heller ikkje gjera det seinere, seier Aspaas som er frå Sandefjord.

Tørrisen frå Hamar uttalar at han tek sakkunnigrolla svært alvorleg, og at han er svært oppteken av teieplikta.

– Det blir eit svært vanskeleg oppdrag. Det er viktig at dei som blir utnemnde får arbeidsro til å utføra oppgåva, seier han.

Har vore inne i hovuda til mange drapsmenn

Dei nye rettspsykiatrisk sakkunnige i Breivik-saken, har tidlegare vurdert overgriparane i Alvdal-saken og skytedesperadoen i Sandefjord.

Terje Tørrissen (52) kjem frå Hamar.

Han er spesialist i psykiatri og tidlegare overlege ved Sjukehuset Innlandet på Sanderud i Hedmark.

Han er ein erfaren rettspsykiatar som har gjort langt over 150 observasjonar dei siste ti åra. Tørrissen har blant anna jobba med den mykje omtala overgrepssaka i Alvdal, der dei to hovudtiltalte fekk 15 års fengsel for årelange seksuelle overgrep mot eigne og andre sine born.

I ein kronikk som stod på trykk i 2007, tek Tørrissen til orde for ei endring i lova om psykisk helsevern:

«Vi kan ikke opptre som politi og bruke psykisk helsevernloven for å beskytte samfunnet mot potensielle forbrytelser (...) Et annet prinsipp er å prøve å få til et «vendepunkt» for pasienten. Hjelp til på nytt å mestre livet er sentralt i behandlingsfilosofien», skreiv Tørrissen.

Agnar Aspaas (56) bur i Tønsberg.

Han var avdelingsoverlege på psykiatrisk avdeling ved Vestfold sentralsjukehus fram til 2004.

Aspaas har ti års fartstid som overlege i akuttpsykiatri og lang erfaring som sakkunnig rettspsykiatar.

Aspaas var blant anna sakkunnig i saka mot skytedesperadoen (64) som vart dømd til 17 års fengsel for drapsforsøk på fire personar i Badeparken i Sandefjord i januar 2011.

Aspaas og dei andre sakkunnige erklærte gjerningsmannen i Sandefjord som ikkje psykotisk og strafferettsleg tilrekneleg.

– Må få same mandatet

Statsadvokatane Inga Bejer Engh og Svein Holden

Statsadvokatane Inga Bejer Engh og Svein Holden meiner psykiatrane som skal undersøkja Breivik i andre omgang, må få same mandat og oppdrag som dei første sakkunnige.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Den første sakkunnig-rapporten har skapa mykje splid, ettersom den konkluderer med at Breivik er paranoid schizofren, har lågt funkjsonsnivå, treng behandling og ikkje kan straffast.

Det er førebels uvisst kva type mandat dei nye sakkunnige vil få. Ifølgje VG Nett vil dei to få eit anna oppdrag enn dei første sakkunnige, rettspsykiatrane Synne Sørheim og Torgeir Husby.

Dei nye sakkunnige skal ifølgje nettavisa sjå etter andre sider ved sjukdomsbiletet til den terrorsikta, kasta meir lys over hans funksjonsnivå og sjå etter samanhengar mellom manifestet og handlingane til Breivik.

Statsadvokatane er imot ein ny rapport om sinnstilstanden til Breivik. Dei meiner denne uansett ikkje kan få same faglege tyngde som den første.

Når retten først vil ha ei ny vurdering, meiner påtalemakta at denne vera like grundig som den første.

– Me forventar at dersom retten nye utnemner nye sakkunnige, må desse få same mandat til å laga ei heilheitleg ny vurdering og ikkje ei tilleggsvurdering til den første rapporten, seier statsadvokat Inga Bejer Engh før dagens pressekonferanse.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger