I morgon avgjer Oslo tingrett om dei ønskjer nye sakkunnige til å laga ein ny rettspsykiatrisk rapport om terrorsikta Anders Behring Breivik (32).
Det skal ha vore svært vanskeleg å finna aktuelle psykiatrar som ikkje allereie har kome med utsegn om Breivik i media, og som difor er inhabile.
Men ifølgje Aftenposten er påtalemakta og bistandsadvokatane i terrorsaka no samde om at tre spesialistar i psykiatri er aktuelle som nye sakkunnige:
- Agnar Aspaas
- Terje Tørrissen
- Jon Geir Høyersten
Dei tre psykiatrane som kan få oppgåva med å gjera ei ny vurdering av sinnstilstanden til Anders Behring Breivik, har mange tunge saker på merittlistene sine.
Terje Tørrissen
Terje Tørrissen (52) kjem frå Hamar.
Han er spesialist i psykiatri og tidlegare overlege ved Sjukehuset Innlandet på Sanderud i Hedmark.
Han er ein erfaren rettspsykiatar som har gjort langt over 150 observasjonar dei siste ti åra. Tørrissen har blant anna jobba med den mykje omtala overgrepssaka i Alvdal, der dei to hovudtiltalte fekk 15 års fengsel for årelange seksuelle overgrep mot eigne og andre sine born.
- LES OGSÅ: Alt om overgrepssaka i Alvdal
I ein kronikk som stod på trykk i 2007, tek Tørrissen til orde for ei endring i lova om psykisk helsevern:
«Vi kan ikke opptre som politi og bruke psykisk helsevernloven for å beskytte samfunnet mot potensielle forbrytelser (...) Et annet prinsipp er å prøve å få til et «vendepunkt» for pasienten. Hjelp til på nytt å mestre livet er sentralt i behandlingsfilosofien», skreiv Tørrissen.
Tørrisen ønskjer ikkje å kommentera ei eventuell rolle som sakkunnig i Breivik-saka.
Agnar Aspaas
Agnar Aspaas (56) bur i Tønsberg.
Han har vore avdelingsoverlege på psykiatrisk avdeling ved Vestfold sentralsjukehus. Han har ti års fartstid som overlege i akuttpsykiatri og lang erfaring som sakkunnig rettspsykiatar.
Aspaas var blant anna sakkunnig i saka mot skytedesperadoen (64) som vart dømd til 17 års fengsel for drapsforsøk på fire personar i Badeparken i Sandefjord i januar 2011.
Aspaas og dei andre sakkunnige erklærte gjerningsmannen i Sandefjord som ikkje psykotisk og strafferettsleg tilrekneleg.
- LES OGSÅ: Alt om skytedramaet i Sandefjord
Aspaas seier til NRK at han vil vurdera å ta jobben som sakkunnig i Breivik-saka dersom retten ber han om det.
Jon Geir Høyersten
Jon Geir Høyersten (69) kjem frå Bærum.
Han er ein erfaren psykiatar og forskar ved kompetansesenter for tryggings- og rettspsykiatri ved Sandviken sjukehus i Bergen.
Han var blant anna sakkunnig rettspsykiatar i saka om Parkeringshusdrapet i Bergen, der Trond Ramsland blei dømd til 20 års fengsel for drapet på eks-kona si i eit p-hus.
I sakkunnig-rapporten slo rettspsykiatrane blant anna fast at Ramsland hadde alvorlege personlegdomsforstyrringar,sterke narsissistiske trekk og mangel på empati. Drapsmannen blei likevel ikkje vurdert som psykotisk i eit rettspsykiatrisk perspektiv og kunne difor dømmast til fengsel.
- LES OGSÅ: Alt om Parkeringshus-drapet i Bergen
– Eg tykkjer det ville ha vore meiningsfullt, interessant og viktig å gjera det, seier Høyersten til bt.no om å eventuelt ta på seg oppdraget med å gjera ei ny vurdering av Breivik.
Breivik-rapport får kritikk
Den eksisterande sakkunnig-rapporten om Anders Behring Breivik var klar i slutten av november i fjor.
I den konkluderte dei sakkunnige rettspsykiatrane, Synne Sørheim og Torgeir Husby med at Breivik er paranoid schizofren og strafferettsleg utilrekneleg.
Rapporten har hausta krass kritikk frå fleire hald, ettersom den argumenterer for at Breivik er så sjuk at han ikkje kan sona i fengsel, men må få behandling ved eit psykiatrisk sjukehus.