Hopp til innhold

– Dette er noko av det mest ekstreme av skogbrannfare vi nokon gong har hatt

Det er ekstremt tørt i det meste av Sør-Noreg, og månadsvarselet til Meteorologisk institutt gir heller ikkje håp om regn av betydning i juli. Det er aller størst skogbrannfare på Sør- og Austlandet.

Brann ved Gjøvikbanen

I går braut det ut fleire skogbrannar langs Gjøvikbanen etter at eit tog hadde bremsa.

Foto: Baard Johansen / NRK

Håkon Mjelstad ved Meteorologisk institutt seier at det er svært stor skogbrannfare på Aust- og Sørlandet, medan det er stor skogbrannfare på Vestlandet.

Lenger nord i landet er skogbrannfaren mindre.

– Mange stader opplever no ein varig skogbrannfare over ein lang periode. Det regnet som kom etter det tørre og varme vêret i mai, var mange stader ikkje nok. Det betyr at ein god del vegetasjon er tørkeskadd, og dermed svært lett kan ta fyr, seier han til NRK.

Meteorolog Håkon Mjelstad

Håkon Mjelstad ved Meteorologisk institutt ser ikkje nokon slutt på det tørre og varme vêret i Sør-Noreg i prognosane for resten av juli.

Foto: NRK

Det er ikkje utsikt til nedbør i dei hardast ramma områda, korkje på tidagarsvarselet eller på det litt meir usikre månadsvarselet. Det betyr at skogbrannfaren mest truleg vil bli svært høg i alle fall i heile juli, fortel Mjelstad.

Han samanliknar situasjonen her med det som er normalsituasjonen i mange land ved Middelhavet, der skogbrannfaren er ekstremt stor heile sommarhalvåret.

– Ikkje tenn opp eld

– Slik situasjonen er no, så tenner du ikkje opp eld i skogen. Det er forbode, seier Hans Kristian Madsen i DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap). Vegetasjonen i bakken er no så tørr at skogbrannfaren held fram.

Skogbrannfare.

Området med svært stor skogbrannfare er markert med oransje, medan det gule feltet er område med stor skogbrannfare. (Kjelde: Meteorologisk institutt)

Foto: NRK

Tidlegare i vår var det varsla om ekstrem skogbrannfare i Sør-Noreg. DSB presiserer at folk må vere varsame, og ikkje stumpe så mykje som ein sigarettsneip i skog og utmark. Søndag kveld var det berre nokre gnistar frå eit bremsande tog som førte til fleire skogbrannar langs Gjøvikbanen.

– Folk må forstå at dette er noko av det mest ekstreme av skogbrannfare vi nokon gong har hatt, seier fungerande seksjonssjef for brann og redning i DSB, Hans Kristian Madsen til NRK.

Størst fare Austafjells

Førebels er skogbrannfaren størst Austafjells, men Madsen fryktar at Vestlandet og resten av Sør-Noreg også vil få høg skogbrannfare dei kommande vekene.

Hans Kristian Madsen, fung. seksjonssjef brann og redning (BRE)

– Folk må forstå at dette er noko av det mest ekstreme av skogbrannfare vi nokon sinne har hatt, seier fungerande seksjonssjef for brann og redning i DSB, Hans Kristian Madsen.

Foto: ODD SKARBOMYR / DSB

Madsen seier at situasjonen er like alvorleg, om ikkje meir alvorleg, enn for ein månad sidan. DSB har ikkje trua på noko betring inntil vidare. Berre eit lite vindpust kan føre til at ein gnist frå ei fyrstikk eller ein sigarett kan bli til storbrann.

– Berre gnistar frå eit tog eller ein sigarettsneip er nok til å starte ein brann. Det såg vi seinast under skogbrannen i går.

– Ikkje tenk på bålbrenning

Frå 15. april til 15. september er det eit lovpålagt generelt forbod mot å gjere opp eld i skog og utmark. I tillegg til dette finnast det ei generell plikt til å vere aktsam, som seier at ein alltid skal vere forsiktig når ein gjer opp eld, og at ein alltid skal vurdere situasjonen nøye.

– Det er ingen grunn til å lure på om ein kan gjere opp bål no, seier Madsen.

I Oslo har brannsjefen valt å stenge dei offentleg godkjende bålplassane i marka. Branninspektør i Brann- og redningsetaten i Oslo kommune, Sigurd Folgerø Dalen, fortel til NRK at dei ber folk vere særs varsame når det kjem til å tenne eld.

Sigurd Folgerø Dalen

Branninspektør i Brann- og redningsetaten i Oslo kommune, Sigurd Folgerø Dalen, seier folk må vere ekstra varsame når dei skal gjere opp eld i sommar.

Foto: Lars Magne Hovtun / Oslo Brann- og redningsetat

– Sidan vi er i ein periode med eit generelt bålforbod, inneber det at all bruk av open eld i skog og mark no er forbode, inkludert på øyene i Oslofjorden.

Utover dette er det kravet til å vere aktsam som gjeld. Om ein bryt plikta om å vere aktsam, kan det føre til bøter eller erstatningsansvar.

– Publikum må derfor vere ekstremt forsiktig med bruk av eingongsgrillar og andre typar grillar, og vere sitt ansvar bevisst, seier Dalen.

Følger situasjonen nøye

Til no har DSB sett inn åtte disponible helikopter i beredskap, og det kan auke om situasjonen blir verre. Det er sjeldan så mange helikopter står klar på bakken når det er skogbrannfare.

– No går vi òg inn i ein periode med ferieavvikling, og vi har færre menneske å spele på i felt. Sivilforsvaret er klare til å hjelpe til, men folk skal på ferie der også. Beredskapen vi har er god, men vi har ikkje eit stort overskot av ressursar, seier Madsen.

Sivile hjelper med slukking

Under skogbrannen langs Gjøvikbanen i går, bidrog dei sivile med sløkkinga.

Foto: Olav Juven / NRK

I Oslo kommune har dei rigga seg til slik at dei har rask tilgang til utstyr dei treng til ein skogbrann.

– Det blir no viktig å formidle det ansvaret som ligg på den enkelte innbyggjar, slik at dei gjer så godt dei kan for å redusere sannsynet for at vi får skogbrannar framover, seier branninspektør Sigurd Folgerø Dalen.

AKTUELT NÅ