Hopp til innhold

Ho fryktar meir kriminalitet i arbeidslivet etter gjenopning

Skatteetaten fryktar auka arbeidslivskriminalitet når landet opnar opp igjen. Digitalt kompetente multikriminelle kan gi meir svindel, svart arbeid og menneskehandel.

Skattedirektør Nina Schanke Funnemark

TRUSSELVURDERING: Skattedirektør Nina Schanke Funnemark ser større risiko for svart arbeid og skattekriminalitet etter gjenopninga av landet.

Foto: Andreas A. Vatnøy/Skatteetaten

«Skatteetaten vil svært sannsynleg stå overfor ein auka trussel innan arbeidslivskriminalitet ved ei normalisering av samfunnet.»

Det er klar tale i trusselvurderinga skattedirektør Nina Schanke Funnemark står bak. Ho utdjupar overfor NRK:

– Kombinasjonen av ein pressa økonomi og høg arbeidsløyse i svært mange land, og eit behov for arbeidskraft i Noreg, kan leggje til rette for større grad av arbeidslivskriminalitet.

Bygg- og anlegg

Bygg- og anleggsbransjen har vore under lupa i fleire år, og skattekrimsjef Erik Nilsen er opptatt av å følgja denne næringa når Noreg opnar opp igjen.

– Vi må heila tida spørja «Kven er der ute no og har store oppdrag i bygg- og anleggsbransjen?»

Her ligg det mykje informasjon som vi hentar inn ved å vera ute på byggjeplassane, seier han.

Svart arbeid og misbruk av enkeltmenneske

Skattedirektør Nina Schanke Funnemark ser også alvorleg på faren for falske dokument og falske arbeidspapir for å få innpass på den norske arbeidsmarknaden.

– Her er det både risiko for svart arbeid og for større kriminalitet gjennom nettverk og misbruk av enkeltmenneske. Her vil eg apellere til alle norske borgarar om å følgje med når vi etterspør tenester, seier ho.

I trusselvurderinga peikar Schanke Funnemark også på dei ho kallar tilretteleggjarar for skattekriminalitet.

– Det er alltid ein risiko for at tilretteleggjarar for dei som ønskjer å driva med skattekriminalitet vil få innpass i ulike miljø. Det vi har vurdert i denne trusselvurderinga, er ulike typar rådgjevarar. Dei aller fleste er seriøse og gjer ein skikkeleg jobb, men du har nokre unntak som hjelper dei skatte- og avgiftskriminelle, seier ho.

Profesjonelle legg til rette for kriminalitet

I trusselvurderinga blir det vist til ein rapport som blei utgitt av OECD (Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling) i februar. Der går det fram at avansert økonomisk kriminalitet ofte blir tilrettelagt av profesjonelle aktørar som advokatar, rekneskapsførarar og finansinstitusjonar.

Illustrasjon - digital kriminalitet
Foto: Faksimile Skatteetatens trusselvurdering

Kompetente fagfolk i seriøse stillingar i privat eller offentleg sektor kan altså stå bak.

– Dette er kompliserte saker og det er kompliserte rekneskap. Ein skal ha innsikt i systema, seier Schanke Funnemark .

– Tenkjer du også på utru tenarar i det offentlege?

– Det kan det også vera i denne samanhengen. Absolutt.

– Til og med i skatteetaten?

– Det er i alle fall noko vi følgjer veldig tett med på og har gode system og rutinar for å følgja med på.

Digitalisert kriminalitet

Gjennom pandemien er svært mykje blitt digitalisert. Det har mange fordelar, men også nokre ulemper når digital kompetanse blant kriminelle gjer det lettare å driva kriminalitet.

Erik Nilsen, skattekrimsjef

Skattekrimsjef Erik Nilsen

Skattekrimsjef Erik Nilsen vil ikkje gå langt i å fortelja om arbeidsmetodane dei nyttar for å få has på skattekriminelle. Men han går langt i å slå fast at det ikkje er bortkasta skattepengar å ha 65 tilsette i etterretningsseksjonen i skatteetaten:

– Eg er ikkje i tvil om at det løner seg for skatteprovenyet i Noreg!

Skatteproveny er dei totale skattar og avgifter som blir betalt inn til staten.

AKTUELT NÅ