Hopp til innhold

Vonar at ferske milliardar skal berge fleire tusen arbeids­plassar

Adventstida har blitt krisetid for byggnæringa i Norge, men 5 ferske julemilliardar frå regjeringa sporar til ei strime av optimisme.

Soloppgang Oslo

FORSIKTIG OPTIMISME: Politiske tiltak som å gje meir pengar til Husbanken og å mjuke opp permitteringsreglane kan hjelpe mot krise i byggnæringa, meiner både NHO og LO.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Over heile landet blir det meldt om nedgang for alle dei som sørger for vi får nye hus å bu i og nye bygningar å jobbe i.

Dei to neste åra kan så mykje som 30.000 årsverk forsvinne, trur NHO.

Seinast måndag blei det klart at byggvarekjeda Maxbo må permittere rundt 100 av dei 1500 tilsette.

Trond Bentestuen, konsernsjef i Maxbo, seier til E24 at utviklinga i marknaden i haust har vore brutal og dramatisk.

– Det sit langt inne å gå til permitteringar. Men til slutt hadde vi ikkje noko val for å kunne oppretthalde ei forsvarleg drift, seier han til avisa.

Ifølgje Bentestuen skal permitteringane bli fordelt på alle avdelingar, men ikkje nødvendigvis likt mellom dei.

Byggebransjen har hatt mange år med god inntening, men i fjor bremsa renteoppgangen kjøpelysten etter nybustader.

Renta har blitt sett opp fordi norsk økonomi er sterk, blant anna er ledigheita framleis nær tidenes lågaste.

Maxbo illustrasjonsfoto

Maxbo er ei av mange bedrifter i byggnæringa som må ty til drastiske tiltak no før jul.

Foto: NTB

Pengar til Husbanken

Også andre merkar konsekvensane. 1. desember måtte Bergens-entreprenøren Vestafjells gå den tunge vegen til skifteretten.

– Selskapet hadde kontraktar som viste at det var håp, men dessverre har det vist seg at marknaden forverra seg ytterlegare.

Det seier bustyrar for selskapet, Bjørn Åge Hamre, til Bergens Tidende.

Talet på konkursar i byggnæringa er opp 30 prosent hittil i år og talet på heilt arbeidsledige har auka med over 2500 personar sidan november i fjor.

Men semja mellom regjeringspartia og SV om statsbudsjettet gir likevel grunn til optimisme, meiner Byggenæringens landsforeining (BNL).

Administrerende direktør i Byggenæringens landsforening, Nina Solli står ved et gjerde til en anleggsplass.,

Nina Solli er administrerande direktør i Byggenæringens Landsforening i NHO.

Foto: Byggenæringens Landsforening

Kan miste 30.000 årsverk

– Her er det midlar som kan gje aktivitet i byggenæringa alt i 2024, seier toppsjef i BNL, Nina Solli til NRK.

Det er pengar som kan gå til alt frå startlån til dei som skal kjøpe eller bygge for første gong, studentbustadar og til dømes flyktningbustadar.

Også ein milliard frå staten til energieffektivisering og vedlikehald av jernbane er med på å styrke framtidstrua, trass dystre spådomar.

Ho fryktar at det dei to neste åra kan forsvinne omsetning i næringa på om lag 30 milliardar kroner, noko som vil tilsvare om lag 30.000 årsverk.

– Vi har jo sagt at det verste ligg framfor oss, seier Solli.

Men både ho og LO-giganten Fellesforbundet trur regjeringa vil setje inn enda fleire tiltak for å hindre ei total krise og lågkonjunktur.

– Fasiten om kor stor krisa blir veit vi først om eitt år, seier Christian Justnes.

Vil endre reglane

Han er forbundssekretær i Fellesforbundet og opplever eit høgt trykk no på kva framtida blir for alle dei som jobbar med bygg og anlegg.

– Dette handlar også om politiske tiltak og viljen til å gjennomføre dei, seier Justnes.

Både arbeidsgjevarane og fagrørsla ønskjer no at reglane for permittering i byggebransjen blir mjuka kraftig opp for å hjelpe mot den venta krisa.

Dei ønskjer mellom anna at regjeringa endrar reglane slik:

  • Auke permitteringstida frå 26 til 52 veker
  • Senke lønsplikta til arbeidsgjevarane frå 15 til 5 dagar

På den måten meiner begge partane at det blir lettare å halde på fagfolka den dagen renta går ned og økonomien snur igjen.

Oslo 20231016. 
Erling Sande (Sp) overtar posten som kommunal- og distriktsminister etter Sigbjørn Gjelsvik.
Foto: Lise Åserud / NTB

Kommunal- og moderniseringsminister Erling Sande (Sp).

Foto: Lise Åserud / NTB

– Ei handsrekning

Det at Husbanken no får 5 milliardar ekstra til utlån neste år, er eit resultat av krav frå SV i budsjettforhandlingane med regjeringa.

Finanspolitisk talsperson i SV, Kari Elisabeth Kaski, er særs nøgd.

– Det er å få ein mykje kraftigare husbank som kan bidra til ein sosial bustadpolitikk i Norge, seier Kaski.

Ho trur også at dessepengane vil bidra til å halde byggnæringa oppe i ei vanskeleg tid.

Det kan halde folk i arbeid og halde viktig bustadbygging oppe, seier ho.

Kommunalminister Erling Sande (Sp) seier til NRK måndag kveld at han forstår at situasjonen i byggnæringa er alt anna enn lystig om dagen.

Han også peikar på 5 milliardar ekstra til Husbanken som eit verkemiddel som kan demme opp noko for nedgangstidene.

– Det er ei viktig handsrekning til byggnæringa vår der mange av aktørane kjenner på at det er veldig krevjande tider, seier Sande.

Han vil førebels ikkje seie kva regjeringa gjer i høve permitteringsreglane, særleg sidan dette ligg under eit anna departement.

– Men eg har uansett tatt initiativ til eit møte med byggnæringa tysdag, fortel Sande.

Der vil partane drøfte kva tiltak som kan hjelpe i den vanskelege tida vi har føre oss.

AKTUELT NÅ