Hopp til innhold

- Vil ta vår del av ansvaret

- Det er viktig at vi greier å hindre at den globale temperaturen stig med meir enn to grader i dette århundret, seier miljøvernminister Helen Bjørnøy (SV)

Helen Bjørnøy og Eystein Jansen
Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Bjørnøy sa dette i samband med at FNs klimapael presenterte den fjerde hovudrapporten sin i føremiddag.

Miljøvernministeren gjorde det klart at Noreg må ta sin del av dette ansvaret, sjølv om ho, klok av skade, ikkje ville talfeste den norske innsatsen noko meir.

- Både i-land og u-land må delta i denne felles dugnaden, sa ho blant anna.

 - Det som skremmer meg mest i denne rapporten er at det blir slått fast at den globale oppvarminga er sjølvforsterkande. Vi må gjere noko aktivt for å stanse dette, sa Helen Bjørnøy blant anna.

Ho meiner rapporten vil få stor innverknad på dei forhandlingane som no kjem om nye og strengare krav til klimautslepp.

- Rapporten seier at vi kan få temperaturauke på opptil seks grader om det ikkje blir sett i verk nye tiltak. Det er nesten vanskeleg å førestille seg rekkevidda av dette, sa miljøvernministeren.

- Denne rapporten er full av ubehagelege sanningar, sa ho.

Ho gjorde det klart at det no er tid for å handle, og at Noreg skal vere ein synleg og aktiv pådrivar i dette arbeidet framover.

Eystein Jansen frå Bjerknessenteret er ein av dei som har delteke i arbeidet med den nye klimarapporten. Han meiner at denne rapporten  er mykje mindre usikker enn tidlegare rapportar.

- Jorda blir oppvarma. Tempoet aukar. Rapporten viser klart at det er naudsynt med store utsleppsreduksjonar. 20 prosent dei neste 20 åra er ein god start, men vi må redusere med 50-60 prosent i løpet av dei neste 50 åra, seier han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger