Hopp til innhold

- Regjeringa bryt skulelovnadene

Regjeringa er langt ifrå å innfri skule-lovnadene frå Soria Moria-erklæringa.

Lekser
Foto: Bettina Brinkmann / Maxppp

Nestleiar i Utdanningsforbundet, Per Aahlin, er overraska over kor lite regjeringa har fått til.

- Me var veldig glad for mykje av det som stod i Soria-Moria, men når dei ikkje når måla kan me vel ikkje seia at dei har vore særskild vellukka.

Video: Bård Vegar Solhjell får kritikk frå nestleiar i Utdanningsforbundet, Per Aahlin

Video nsps_upload_2008_10_8_8_49_35_426.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Færre lærarar og skuletimar

I Soria Moria-erklæringa sa regjeringa at elevane på barnetrinnet skulle få 28 undervisningstimar i veka.

- Me har ikkje fått alle dei timane som vart lova, til dømes til mattematikk og norsk, seier Høgres Ine Eriksen Søreide.

Det vart òg sagt at kontaktlærarar ikkje skulle ha ansvar for meir enn 15 elevar.

- Det er òg brot på løfta om at det skulle koma fleire lærarar i skulen, seier Eriksen.

Skulefritidsordninga er framleis dyr, og berre ungdomsskuleelevar får frukt og grønt.

- Eg trur ikkje det hadde sprengt budsjettet om dei hadde utvida ordninga til å gjelda barnetrinnet også, seier Aahlin.

- Skulefritidsordninga skulle bli betre og billigare, men det er ikkje vorte meir satsing på skulefritidsordning i dette budsjettet, seier han.

- Eit stykke igjen

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell har prioritert vidareutdanning og rekruttering av lærarar i budsjettet.

Han innrømmer at det er eit stykke igjen til skulevisjonen frå Soria Moria.

- Me har teke viktige steg i denne perioden, men målet er eit stykkje unna.

- Me veit at dette er ei utvikling som må skje gradvis, fordi det trengst kvalifiserte lærarar og me må ha tid til å omstilla skulen til ein ny kvardag.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger