Hopp til innhold

- Kommunane må opna seg!

Kommunane må gjera det lettare for mediene og folk flest å få innsyn i planar og vedtak i kommunane. Det seier kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Magnhild Meltveit Kleppa
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Ei ny lov om offentlegheit i forvaltninga skal gje oss alle betre innsyn i kva styresmaktene steller med.

Lova gjelder mellom anna kommunane, og trer i kraft frå nytttår.

- Eg kjem til å sende eit særskilt brev til alle kommunane og minna dei om dei unike mogelegheitene som ligg i den nye lova, seier Kleppa.

- Det kan trengast!

- Det kan trengast, skal me tru Arne Jensen, assisterande generalsekretær i Norsk Redaktørforening og leiar i offentlegheitsutvalet til Norsk Presseforbund.

- Det er veldig vareierande praksis mellom kommunane. Nokre er svært flinke med opne haldningar og innstilling medan andre har etablert lukka-kultur der både byråkratar og politikarar har det nærmast under huden at det gjeld å minst mogeleg innsyn, sier Jensen.

Men han får ikkje støtte i synet sitt hos alle.

Dryg påstand

- Eg tykkjer den påstanden er dryg og kan ikkje forstå at dette er rett i forhold til den kommunekvardagen eg opplever.

Det seier May-Britt Nordli i KS- kommunane sin interesseorganisasjon.

- Folkevalgte er på valg kvart fjerde år og dersom dei held seg til ein lukka-kultur så får ein kaste dei folkevalde, sier ho.

Lettare innsyn i selskap

Den nye lova gjer det lettare å få innsyn i saker som gjeld kommunale og interkommunale selskap, der det offentlege er den dominerande eigaren.

Lova gjeld i saker der kommunale selskap ikkje konkurrerer med private selskap om oppdrag.

- No har innbyggjarane nye mogelegheiter til å sjå kva som blir drøfta i desse selskapa, seier kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

AKTUELT NÅ