Hopp til innhold

- CO2-reinsing blir dyrare

- Det blir langt dyrare å reinse CO2-utsleppa på Mongstad enn det regjeringa har lagt opp til, meiner Børge Brende (H).

Mongstad
Foto: Bjørn sigurdsøn, Sigurdsøn, Bjørn

Brende er nestleiar i energikomiteen på Stortinget. Han meiner regjeringa er på villspor når dei seier at eit fullskala reinseanlegg kjem til å koste fire milliardar kroner meir.

- Fire milliardar er heilt urealistisk, seier han.

Det var sist veke at Statoil fekk konsesjon til å byggje eit gasskraftverk på Mongstad utanfor Bergen.

 

 

Børge Brende
Foto: Erlend Aas / Scanpix

Føresetnaden for konsesjonen er at eit fullskala reinseanlegg skal vere på plass i 2014. Det er staten som skal betale dette reinseanlegget, og regjeringa sitt reknestykke er på om lag fire miliardar kroner.

Statsminister Jens Stoltenberg  (Ap) meiner det også kan bli billegare, fordi det ikkje skal vere reinsing frå dag ein.

- Dette kan ikkje stemme, seier Børge Brende. Han viser til at NVE tidlegare har rekna ut kostnadene for eit gasskraftverk på Tjeldbergodden i Møre og Romsdal til 10 milliardar kroner.

- Og Tjeldbergodden eit enklare anlegg enn Mongstad, så her er det noko som ikkje stemmer, seier Brende.

Statsminister Jens Stoltenberg synest det er synd at opposisjonen brukar tid på å kritisere Mongstad-planen. Han meiner planen er god, og at ei trinnvis utvikling av reineanlegget vil sikre at vi får det siste innan teknologi, og at prisen ikkje blir for høg.

 

 

 

AKTUELT NÅ