Hopp til innhold

- Blir sjeldan straffa for valdtekt

Mange politifolk har altfor dårleg kunnskap om handtering av valdtektssaker.

Kriminalteknikere jobber på åstedet
Foto: Erik Engen / NRK

Det kjem fram i ein rapport som Riksadvokaten si arbeidsgruppe legg fram seinare i dag.

Den siste tida har det blitt rapportert om ei rekkje overfallsvaldtekter og valdtektsforsøk i Oslo. Det same skjedde i fjor sommar. Likevel endar slike saker svært sjeldan med at valdtektsmannen blir straffa.

- Skandaløst, seier Hege Salomon, som er bistandsadvokat for ei rekkje valdtektsoffer. No sit ho også i eit regjeringsoppnemt utval som skal betre situasjonen for valdtektsoffer.

- Politiet gjer ikkje jobben

Salomon er godt kjent med at politiet ikkje alltid gjer jobben sin etter ei valdtekt.

 

Hege Salomon
Foto: Marion Solheim / NRK

- I fleire tilfelle har saker blitt henlagt, der politiet ikkje har gjort viktige etterforskingsgrep med ein gong. Som for eksempel å sjekke overvakingskamera - slik at filmane i mellomtida har blitt sletta, eller som å la vere å snakke med viktige vitner fort nok. Og då kan det vere for seint. Det har fleire av klientane mine opplevd, seier Salomon.

Sett ned arbeidsgruppe

Riksadvokaten har no sett ned ei arbeidsgruppe som skal gå gjennom valdtektssaker som har enda med frifinning. Dei har gått gjennom 100 slike saker, og rapporten skal offentleggjerast seinare i dag.

Etter det NRK erfarer konkluderar utvalet med at politiet i mange tilfelle manglar kompetanse når det gjeld valdtektssaker.

Leiar i Politiets Fellesforbund, Arne Johannesen, seier det er blitt ein folkesport å kritisere politiet. - Men våre folk gjer utruleg mykje bra ut i frå ressursane vi har, seier han.

Det som blir gjort dei første timane etter ei valdtekt kan nemleg avgjere om gjerningsmannen hamnar i fengsel eller går fri.

No vil Riksadvokaten sitt utval komme med forslag til tiltak i politietaten. Mellom anna vil utvalet ha ei nasjonal handbok for politifolk, der rutiner og etterforskingsgrep i valdtektssaker er krystallklare.

AKTUELT NÅ