- Det er ingenting i Bibelen som legitimerer det å slå barn, melder Leiarrådet i Pinserørsla til NRK Nettnyheter.
Sei di meining nedst i artikkelen.
Etter at regjeringa kom med framlegg om å endre lovverket for å gjere all klapsing av barn forbode, har debatten om fysisk straff av barn blussa opp.
Førre veke sa tidlegare leiar for Somalisk Ungdom i Lillehammer, Mohammed Osman Yusuf, at det av og til
, og i helga fekk han støtte frå pastor Jan Aage Torp i pinsekyrkjelyden Oslokirken.Torp uttalte at
.- Eg trur det kan vere høve der det kan vere naudsynt, og det byggjer eg ikkje minst på Bibelen. I Hebrearane, kapittel 10, fortel forfattaren veldig klart at ein far som elskar barna sine, vil gje dei tukt. Forfattaren skildrar det i ganske sterke ord, så ein forstår at det ikkje berre er å setje positive grenser, men også å kunne gje ei fysisk grense som kan opplevast smerteleg, understreka pinsepastoren.
Dette er ytringar Leiarrådet i Pinserørsla tek sterk avstand frå.
- Torp uttaler seg på ingen måte på vegne av Pinserørsla. Dette er ytringar på vegne av han sjølv, seier Andreas Hegertun, som er pastor i Filadelfia i Oslo.
- Samde med barneombodet
I ei melding til NRK Nettnyheter skriv Leiarrådet i Pinserørsla at dei er samde med barneombod Reidar Hjermann om at det ikkje finst noko i Bibelen som legitimerer det å slå barn.
Les:
- Kyrkja skal formidle Guds vilkårslause kjærleik overfor barna, og vi finn absolutt ingen teologisk grunngjeving for å bruke fysisk vald som straff når barn gjer noko gale. Tvert imot. I ei tid der det var vanleg å setje barn til side, tok Jesus dei på fanget, seier nestleiar Sigmund Kristoffersen i Leiarrådet.
Vil gjere klapsing forbode
- Torp meiner Hebrearbrevet legitimerer det å tukte barn. Tek han feil?
- Vi tolkar det annleis. Det er ein framand tanke i kristen tru å øve vald mot barn. Bibelen fortel om å irettesetje barn. Det kan ein gjere med ord, seier Andreas Hegertun.
Han det også heilt klart at Pinserørsla støttar regjeringa sitt framlegg om å gjere all klapsing av born forbode gjennom lov.