En lang, mørk gang med et vindu i enden.

I enden av denne gangen, inn døra til venstre, blei Ola Dan Eide funnen død i 1963.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Døden på rom 106

På ein kaserne ved Bodø hovudflystasjon blir ein mann funnen død, naken frå livet og ned. Kvifor kan ingen snakke om det som skjedde?

– Eg kom jo ingen veg. Ho var heilt taus.

Berit Eide Skjørtvedt skulle få vite meir om faren sin når ho blei eldre. Mora Gerd har gitt ho den lovnaden mange gongar.

Det einaste Gerd har fortalt er at faren døydde i eit flyhavari i 1963. Og at han var «den store kjærleiken».

Men Berit har mange spørsmål. Den siste moglegheita til å få mor Gerd i tale er på eit rom hos Støren Helsesenter i Trøndelag, 2014. Gerd har kreft og legen er tydeleg:

Dette er tida for å snakke om dei har noko usagt.

Men heller ikkje på dødsleiet klarar Gerd å fortelje dottera det ho har lova.

Ho formidlar berre at «ho angrar».

Berit Eide står ved vinduet og ser ut.

Berit Eide Skjørtvedt spurde mor si om korleis faren døydde mange gongar gjennom oppveksten. Men mora ville ikkje fortelje.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Fast bestemt på fleire svar, kjem Berit over ein artikkel etter at Gerd døyr. Artikkelen nemner faren hennar, Ola Dan Eide.

Men opplysingane går ikkje overeins med det ho er blitt fortald.

Ola Dan var i eit flyhavari, men i 1956. Dessutan overlevde han. Sju år seinare blir han funnen død på ei kaserne i 1963.

Kva var det som førte han dit?

Etterretningsoffiseren

Ola Dan Eide vaks opp i ein strengt religiøs heim saman med søstera Kjellfrid.

Familie og kollegaer fortel om ein kjekk mann som alltid har eit artig påfunn på lur. Eit sosialt vesen med omsorg, godt humør og temperament.

Ola Dan var odelsgut frå Eide-garden på Sandane i Nordjord. Men han var ikkje interessert i å ta over garden.

Ola Dan ville bli flygar. Han jakta draumen om toppmoderne teknologi og sølvblanke jagarfly.

Ola Dan Eide i eit av flya han flydde som jagerflypilot. Han har på seg flydress og sele mens han ser ut i lufta.

Ola Dan Eide som flygaraspirant på Flyskolen.

Foto: Privat bilde frå familien Eide

Året er 1952.

Ola Dan treffer nålauget blant hundrevis av søkarar og kjem inn på opptak til Flyskulen.

«Flying high average» står det i papira til Ola Dan. Tre personar i kullet kunne skilte med den beskrivinga.

Ola Dan blir ein av få som skal fly fotorekonoseringsfly: Norske fly som tar hemmelege bilde langt innover Sovjet.

Mens Ola Dan ventar på å kome i gang med sin nye jobb fungerer han som instruktør på Flygeskulen på Værnes. Her går det frykteleg gale.

Saman med ein kollega hamnar Ola Dan i eit brutalt, alvorleg flyhavari.

Kollegaen døyr. I eit kvarter sit Ola Dan fastklemt saman med flymakkeren før hjelpa kjem.

Ola Dan mistar høyrselen på venstre side. Han får innskrenka synsfelt, skade på synsnerven og redusert sidesyn.

Skaden er permanent og Ola Dan mistar flypapira.

Ola Dan kjem seg til hektene, men kan ikkje lenger jobbe operativt. Han blir sendt til USA og tar vidareutdanning innan etterretning.

På denne tida leverer USA sin president Dwight D. Eisenhower dei første amerikanske jagarflya til Noreg. Det er kald krig og spente forhold internasjonalt. Også mellom Noreg og Sovjet.

Ola Dan blir etterretningsoffiser og jobbar med strengt hemmelege planar for Noreg sitt luftforsvar.

Men han får også tid til kjærleik.

På Værnes i 1959 møter Ola Dan si komande kone, Gerd. Ein av dei få tinga ho fortel dottera si om Ola Dan, var at han var den store kjærleiken.

Eit gamalt portrettfoto av Ola Dan Eide, med skjorte, dressjakke og slips mens han ser i kamera og smilar.

Eit gamalt portrettfoto av Ola Dan Eide.

Foto: Privat bilde frå familien Eide

25 år gamle Gerd blir med 34 år gamle Ola Dan til Bardufoss der dei bur i ei lita militærleilegheit i Olsakergården.

Her blir dei foreldre for første gong til vesle Berit i 1963.

Ho rekk aldri å bli ordentleg kjent med faren sin.

Bryllupsbilde av ekteparet Ola Dan Eide og kona Gerd Eide

Ola Dan Eide og Gerd Eide blir ektefolk.

Mor Gerd og dottera Berit i barnedåp

Bilde frå dåpen til Berit, der Gerd held ho i armane.

1963

Tysdag 12. november:

Ola Dan legg ut på ei jobbreise som mange gongar før, denne gongen til Bodø. Gerd veit ikkje kva han skal eller eksakt kor lenge han blir vekke.

Ola Dan har ordna seg verken overnatting, mat eller transport i Bodø på førehand. Men på militærleiren får han seg opphald på kaserne G, rom 106, på litt mindre enn åtte kvadratmeter.

Natt til onsdag melder ein bebuar i andre etasje om banking i røyrsystemet og oppkastlydar i femtida på morgonkvisten. Det blir ikkje gjort noko meir med det – det hadde hendt før at folk festa på romma.

Onsdag 13. november:

Klokka to er ei vaskedame på tur inn på rommet til Ola Dan. Nøkkelen står i døra på utsida. Det var som regel eit teikn på at rommet var klart til reingjering.

Ho opnar døra, kikar inn og ser ein mann i senga. Ho ryggar ut igjen og vaskar naborommet.

I vitneforklaringa beskriv ho å ha høyrt ein «mordarlatter» og sparking i senga mens ho vaskar naborommet. Ho gjer seg ferdig og forsvinn ut av kasernen.

Torsdag 14. november:

Ei kvinne bur på kasernen saman med si nyfødde dotter mens ho ventar på å få ei militær leilegheit i Bodø. På veg ut høyrer ho lydar, surkling og tung pusting frå rom 106. Redd skunda ho seg ut.

Ein time seinare, då ho er tilbake, er det heilt stille.

Opplysingane kjem frå politidokument som NRK har sett.

Det har no gått eitt og eit halvt døgn sidan Ola Dan kom til rom 106.

Heime i Bardufoss blir Gerd redd. Til vanleg blir ho trygga av Ola Dan si faste vane. Han ringer så å seie kvar kveld.

Men dei siste dagane har ho ikkje høyrt frå Ola Dan.

Gerd blir redd og får ein følelse av at noko må ha skjedd. Ho søker råd hos nabokona, Eldbjørg, og tar med seg vesle Berit på vegen dit. Eldbjørg har ein mann i Forsvaret som jobbar ein times biltur unna Bodø hovudflystasjon kor Ola Dan sjekka inn.

Det blir han si oppgåve å finne Ola Dan. Litt over midnatt ringer han Bodø hovudflystasjon.

Daghavande offiser tar telefonen og ser etter Ola Dan i overnattingslistene hos Bodø hovudflystasjon, kor han har fått rom 106.

Men namnet hans står ikkje der.

Døden på rom 106

Fredag 15. november:

Klokka har passert halv tre natt til fredag når han som er på vakt tar bekymringstelefonen og vekker forlegningsoffiseren frå nattesøvnen. Ein halvtime seinare bankar sistnemnde på døra til rom 106 på befalskaserne G.

Ingen svarar.

Han opnar døra inn til eit rom i kaos: Med urin, oppkast og blodflekkar på veggen.

Politibilde av senga der Ola Dan Eide blei funnen død

Det er Ola Dan som ligg på golvet med hovudet inn mot senga. Naken frå livet og ned, berre iført helsetrøye og skjorte.

Bildet viser rommet der Ola Dan Eide blei funnen død i 1963.

Klede ligg strødd utover rommet.

Bildet syner eit skatoll med bilde av ein A skriven i skritt, på oversida ligg det eit slips.

På eit skatoll er det teikna ein stor bokstav A med kvitt krit.

Halsen til Ola Dan har tre store kloremerke. På rommet blir det også funne ein pose med to umerkte piller, pakka inn i cellofan.

Per Angel er mangeårig krimteknikar i Kripos.

Han stussar over kva som blei gjort i etterforskinga etter at Ola Dan blei funnen og erklært død.

På bildet ser vi eit skadesak-dokument på avdøde Ola Dan Eide.

Dette dokumentet blei fylt ut rett etter Ola Dan sitt dødsfall.

Foto: Riksarkivet

Ei etterforsking med store manglar

– Politiet samla sett hadde kompetanse nok til å gjere ein mykje betre jobb. Dei kunne bede om bistand viss dei ikkje sjølve hadde kompetansen, seier Angel.

Det er ingen tvil om at etterforskinga er mangelfull, sjølv med kompetansen som var tilgjengeleg i 1963, meiner Angel.

Per Angel står med svart genser i stova si og ser i kamera.

Per Angel er tidlegare leiar av Kripos si åstadgruppe.

Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK

NRK har lese politiet sine rapportar frå etterforskinga.

Og etterforskinga, kan summerast opp slik:

Kort tid etter at Ola Dan blir funnen, blir han flytta til eit anna rom av legane og forsvarspersonell «for å se om noe kunne gjøres», sjølv om han er erklært død på staden.

Politiet blir kontakta etter at det har gått to timar, og kjem heller ikkje til staden før det har gått fem timar sidan likfunnet.

Mannen som leier etterforskinga er kjent, ifølge kjelder, for å vere ein grundig fyr. Han og kollegaen undersøker rommet i noko over ein time. Dei dokumenterer med sju bilde.

Politiet anbefaler ein obduksjon fordi dei ikkje kan utelate at noko straffbart har skjedd. Undersøkinga av liket blir ikkje gjort av medisinsk personell frå dei rettsmedisinske fagmiljøa.

Kloremerka på halsen til Ola Dan blir nemnt i obduksjonsrapporten. Ingen har undersøkt om han har blod eller hudrestar under neglene, eller om han blei kvelt.

Ingen blodprøver blir gjort verken av Ola Dan eller kleda rundt på rommet.

Pillene som blir funne på rommet blir aldri analysert.

Få vitneavhøyr blir gjort. Desse har sprikande forklaringar. Ingen oppfølgingsavhøyr blir gjennomført.

Det blir ikkje undersøkt kor vidt A-en var på skatollet frå før, eller når han kunne ha oppstått.

Ingen har dokumentert kor mange eller kven som hadde tilgang på nøkkel til rommet.

Politiet avsluttar undersøkingane sine med at dei ikkje har funne noko dødsårsak. Dei meiner også at dei ikkje finn teikn til at noko straffbart har skjedd.

Saka blir så «henlagt etter bevisets stilling».

– Alt dette er ting som ber preg av, ikkje hastverksarbeid, men at ein har brukt veldig kort tid, og følgeleg har ein også fått sikra svært lite spor. Den kriminaltekniske dokumentasjonen viser at det er gjort svært lite sporsikring, seier Angel.

Per Angel sit i ein brun stol og har på seg svart gensar. Han klør seg i sjegget mens han pratar.

Per Angel synest historia om Ola Dan Eide er svært interessant.

Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK

Han stussar også over at dei som blir utnemnde til å gjere likundersøkinga har klare koplingar til Forsvaret.

Etterforskinga er ikkje det einaste som skurrar i saka.

Gravferd ut av eigen rang

Tre dagar etter det mistenkelege dødsfallet blir liket av Ola Dan frigitt.

Fem dagar seinare blir han gravlagd.

Og på eit vis som ikkje eigentleg står i stil med hans rang.

Bilda frå gravferda viser ein storslegen militær seremoni. Det norske flagget prydar kista framme i kyrkja, der det er fullt av blomsterkransar og bukettar med kvite sløyfer.

Oversiktsbilde litt unna der kista til Ola Dan blir senka ned i jorda. Rundt står mange menn, til høgre står endå fleire, og litt til sides, til venstre står Gerd med familie.

Over 60 militære tenestemenn er involverte i gjennomføringa av seremonien.

Redigert bilde av Ola Dan si gravferd

Då kista blir senka blir Gerd sett til side fire-fem meter unna med ansiktet vendt mot bakken. Nær kista står to ukjende menn.

På kvar side av kyrkjedøra står to militære vakter med geværet løfta til paradehelsing.

To andre menn får sentrale posisjonar, men ingen kan på dette tidspunktet peike på kven dei er.

Tidlegare instruktørar ved Flygeskulen fekk i oppdrag å vere æresvakter inne i kyrkja.

Dei fekk inga forklaring på kven den avdøde var eller kva som hadde skjedd med han.

Så blei det stille

Etter gravferda var det ingen som snakka meir om det. Heller ikkje lokalavisene, sjølv om nyheiter om forsvaret skal ha vore populært i Bodø.

Ei av svært få avisomtaler var ein kort nekrolog i avisa Sogningen (i gamle Sogn og Fjordane fylke). Den korte notisen impliserer flyhavariet som dødsårsak.

Det var også det einaste dottera Berit «visste».

Det mora Gerd eventuelt visste blei med ho i grava. Berit har seinare vore i dialog med dei ho kan av attlevande familie, alle utan aning.

– Då ho døydde så tenkte eg at no skal eg vite. Eg sørga sjølvsagt over ho, men eg sørga også over at eg ikkje fekk vite historia, seier Berit.

Dei siste åra har ho fått meir innsikt i dødsfallet. Med god hjelp av ein mann som sjølv har investert mykje i historia, Dag Inge Korstad.

Forfattar og offiser i Luftforsvaret, Dag Inge Korstad, ser ut vindauget på Værnes militærleir.

Dag Inge Korstad, offiser i Luftforsvaret og forfattar bak boka «En kald kriger dør» som handlar om Ola Dan Eide sitt dødsfall.

Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK

Han er sjølv offiser i Luftforsvaret. No blir han også forfattar. I fem år har han forsøkt å finne ut kva som eigentleg skjedde med Ola Dan.

– Eg trur han fekk så stor gravferd fordi nokon følte at dei skulda han det. At nokon meinte han hadde gjort ein viktig jobb og på eit eller anna vis ofra sitt liv for tenesta i Noreg.

Dei siste fem åra har Dag Inge snakka med familie, vener og kollegaer av Ola Dan. Mange av dei er godt oppe i åra, nokre av dei lever ikkje lenger.

– Eg sit med ein følelse av at enkelte personar som eg har vore i kontakt med sit på svaret, men ikkje vil gi det.

Forfattaren får åtvaringar

Dag Inge har også snakka med fleire sentrale figurar høgt oppe i systemet for etterretninga på 60-talet.

Nokre har vore hjelpsame og interesserte og kome med åtvaringar i same slengen, hevdar han.

«Du veit ikkje om dei har den svarte eller kvite sida fram. Ver forsiktig».

Andre har vore strengare, på grensa til sinte.

Forfattar og offiser i Luftforsvaret, Dag Inge Korstad, ser på artikkelen han skreiv om Ola Dan Eide i magasinet Flyhistorie.

Dag Inge Korstad heime på kontoret sitt i Trøndelag.

Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK

Har du ikkje tenkt over korleis det kan påverke di eiga karriere i Luftforsvaret?

Dag Inge fortel at han har fått beskjed om at no har han grave nok.

Fleire ankar og førespurnadar om innsyn er avvist med ei tilvising til «hensynet til rikets sikkerhet».

– Det er nokre som er i kategorien: Openbert veit kva som skjedde, men vil ikkje fortelje. Der har eg møtt ein handfull menneske, alle saman godt vaksne, eldre menn.

Dag Inge beskriv flakkande blikk, folk som ikkje klarar å sitte i ro og tyr til munnbruk.

Dag Inge Korstad ser på dokument hos Arkivverket i Oslo

Dag Inge Korstad er på Riksarkivet i Oslo saman med NRK for å sjå på dokumenta knytt til dødsfallet til Ola Dan Eide.

Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK

Det gjer han berre meir nysgjerrig.

– Folk har levd på ei løgn i 50-55 år. Og det er mange framleis i dag som ikkje vil fortelje og det gjer noko med meg når eg tenker at nokon prøvar å halde ting skjult på den måten. Så blir eg eigentleg berre endå meir interessert i å finne ut. Kva handlar det her om?

  • NRK åtvarar om sterke inntrykk i nokre av bilda i teksten som følger.

Første forklaring

I dag står Dag Inge igjen med tre primære teoriar på kva som skjedde.

Den første teorien er at Ola Dan døydde ein naturleg død.

– Han kan ha fått ein eller annan delirisk reaksjon, som gjer at han har døydd. Eit dødsfall utan forklaring.

Eit delirium må i så tilfelle ha ein utløysande faktor.

Legen på Bodø hovudflystasjon var ein av dei to som obduserte Ola Dan og hadde koplingar til Forsvaret. Han hevdar å ha høyrt «underhånd» at Ola Dan kjende seg dårleg før avreise. Det kjem fram av dokument NRK har sett.

Prøvene frå likundersøkinga viste at Ola Dan hadde ein «byrjande» lungebetennelse.

Kva er i så tilfelle årsaka til at Ola Dan ikkje oppsøkte hjelp om denne blei verre?

Og kvifor ville i så tilfelle Gerd ikkje fortelje sanninga heile sitt liv?

Ryggen til avdøde

Her ligg Ola Dan med ryggen til, etter at han er flytta frå rom 106 og over på eit anna rom.

Foto: Politiets dokument, Riksarkivet

Andre forklaring

Den andre teorien er at han tok sitt eige liv.

Nokre seier i ettertid at Ola Dan var full av pågangsmot etter flyhavariet.

Dokument frå sentralsjukehuset i Trondheim viser at legane og psykologar vurderte Ola Dan som «stabil og god» og «psykisk kjekk» i dei regelmessige sjukehuskontrollane etter flyhavariet.

Samtidig har nokre sagt at han tok det tungt og blei traumatisert på eit vis.

Dag Inge får ikkje det til å stemme med korleis rommet såg ut. Ville Ola Dan, med våpen som han har tilgang på, valt ein slik måte å døy?

Legeerklæring Ola Dan Eide, som flyaspirant

Ola Dan Eide som flygaraspirant, alle måtte jamnleg ha legeerklæringar.

Foto: Riksarkivet
Ola Dan Eide skildrar seg sjølv som ved godt mot

"Han blir vel å kjenne fortsatt udyktig til flyging på grunn av syn og hörsel" står det i legerapporten under ein av fleire kontrolltimar, denne gongen i 1959.

Ola Dan Eide blir skildra som "stabil og god" i denne legerapporten frå 1956.

Ola Dan Eide blir månader etter flystyrten i 1956, skildra som "klinisk stabil og god" ved Sentralsjukehuset i Trondheim.

– Eit sjølvmord verkar også veldig rart og unaturleg, meiner Dag Inge.

Det blei aldri funne nokon metode for korleis dette skulle ha føregått.

Dag Inge påpeikar også at Ola Dan neppe ville ha fått norsk flagg på kista dersom det var openbert at han tok sitt eige liv.

– Viss ein tok sitt eige liv ville ein nok ha vurdert at det ikkje har noko med tenesta å gjere. Kva skulle koplinga ha vore til tenesta eller jobben? spør Dag Inge.

Etter at Ola Dan døydde var det att og fram om kor vidt han døydde i teneste eller ikkje.

I dokument som NRK har sett fekk kona, Gerd, avslag på enkepensjon fordi Ola Dan ikkje døydde i teneste. Dette blei seinare gjort om på: Han døydde i teneste, og Gerd fekk enkepensjon.

Kunne Ola Dan ha blitt drepen av nokon enten på innsida eller utsida av eige miljø?

Avdøde ligg på ei seng etter at han er flytta

På halsen til Ola Dan ser ein dei omtala kloremerka. Bildet er ikkje frå rom 106, men frå det rommet han blei flytta til etterpå.

Foto: Riksarkivet

Tredje forklaring

Den tredje teorien er at han blei tatt av dage.

Ola Dan hadde eit nært forhold til søstera, Kjellfrid.

– I månadane før han døydde fortel søstera at ho oppfatta ei endring, at han forandra seg, seier Dag Inge.

Ola Dan skal ha uttrykt til Kjellfrid før han døydde at han var prega av nokre lange avhøyr som han har vore gjennom i samanheng med ei sak.

– Han beskriv at han er redd. Han trur han er i livsfare. Han fortel at han sit på opplysingar eller informasjon som kunne ha tatt nattesøvnen frå vanlege folk.

Om det er Ola Dan sine fantasiar eller ein reell frykt kan ingen seie sikkert.

Men det er ingen tvil om at Ola Dan hadde tilgang på strengt hemmelege planar.

Bildet viser notat og dokument som forfattar og offiser i Luftforsvaret, Dag Inge Korstad, har brukt i sitt arbeid med dødsfallet til Ola Dan Eide.

Dag Inge har jobba med saka i fem år, her på kontoret viser han fram delar av arbeidet. Han har fått sjå dokument som aldri før er levert ut.

Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK

Han er med på planlegginga av store aksjonar mot Sovjet-unionen. Planen var at norske jagarflygarar skulle vere spydspissane i dei eventuelle vestlege flyangrepa langt inn i Sovjet.

Også kjend som «plan snowcat».

I sitt arbeid med etterretning visste Ola Dan ting som ingen andre skulle vite.

Høgtid for spionasje i Bodø

Russarane dreiv også med hemmeleghald. Under den kalde krigen er Bodø eit militært sentrum, og både Vesten og Sovjetunionen brukar spionar for å vite kva den andre sida driv med.

Den tvangsverva GRU-agenten Selmer Nilsen var på sitt mest aktive denne hausten i Bodø. Han hadde ei velutvikla evne til å kome i kontakt med folk.

Det Selmer Nilsen visste, vidareformidla han til russarane via tre metodar. For eksempel på samband og i Noregsglas som «postkasser» på utvalde plassar i Bodø.

Men også med å merke teikn på veggane, i krit, på ulike bygningsoverflater. Kan det minne om den mystiske A-en på rom 106?

Selmer Nilsen

Bilde av Selmer Nilsen. Han jobba som spion for Russland.

Foto: NRK

Vi veit at Sovjetunionen praktiserte å kvitte seg med folk på den brutale måten.

Men:

– Norsk etterretning har, så vidt vi er kjende med, ikkje stått bak nokre former for likvidasjon, eller den type aktivitetar i Noreg. Det ville ha vore så oppsiktsvekkande om noko slikt har funnen stad, så eg vil nærast utelate det.

Det seier Stian Bones, professor ved UiT.

Likevel er det framleis mykje informasjon som framleis er utilgjengeleg for både forskarar og journalistar.

– Det kan heilt openbert vere ting vi ikkje veit.

Stian Bones, professor i historie ved UiT

Stian Bones har skrive doktorgrad om den kalde krigen i Nord-Noreg.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

Ingen veit om Ola Dan og Selmer Nilsen møttest.

Men kunne Ola Dan ha rota seg inn i noko utan vilje? undrar Dag Inge.

– At han enda opp med å skjøne at han plutseleg var Selmer Nilsen sin negative kontakt.

Då har han i mente det Ola Dan kan ha visst om offensive flyoperasjonar, og norske jagarfly sin bruk av atomvåpen i ein eventuell krigssituasjon.

Per Angel meiner at det er svært få i Noreg som ville ha hatt den kunnskapen.

Han uttalar seg som lekmann:

– Det blir rein gjetting, men det er klart av viss du har ein slik kunnskap og han står i fare for å bli offentleg kjend, at Noreg har hatt denne kapasiteten, så vil eg nok tru at det kan ha vore eit motiv for å ta nokon av dage, ja.

Du kan høyre podkastepisoden om Ola Dan Eide her:

Føler seg nærare svaret

Berit står på rom 106, kaserne G. I det siste har ho kjent at det begynner å haste.

Ønsket om å bli kjend med kva og kven ho kjem frå har ikkje blitt svakare med åra.

– Eg har ofte sakna ein far som har ropt heia på idrettsbana og kanskje støtta opp litt når det ikkje gjekk så bra, og gleda seg når det har gått bra, då. Det har eg jo gjort.

Det store spørsmålet er framleis uklart.

– Kva var det eigentleg han døydde av? Kva som skjedde i tida før, det har eg kunne ha tenkt meg å vite.

En kvinne på 60 år står foran en grønn militærkaserne og ser alvorlig inn i kamera mens håret hennes blåser.

Berit Eide Skjørtvedt kjenner seg nærare eit svar. Her står ho utanfor kasernen kor faren hennar blei funnen død.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Ikkje minst for å ha noko å fortelje til sine barn og barnebarn.

Dag Inge si bok er klar for trykken. Han fortel at åtvaringane frå personar han har møtt på ikkje skremmer han.

Tvert imot er han heilt sikker på at nokon veit meir.

Han har ikkje gløymt det personane med kjennskap til e-tenesta har fortald han:

Vent litt til før du grev meir. Om fem år er dei som var involverte døde.

Då kan ingen hindre sanninga i å kome fram, er det Dag Inge vil fram til.

– Eg trur framleis at nokon sit og veit. Nokon veit noko som kunne ha løyst saka.

NRK har vore i kontakt med Forsvaret som seier at dei ikkje har kjennskap til saka i dag. Difor kan dei ikkje kommentere saka. Nordland Politidistrikt ønsker heller ikkje å seie noko om saka.

Hei!

Takk for at du kom heilt ned hit. Har du tips etter å ha lese denne saka? Då kan du kontakte meg her: