Hopp til innhold

Her er bærmeldinga for sesongen: – No vil det bogne

Bærsesongen ser ut til å bli forseinka i halve landet, men det er framleis håp om mange bær. Her er tipsa for ei vellukka sanking.

Blåbær

BÆR I SIKTE? Dårleg vêr gjer at bæra kan la vente på seg denne sesongen. Men ekspertane trur det framleis er håp for alle sjølvplukkarar.

Foto: Alexander Blinov

– Det generelle ein kan seie er at i delar av Trøndelag og nordover, er alt forseinka, seier Toril Gulbrandsen i Opplysningskontoret for frukt og grønt.

Men når bæra først kjem, kan det likevel kome mange av dei bæra ein er mest opptatt av å plukke sjølv.

– Dei blir ikkje øydelagt, med mindre frosten har tatt blomstringa, seier Gulbrandsen.

Ho fortel at det er venta å sjå dei norske frilandsjordbæra, som også er på etterskot, rundt Sankthansaftan.

Det er generelt kalde temperaturar og mykje regn som har gjort grønsakene forseinka i år.

Trur det også gjeld bæra

Verst har det vore nord for Trøndelag, opplyser Toril Gulbrandsen.

– Det har kanskje vore ei vekes forseinking på Austlandet også.

Det same vil nok gjelde for det vi finn i skog og mark, seier ho.

Toril Gulbrandsen, Opplysningskontoret for frukt og grønt

Toril Gulbrandsen, innhaldsrådgivar for matfagleg kompetanse i Opplysningskontoret for frukt og grønt.

Foto: Opplysningskontoret for frukt og grønt

Med andre ord kan sesongkalenderen for bær du vil hauste sjølv ligge litt på etterskot i år.

– Men ingen kan vite dette heilt sikkert, understrekar Gulbrandsen.

Ho fortel at no bognar det av bær, i alle fall sør i landet.

– Akkurat no har vi sydenvarme i sør og det skal halde fram. Sol og varme set fortgang i frilandsvarene. Det eksploderer, også med jordbæra.

Eit illustrert bærkart. Bær kan det bli i heile landet, men kor mykje er usikkert.

Eit illustrert bærkart. Bær kan det bli i heile landet, men kor mykje er usikkert.

Foto: Egil Ursin / NRK

I Noreg er særleg blåbær, tyttebær, markjordbær og molter vanleg å plukke mange stader.

Pål Karlsen, dagleg leiar i sopp- og nyttevekstforbundet, seier at bærsesongen framleis kan bli veldig bra.

– Vêret er skiftande og har vore det i mange år. Vi veit ikkje dette før vi sit på hausten og ser kva som kjem. Men det er noko med naturen som er veldig god å kompensere for det som skjer, seier Karlsen.

Pål Karlsen, leder i Norges Sopp- og nyttevekstforbund.

Dagleg leiar i Sopp- og nyttevekstforbundet, Pål Karlsen.

Foto: privat

– Det ein kan bekymre seg for er at det har vore så kaldt at pollineringa ikkje har skjedd på riktig måte. Det er vanskeleg å vite.

Slik lukkast du

Vi har spurt Karlsen om gode tips til sankinga. Her får du ei liste over kva tid det normalt er sesong for bærtypane, så ta det med i reknestykket når du planlegg:

Markjordbær

Markjordbær

Det finst tolv sortar markjordbær, med tre ville typar som høyrer heime i Noreg.

Foto: Lise Åserud / SCANPIX
  • Sesong: Juni og juli
  • Høyrer til: Rosefamilien
  • Slekt: Jordbærslekta

Markjordbær er bæret frå barndommen, ifølgje Karlsen.

– Dei veks gjerne i nærleiken av der folk bur og mange fann dei der dei leika ute.

Bæra likar sol og toler ganske skrinn jord. Derfor finn du dei gjerne i grøftekantar og skråningar. Dei blir gjerne lett utkonkurrert og trivst ikkje i selskap med mange andre store plantar og tre.

– Det aller beste er å berre ete dei så kortreist som mogleg. Frå bakken til munnen.

Blåbær

Blåbær

Blåbær er ei kjelde til vitamin E, vitamin C og folat.

Foto: Arne Venstad
  • Sesong: Juli og august.
  • Høyrer til: Lyngfamilien
  • Slekt: Bærlyngslekta

Blåbær er ei kjelde til vitamin E, vitamin C og folat. I tillegg har blåbær eit høgt innhald av kostfiber.

Blåbæra utkonkurrerer også dei fleste andre bær på haldbarheit. På benken kan dei halde eit par dagar og i kjøleskap kan dei ha ei haldbarheit frå ein til to veker, fortel Karlsen.

– Dei har hardare skal. Det gjer at dei at dei ikkje blir «nedsafta» så kjapt, slik som jordbær og bringebær.

Desse bæra har vi svært mykje av i Noreg. Og ifølge Karlsen er det skammeleg at vi ikkje plukkar meir av dei.

Blokkebær

Blokkebær

Nokre kallar blokkebæra for: skinntryte, mikkelsbær eller tryte.

Foto: Picasa 2.7
  • Sesong: Juli og august
  • Høyrer til: Lyngfamilien
  • Slekt: Bærlyngslekta

Når du er ute på blåbærjakt finn du kanskje blokkebæra. Dei seiast å ikkje vere like gode, på grunn av ein surare smak og meir frø.

Men faktisk så har dei tre gongar så mykje C-vitamin som blåbær, ifølge SNL.

– Dei veks på ganske lik stad som blåbær, men litt meir i myr og der det er fuktigare. Også stein inne i seg som gjer at dei er litt annleis å bruke.

– Desse har ein brukt mykje til saft, seier Karlsen som understrekar at dei er fine å kombinere med andre bær.

Bringebær

Bringebær

Dei ville bringebæra er mindre enn dei velkjente hagebringebæra.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt
  • Sesong: Juli og august
  • Høyrer til: Rosefamilien
  • Slekt: Bjørnebærslekta

– Bringebær er mykje meir ei kulturplante på den måten at den veks mykje langs vegar og stiar. På kultivert mark, og kjem opp der det har vore hogga.

Bringebær kjem ofte først av bærtypane, og kan ofte bli hausta mykje av i august, fortel Karlsen.

– Det kan hende at bæret likar det litt varmt og toler litt meir tørke før den fasar ut. Det har vore mykje bringebær dei siste åra.

Molter

Selv om årets multesesong kanskje ikke blir tidenes beste, lover det godt for dem som er glad i de små oransje.

Molta blømer med ein enkel, kvit, endestilt blome.

Foto: Eystein Ness

Få bær har like høg status som dei berømte moltene.

  • Sesong: August og september
  • Høyrer til: Rosefamilien
  • Slekt: Bjørnebærslekta

– Molte er ein fuktkrevjande bærsort som veks på myr. Ein ganske sein art og veldig variabelt frå år til år. Det kjem av at plantene ofte treng to år for å bli noko.

Molta er det desidert meir av i nord enn sør.

– Det er eit vakkert bær å plukke når du ser dei gule flekkene bortover.

Bjørnebær

Bjørnebær

Bjørnebær høyrer til same slekt som bringebær, som gir ei naturleg forklaring på den slåande likskapen.

Foto: Britt Boyesen / NRK
  • Sesong: August og september
  • Høyrer til: Rosefamilien
  • Slekt: Bjørnebær

– Bjørnebær er ein vekst som er litt i frammarsj. Den er nesten invaderande enkelte stader, på Sørlandet for eksempel, seier Karlsen.

– Bjørnebær kjem nok krypande oppover, bokstaveleg talt. Den er forferdeleg å plukke fordi den stikker deg så enormt.

Men når du først har fått på deg verneutstyret, er det ein flott vekst som kan brukast mykje, understrekar Karlsen.

Tyttebær

Tyttebær

Tradisjonelt blir tyttebær mellom anna brukt som syltetøy og til saft eller gelé.

Foto: Sigurd Sæther
  • Sesong: September og oktober
  • Høyrer til: Lyngfamilien
  • Slekt: Bærlyngslekta

– Tyttebær er det bæret som kjem seinast og har lengst sesong. Dei toler nok mykje meir frost eller kaldt vêr enn dei andre bæra.

– Den trivst i hogstflater og at det er lågt i terrenget rundt. Blåbær og andre bær blir litt for stort for tyttebæra, så overtar blåbæra dei andre.

Tyttebæra blir med andre ord fort utkonkurrert av andre artar.

Krekling

Krekling er en liten eviggrønn plante i kreklingsslekta, lyngfamilien.

Krekling trivst typisk i myrområde, høgfjell og i gran- og furuskog.

Foto: Gorm Kallestad / NTB
  • Sesong: August og september
  • Høyrer til: Lyngfamilien
  • Slekt: Kreklingslekta

– Krekling brukast jo knapt i Noreg. Men den har eit potensial, understrekar Karlsen.

– Den veks gjerne same stad som blåbær, er ikkje like søt, og krevjande å ete. Men eg er heilt sikker på at det er underbrukt og ein flott frukt å bruke til saft.