Hopp til innhold

Tjuv pågripen i Rana

Like før klokka 11 laurdag morgon fekk politiet melding om tjuveri frå ein elektrobutikk i Rana. Gjerningspersonen kom seg unna med verdiar for om lag 25 000 kroner. Etter rask etterforsking, vart vedkomande pågripen halvannan time etter innbrotet. Butikken melder saka.