Hopp til innhold

Terra tapar ansikt

Terra-gruppa tapar omdømme på å ikkje dekkje tapet til dei fire Terra-skandale kommunane i Nordland. Det innrømmer banksjef Jørn Eldby i Sparebanken Narvik.

 

Terra
Foto: NRK

I går vart det klart at sparebankane som eig Terra-gruppa avviser å dekkje tapa til dei fire kommunane i Nordland.

Det har vore krisestemning både i dei fire kommunene og hos Terra sidan det vart kjent at Narvik, Rana, Hattfjelldal og Hemnes har investert over fire hundre millionar kroner i amerikanske risikofond og no har tapt fleire hundre millionar kroner.

Tapar ansikt

Og sparebankane som eig Terra nektar å ta tapet til kommunane. Det råkar omdømmet til Terra-gruppa som mellom anna driv med eigedomsmekling og forsikring. Det innrømmer administrerande banksjef Jørn Eldby i Sparebanken Narvik.

- Me har fått eit slag for baugen no. Det skal det ikkje vere tvil om. Me må no stå samla og byggje opp Terra igjen med grunnlag i dei kjerneverdiane me har i sparebank-kulturen. Me må sørgje for at desse verdiane gjennomsyrar Terra, seier Eldby.

Tek ikkje ansvar

Terra-gruppa er eigd av 78 sparebanker, mellom anna Sparebanken Narvik. Men dei vil ikkje ta på seg noko ansvar for milliontapa til kommunane i Nordland slik både finansministaren og kommunane meinte dei burde gjere.

- Det er vanskeleg dette her, men slik som situasjonen har utvikla seg har me ikkje ei anna løysing enn det, seier administrerande banksjef Jørn Eldby i Sparebanken Narvik.