Hopp til innhold

Høyr svindlarane i aksjon: 200.000 svindeloppringingar på kort tid

Både Telenor og politiet fortel at dei merkar ein auke i tal svindelsaker. Den siste veka er det mottatt fleire meldingar hos politiet. – Sist veke hadde vi eit beløp på 130.000 kroner, seier politiadvokat.

200.000 svindeloppringingar hos Telenor på kort tid - slik høyrast det ut.

WANGIRIANGREP: Telenor har sendt NRK dette lydklippet frå eit angrep i dag. Her høyrer ein kva slags stemme ein blir møtt med på den andre sida. – Angrepet i dag blei stoppa omtrent umiddelbart, seier Busch i Telenor. NRK har fjerna ein nettstad i klippet.

Det var i løpet av måndagen det skjedde.

Over 200 000 kundar av Telenor blei utsett for vondsinna oppringingar.

Dei kom tilsynelatande frå Mosambik med retningsnummer +258.

Thorbjørn Busch, sikkerheitsrådgivar i Telenor, skriv i ein e-post til NRK at svindlarane har utnytta eit hol i Telenor sine forsvarssystem.

Thorbjørn Busch, Telenor

Thorbjørn Busch er ekspert på sikkerheit hos Telenor.

Foto: Telenor

– Årsaka til at oppringingane passerte var at landskoden til no ikkje har vore misbrukt til oppringingar med svindel, og derfor ikkje er svartelista i Telenor sitt sperresystem.

– Vi har i løpet av dagen tetta holet, skriv Busch i e-posten.

Angrepsmetoden som blei brukt av svindlarane kallast for «Wangiri». Metoden går ut på at dei kriminelle ringer éin gong og håpar mottakaren ringer tilbake.

Når dei så gjer det, prøvar svindlarane å halde praten i gang lengst mogleg. På måndag registrerte Telenor at heile 1097 nordmenn ringde tilbake og at enkelte samtalar varte i to timar.

Ringer ein frå eit normalt mobilabonnement kan ein gonge opp tal minutt med 12,99 kroner. Nokre kan med andre ord vente seg ein dyr faktura.

Busch peiker på den sosiale manipulasjonen som finn stad i desse sakene.

– Mange nordmenn er på ferie i desse dagar. Ei oppringing frå utlandet kan verke mindre overraskande om eit familiemedlem er i utlandet, og kanskje til og med forventa.

Politiet: – Auke på landsbasis

Men det er ikkje berre Telenor som merkar at svindlarane er i sving.

Politiet i Nordland opplever at svindel er eit aukande problem.

Spesielt den siste tida har det tatt seg opp. Fleire har gått på limpinnen.

– Det er i ganske store størrelsar opp mot hundre tusen kroner. Den siste veka har vi hatt fire saker berre i Bodø og vi fryktar store mørketal, seier Maria Skog som er politiadvokat i Nordland politidistrikt.

Maria Næss Skog, Politiadvokat i Nordland politidistrikt.

Maria Skog, politiadvokat i Nordland politidistrikt.

Foto: Marius Guttormsen / NRK

Felles for sakene dei har fått på bordet i det siste, er at personar blir ringt opp av ein mannsperson som oppgir at han jobbar i politiet eller Økokrim.

– Han fortel at det hastar og at han treng informasjon. Han står fram som truverdig og pågåande. Dette har medført at fleire har gitt kontoopplysingar som igjen har ført til at dei har blitt svindla. Sist veke hadde vi eit beløp på 130.000 kroner.

– Er det ein eller fleire gjerningspersonar?

– Det er framleis tidleg i etterforskinga og vi prøvar å avdekke bakgrunnen i dette. Generelt ser vi at det er ein auke på landsbasis i denne forma for svindelsaker.

Les også Tapte over 7 millioner i svindel, politiet henla på dagen: – Drøyt og jævlig

Illustrasjon til kryptosvindelsak

Denne typen bedrageri kallast ikkje «Wangiri», men «fishing».

Det vil seie saker der kriminelle gir seg ut for å vere nokon andre, i eit forsøk på å få deg til å gi frå deg noko du ikkje bør.

Det kan vere brukarinformasjon til bank-ID, kortnummer eller å få deg til å overføre pengar.

Utsettes for svindelforsøk.

Det kan sjå ut som om at det er politiet som ringer, men er det eigentleg det?

Illustrasjon: egil ursin / nrk

DNB: – Høgt trykk over tid

Sebastian Takle i DNB fortel at det utan tvil er i denne forma for bedrageri at dei fleste sakene dukkar opp.

Han leier arbeidet med å handtere bedrageri mot kundane og konsernet.

– På dette området såg vi ein auke på 568 prosent i fjor, i tal personar som gjekk på. Det trykket som trefte oss i fjor sommar har aldri gått over. Det er det som dominerer landskapet vårt.

Sebastian Claydon Takle, avdelingsleder hos Financial Cyber Crime Center (FC3) hos DNB.

Sebastian Takle i DNB.

Foto: PRESSEFOTO / DNB

Medan det før var vanleg for dei kriminelle å stele mellom fem og 50.000 kroner, er det no blitt vanleg at dei forsøker å stele fleire hundre tusen, ifølge Takle.

DNB har også hatt saker der svindlarane har forsøkt å stele mange millionar kroner i enkeltsaker.

– Det er eit veldig høgt trykk over tid. Beløpet som dei kriminelle forsøker å stele har også auka veldig den siste tida.

Takle kallar det eit samfunnsproblem som verken politi, teleoperatørar eller finansinstitusjonar klarar å handtere åleine.

Les også Hør svindlerne i aksjon: Ble svindlet for 600 000 kroner

Svindel Telenor.

– Det viktigaste vi gjer er å samarbeide på tvers. Mi erfaring er at det blir gjort mykje godt arbeid med å kjempe mot denne forma for kriminalitet.

Han trur at dei kriminelle har forstått at dette er eit område der dei kan tene mykje pengar på relativt låg sjanse for å bli oppdaga, og med låge strafferammer.

– Så handlar det om å prioritere ressursar inn mot denne forma for kriminalitet. Det er ein relativt ærleg sak at bedrageri ikkje er den forma som nødvendigvis blir høgst prioritert, men ho begynner å kome ganske høgt opp på lista for kor mykje skade ho gjer.