Under sommaren 2020 og 2021 var det noregsferie som gjaldt. Koronapandemien og reiseforbod var hovudårsaka til det. Lofoten og Sørlandet vart dei store vinnarane.
I fjor kunne vi reise til utlandet igjen, noko solhungrige nordmenn gjorde.
– No har vi fått tilfredsstilt det behovet. Inntrykket mitt er at mange denne sommaren vil sjå dei stadene i Noreg dei ikkje har fått sett tidlegare, seier Torild Moland, ansvarleg redaktør for Magasinet Vegabond Reiselyst.
Ho spår med andre ord at ein god del nordmenn ser til eige land når dei planlegg sommarferie.
– Og då er vi som utlendingane. Vi vil sjå rå natur, høge fjell, kombinert med mjuke strender og turkis vatn, seier Moland.
Torild Moland har nettopp gitt ut boka «Eventyrlige opplevingar i Nord-Norge».
Foto: Torild Moland / Magasinet Vagabond ReiselystTrass i økonomisk krevjande tider, tyder ein rapport frå Respons Analyse på at vi kjem til å bruke meir pengar på sommarferie i år, samanlikna med i fjor.
Både Norwegian og Widerøe fortel at ein god del av kundane deira ser mot landa rundt Middelhavet når dei planlegg sommarferie. Italia, Spania, Hellas og Frankrike.
Men mange vel også ferie i Noreg.
Populære direkteruter
– Vi ser ei auke i tilreisande til Noreg. Ikkje berre reiser nordmenn, men vi har mange frå utlandet som vel Noreg som sommardestinasjon òg. Det likar vi, skriv Catharina Solli kommunikasjonssjef i Widerøe i ein e-post.
Norwegian kan fortelje at det er Vestlandet og Lofoten som er mest populært blant kundane deira som skal reise heime i sommar.
Widerøe har opna nokre nye ruter som viser seg å vere svært populære.
– Direkterutene mellom Oslo og Helgeland, og frå Oslo eller Bergen til Lofoten er dei mest populære, skriv Solli.
Gunnar Sjøsett er dagleg leiar i Lofoten explorer. Sjølv om det har vorte mange fleire turistaktørar i Lofoten, ser Sjøsett allereie at sommaren som kjem blir bra.
Gunnar Sjøsett i Lofoten explorer gler seg til sommaren.
Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK– Det ser ut til å bli ganske likt sommaren i fjor. Sjølv om det ikkje er som 2021-sommaren då vi vart treft hardt av at alle skulle på noregsferie, så er det bra. Vi har ein del bestillingar allereie. For det meste frå Nederland, Belgia, Tyskland og Italia, seier Sjøsett.
Moglegheiter for eksotisk noregsferie
Men det finst fleire moglegheiter for eksotisk noregsferie.
Forfattar og reise-påverkar Helene Myhre er veldig glad i Nord-Noreg. Ho delar dagleg tips til turar og stadar ein kan reise i Noreg med sine 200.000 følgjarar på Instagram.
Ho har skrive to bøker om tips til turar i Noreg, og deler dagleg turtips til sine 200.000 følgarar på Instagram.
Ein av stadane som ho trekk fram er Helgelandsskysten og øya Vega.
– Eg er veldig glad i camping på Vega. Det er veldig urørt natur på ein måte. Veldig frodig, fint og fargerikt, i alle fall da eg var der for nokon år sidan. Det er nok blitt meir populært no.
Helgeland er ein av perlene som også redaktør Torild Moland trekkjer fram når ho kjem med sine reiseråd for noregsferien.
Ho har skrevet fleire bøker med reisetips frå Noreg. Nyleg kom ho ut med boka «Eventyrlige opplevingar i Nord-Norge», så vi startar lista der.
Øyhopping på Helgeland
– Det er utruleg givande og variert. Herøy og Dønna har samla alt. Kombinasjonen vakre strender, turkist vatn, høge toppar og naturopplevingar, fortel redaktør Moland.
Ho trekkjer også fram det ho meiner er Noregs kulaste interiørbutikk, Etcetera, og sjokoladen til Heidi Lorentzen på Sjokoladebrygga.
Mektig natur på Herøy.
Foto: Benjamin Fredriksen / Benjamin Fredriksen NRKGå Noreg på tvers på ein dag
Vidare trekkjer Torild Moland fram moglegheita for å gå Noreg på tvers, også med barn.
Ved å ta toget frå Narvik til Riksgränsen i Sverige, kan du ta så følgje Rallarvegen tilbake.
– Langs løypa finst det minnesmerke heile vegen som gir deg eit innblikk i historia om rallarane og krigshistoria. Du får vakker natur og nydeleg utsikt, seier Moland.
– Og turen er berre 16 kilometer lang.
Noreg på tvers mellom Riksgränsen og Narvik kan by på fine opplevingar.
Foto: Torild Moland / Magasinet Vagabond ReiselystMagiske Mørkgonga
Redaktøren i Magasinet Vagabond Reiselyst trekkjer også fram ein tur til Mørkgonga utanfor Oslo. Der du kan ta eit magisk bilete av den markerte sprekken i lavaplata som dekkjer Krokskogen.
Utsikten frå Mørkgonga er heilt spesiell.
Foto: Nina Didriksen / NRK
Skjulte perler i Nordland
Lofoten er populært og har gjerne mykje turistar om sommaren. Helene Myhre har nokre tips om du vil unngå alle turistane, men vil sjå like fin natur som i Lofoten
Influensar Helene Myhre hyller noregsferien
Foto: Helene Myhre / @helenemooMyhre fortel at ho var i Vesterålen på tampen av sommaren i fjor, og blei overraska.
– Eg trudde Vesterålen var skikkeleg populært, men eg møtte nesten ikkje på ei sjel.
Myhre mein både Vesterålen og Steigen har mykje til felles med Lofoten, berre at det ikkje er mykje folk der.
– Eg tippar at Steigen kjem til å få eit skikkeleg oppsving. Man ser jo rett over til Lofoten. derfrå.
Myhre trur mange reis til Lofoten på grunn av det blå vatnet og fjella der.
– Det er så mange stader som ser nesten like eins ut som Lofoten og som har mykje å by på. Dette er meir skjulte perlar.
Sidersmaking i Hardanger
– Dei fleste har høyrt om vinsmaking i Italia og Frankrike, men eg vil også slå eit slag for sidersmaking i Sørfjorden i Hardanger. Her har du fleire flotte sideprodusentar som er mogleg å besøkje, seier Torild Moland.
– I tillegg har Nordvestlandet mange av dei same eigenskapane som Nord-Noreg, med dramatiske omgivnader, fjord og fjell.
Eit eple og utsikt over Sørfjorden i Hardanger.
Foto: PrivatNoregs eige Færøyane
Moland trekkjer også fram Sørøya i Finnmark. Eller «Noregs eige vesle Færøyane» som ho kallar det.
– Det er ein stor, dramatisk øy. Den er veldig grøn, nesten heilt #aude og med mange sauer og geiter. Du finn til og med kamelar der, i Akkarfjord, seier Moland.
Kamelane i Akkarfjord er verd å få med seg dersom du reiser til Sørøya i Finnmark.
Foto: Karl Emil Rikardsen