Slik klarte programleiarstjerna å skape «Mona 2.0»

Ho har reist rundt heile verda og hengt med dei største stjernene. No har Mona B. Riise endeleg også funne gleda i å reise på tur i norsk natur.

Mona B. Riise saman med Marte Moksnes Songøygard på Helgelandskysten.

HEFTIG TUR: På Helgelandskysten fekk Mona B. Riise store naturopplevingar. Episoden med ho kan du no sjå i NRK TV. Her saman med Marte Moksnes Songøygard.

Foto: NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Som vaksen har eg jo vore mykje meir på konsertar og Grammy Awards enn i djupe skogar og høge fjell. Vi kan vel seie at komfortsona mi ikkje har vore i naturen.

For dei fleste har Mona B. Riise vore synonymt med glamour, paljettar, stjerner og TV. Men i år kom det eit vendepunkt.

Midt oppe i all jobbinga hadde ho eit sterkt ønske om å realisere draumen om å kome seg nærare naturen. Rett og slett skape «Mona 2.0».

– Det er lettare for meg å rulle ut yogamatta, enn å gå ut i skogen og eg har jo ikkje skjønt det med ullundertøy og fjellsko og sånn. Heldigvis er det aldri for seint.

Også for ho er det langt frå å tenke og drøyme, til faktisk å ta på seg turskoa. Den dørstokkmila har vore lang.

Stjernekamp 2020

POPULÆRE: Kåre Magnus Bergh og Mona B. Riise kjem inn i heimane til mange denne hausten.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Enorm auke i år

I år blei pandemien påskotet og moglegheita til å kome seg ut på tur for mange. I Den Norske Turistforening har dei aldri opplevd makan.

Gjennom året har trafikken på turplanleggaren Ut.no auka med 70 prosent.

– Vi har aldri sett ein slik trafikkauke. Eg trur ikkje det er nokon tvil om at det er koronaen som har utløyst dette, seier kommunikasjonssjef i DNT, Mette Øines Habberstad til NRK.

Over heile landet blir det meldt om rekordutfart i turområda, og Habberstad trur det er mange som endeleg har fått realisert draumen om å bli eit turmenneske.

– Det er mange som har tatt kontakt og hatt spørsmål om korleis dei kan kome i gang, kva dei skal ha i sekken og generelt korleis dei skal gjere dette.

Slik var det også for Mona B. Riise. Heime i Oslo hadde ho både turspade og primus. Men kva ho skulle bruke dei til var ho ikkje heilt sikker på.

Mona B. Riise i hengekøya.

HENGEGØY: Mona B. Riise har funne seg sjølv igjen ved å lære seg å bli eit turmenneske. I år blei det også ein hengekøyetur, for første, men ikkje siste gong.

Foto: Privat

– Heilt magisk

For ho losna det skikkeleg då NRK inviterte ho med på safari på Helgeland i Nordland. Med fjellsko og ullgenser med paljettar i sekken, reiste ho på tur for å kanskje få sjå den store hubroen på nært hald.

Lengre frå glans og glamour i Oslo skal det godt gjerast å kome her i landet. I naturen er det dyra, sjøen og plantene som er stjernene.

– Eg føler det forandra livet mitt og er ei oppleving eg aldri vil gløyme. Eg elskar dyr, men det å ha nokre mål for turen, skjerpe sansar og vere stille for å oppdage dyr var heilt magisk, seier Mona.

– Men korleis skal «Mona 2.0» klare å halde på dei nye vanane?

– Eg har sett meg som mål å tore å gå meir i skogen åleine og klare tenne eit bål sjølv. Eg må nok framleis tvinge meg ut litt, men også planleggje naturreiser. Eg må tilbake til Helgeland.

Mona B. Riise og Green Day

GRØN FORTID: Mona B. Riise har møtt mange store stjerner. Her saman med det amerikanske rockebandet Green Day.

Foto: NRK

– Reinskar deg for stress

Forsking syner at det å kome seg ut i naturen er bra både for den fysiske og psykiske helsa. Det vil Mona B. Riise gjerne skrive under på.

No byter ho stadig oftare ut pensko og vakre kjolar med tursko og fjellbukse.

– Hovudet blir reinska for kvardagsproblem og stress og ein tek inn naturen på ein herleg måte.

Den populære programleiaren kjem gjerne med sine tips til korleis andre kan klare å ta steget ut av sofaputene og ut i naturen:

  • Du må byrje i det små. Lån utstyr eller kjøp brukt.
  • Finn gjerne nokon som har erfaring med nokre fine turar som kan vere med dei første gongene.
  • Sett eit mål om eit type dyr, eller kanskje plante eller sopp ein skal finne på turen. Det gjer det ekstra spennande.
  • Ta med god mat og varm drikke, du skal kose deg!
Hundane til Mona B. Riise

GODE TURVENER: Hundane Chili og Sandy er med når Mona tar turen ut i naturen.

Foto: Privat

Status Norge

Sist oppdatert: 28.11.2020
2 841
Siste uke
118
Innlagt
328
Døde