Hopp til innhold

Sjå spekkhoggaren leike med maten

På forskingstur fekk Richard sjå spekkhoggarane gjere noko spesielt. Ny forsking kan tyde på at kvalane spesialiserer seg på å jakte store sjødyr og ikkje fisk, slik ein tidlegare har trudd.

Spekkhogger kastar på sel

LEIKAR MED MATEN: Det er ikkje uvanleg at spekkhoggarar leikar med maten sin. Her hiv den på ein sel, eit relativt stort sjødyr.

Foto: Eve Jourdain / Norwegian Orca Survey

– Dette er noko vi får sjå kanskje to gongar i løpet av sommarsesongen. Det er veldig spesielt å vere vitne til, seier Richard Karoliussen.

Han er medgrunnleggar og kaptein hjå Norwegian Orca Survey, ei forskingsgruppe med base på Andenes i Vesterålen. Dei har no kanskje prov på at spekkhoggarar ikkje jaktar og lev slik vi trudde dei gjorde.

Stormangrepet

Førre veke var mellom anna Karoliussen og forskarkollega Eve Jourdain på tur. Dei følgde etter ei spekkhoggargruppe på fem-seks dyr.

På starten av turen fann dei spekkhoggarane rett etter dei hadde drepe ei nise.

– Dei gjekk med den i overflata etter den var daud. Alle fem-seks spekkhoggarane delte dyret seg imellom, seier Karoliussen.

Spekkhoggar skuvar rundt på ei daud nise

DELAR PÅ MATEN: Spekkhoggar skuvar rundt på ei daud nise.

Foto: EVE JOURDAIN / NORWEGIAN ORCA SURVEY

Då dei var ferdige med den for dei vidare. I om lag fire timar følgde dei etter spekkhoggarane. Til slutt kom dei til ein av selkoloniane utanfor Andøya.

– Spekkhoggarane rasa inn i eit basseng der selen oppheldt seg. Dei tok fire-fem dyr, seier Karoliussen.

Selkolonien ligg på ei lita øy mellom Andenes og Bleik. Der er det til vanleg mellom 40 og 50 dyr som held til, fortel Karoliussen, som reiser forbi øya med jamne mellomrom.

– Spekkhoggarane legg ned ein enorm jobb for å få fat i både nisa og selen. Dei angrip med ei nesten eksplosiv kraft, seier Karoliussen entusiastisk.

– Kor vanleg er det at spekkhoggaren går etter sel på denne måten?

– Det er ein av tinga vi fokuserer på i studiane våre. Vi trur dette er mykje vanlegare enn mange trur, forklarar Karoliussen.

– Vi for derifrå etter ei stund og lét dei halde fram med jakta, seier Karoliussen.

Spesialistar på å drepe

Spekkhoggere leker med maten i Vesterålen

EIN ANNAN DIETT: Til vanleg et spekkhoggarar i hovudsak fisk som torsk og sild. Desse spekkhoggarane har sel på menyen.

Foto: Eve Jourdain / NORWEGIAN ORCA SURVEY

Forskingsgruppa har observert noko interessant med dietten til nokre av spekkhoggargruppene. Dei trur gruppa dei møtte på kan ha vore ei som lev nesten utelukkande på sjøpattedyr. Til vanleg et spekkhoggarar i hovudsak fisk som torsk og sild – trudde vi.

– Om det stemmer betyr det at slike spesialiserte grupper går langs kysten og angrip selkoloniar. Dei vil då lære seg kva koloniar dei greier å fange sel i og kva for dei bør halde seg unna. Etter nokre veker, då selen har roa seg att, vil dei kome tilbake og jakte meir, forklarar Karoliussen.

– I 1988 blei ei gruppe som åt sel fotografert utanfor Mørekysten av ein forskar som heitte Dag Vongraven. Vi har no bilete av same kval som et sel utanfor Andøya i 2016, fortel Karoliussen.

Tiu Similä

– Det er fascinerande at dyr som ser likeeins ut, kajn ha heilt ulik kost, seier, spekkhoggar-ekspert Tiu Similä.

Foto: Privat

– Så det er ein gamal spekkhoggar dette?

– Ja, i 1988 var den allereie vaksen, det betyr over 20 år. I dag er den nok godt over 50 år gamal. Det tyder på at han kan ha spesialisert seg på jakt på sjødyr, fortel Karoliussen.

Desse funna har forskingsgruppa samla i ein ny rapport. Rapporten er framleis rykande fersk, og har enno ikkje blitt fagfellevurdert, men haustar allereie respons. Spekkhoggar-ekspert Tiu Similä seier resultatet av forskinga i Vesterålen er eit gjennombrot.

– Vi har visst i hundrevis, av år at spekkhoggar i farvatnet mellom Norge og Jan Mayen har sel, vågekval og andre sjøpattedyr på menyen. Men det har ikkje vore så godt dokumentert. Desse individane er i mindretal. Det som er ekstra fascinerande er at det finst nokre familiegrupper som utviklar heilt eigne jakteigenskaper, seier Similä til NRK.

Spekkhoggar

Førre veke var mellom anna Karoliussen og forskarkollega Eve Jourdain på tur. Dei følgde etter ei spekkhoggargruppe på fem-seks dyr.

Foto: Eve Jourdain / Norwegian Orca Survey