Hopp til innhold

Måndag går sildeprisen ned igjen

Måndag 23. januar går prisen på sild ned nye fem prosent. – Nedgangen er merkbar for fiskarane, seier Noregs Fiskarlag.

Sildefiske

STORT TILBOD: Grunna større tilbod enn etterspurnad, minkar sildeprisen att.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

– Når tilbodet er større enn etterspurnaden, går minsteprisen ned. Dette er heilt naturleg, seier Kenneth Garvik, salsleiar i Noregs sildesalslag.

Det var avisa Kyst og Fjord som fyrst skreiv om saka.

Sidan november i fjor har minsteprisen på sild i Noreg blitt evaluert og oppdatert kvar veke. Kvar fredag ser ein på gjennomsnittsprisen på salet dei førre to vekene, og minsteprisen vert då 80 prosent av denne.

Sildepris frå måndag 23. januar

Gruppe

Vekt

Kilopris i kroner

1

350> gram

5,10

2

300-348 gram

4,88

3

200-299 gram

4,61

4

125-199 gram

3,98

5

<125 gram

3,39

LÅGARE PRIS: Slik vert sildeprisen frå neste veke. Kjelde: Noregs Sildesalgslag.

– Denne ordninga er til for å følgje marknaden, fortel Garvik.

Marknaden att er påverka av kvoten, svingingar i valuta og kor mykje som vert fiska kvar veke.

– Tidlegare vart det forhandla fram éin minstepris i året, men med den dynamiske minstepris føl ein marknaden betre, og kan lettare konkurrere, seier Garvik.

Godt vêr førte til lågare prisar

– I veke to var det godvêr, og mange la ut på fiske, seier Garvik.

Det blei fiska over 43 000 tonn den veka, og er langt over etterspurnaden i marknaden. Det førte til låge prisar, som igjen gjev låge prisar neste periode.

– For å samanlikne vart det fiska om lag 24 000 tonn denne veka, og eg tvilar på mykje kjem inn etter klokka sju i kveld, ler Garvik lett.

Laster innhold, vennligst vent..

– Men på den ljose sida, flatar nedgangen ut, så kanskje minsteprisen stabiliserer seg noko no, seier Garvik.

– Det er slik marknaden er

Det er ingen dramatikk i dette, det er berre slik marknaden er, seier Steinar Jonassen, leiar av Nordland fylkes Fiskarlag.

– Fiskarar og kjøparar er einige om denne ordninga, og den gagnar nok fiskarane i det lange løp, sidan me kan halde tritt med konkurransen, seier Jonassen.

I tillegg til godvêret, skuldar Jonassen mykje av prisnedgangen på kvoten, som er betydeleg større i år enn i fjor.

– Kvoten er nærare dobbelt så stor i år, så ein nedgang i pris bør ikkje komme som ei overrasking på nokon, seier Jonassen.

Steinar Jonassen

IKKJE UROA: Jonassen trur ordninga med dynamisk minstepris kjem til å gagne fiskarane i det lange løp.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Det er aldri kjekt at prisane går ned, men slikt skjer, og det må me finne oss i, avsluttar Kenneth Garvik i Noregs Sildesagslag.