Hopp til innhold

Noregs største asylmottak på Andøya

UDI har behov 1000 asylplassar i landsdelen.

Militærleiren i Skarsteindalen

I dag har UDI vore på synfaring i Skarsteindalen på Andøya, der dei vurderer å plassere Noregs største asylmottak.

Foto: NRK

Og i dag har dei vore på synfaring i Skarsteindalen på Andøya, for å sjå på ein gamal militærleir.

Det kan verte Noregs største asylmottak, med mellom 500 og 1000 bebuarar.

Stort behov for asylplassar

I følgje Andøyposten Ordføraren i Andøy sikker på at det vert asylmottak, men ikkje på kven som skal drive mottaket.

- Me veit berre ikkje om det vert i kommunal regi, seier ordførar Jonni Solsvik.

Han har i fleire veker vore i dialog med Utlendingsdirektoratet, og skildrar samarbeidet som veldig bra så langt. Behovet for asylmottak i Nord-noreg er stort, i løpet av året treng UDI 1.500- 2.000 nye plassar i landsdelen. Flesteparten av dei kan altså havne på Andøya.

Noregs største driver av asylmottak HERO AS, har fått kontrakt på desentraliserte mottak i Alta og Tromsø kommune. Mottaka har 150 plassar kvar. I Harstad er det Harstad Mottak AS som skal drifte 125 plassar. I tillegg vert det oppretta ei avdeling for einslege mindreårige ved det eksisterande mottaket i Nesna med 30 plassar. Det er også inngått ei ny avtale med mottaket i Svolvær på 180 plassar.

UDI har i dag vore på synfaring på Andøya, der ordførar Jonni Solsvik har store ambisjonar for det nedlagte forsvarsanlegget i Skarsteindalen.

Ei god plassering

Fungerande direktør i UDI Region Nord, Paul Knutsen er godt nøgd med det han har sett.

- I Skarsteindalen er det bygg med potensiale til å verte eit svært godt asylmottak, seier Knutsen.

Han meinar det ligg godt til rette for å kunne plassere flyktningar i den gamle militærleiren i Skarsteindalen.

- Det må sjølvsagt gjerast ein del med anlegget, og det er ein del som må ordnast med det økonomiske. Så me er langt i frå klare til å sende dei fyrste flyktningane, seier Knutsen.

Det er fyrste som gjerast er å få i stand ei mottaksordning.

- Det fyrste som må på plass er ein organisasjon som kan ta i mot flyktningane. Det er det Andøy kommune som står ansvarleg for. For det andre treng nokre av byggningane vedlikehald, men det er inoko ein kan ta etterkvart, seier Knutsen.

500 plassar

UDI har behov for mellom 1.500 til 2.000 plassar i landsdelen.

- Men fyrst og fremst har det vore snakk om 500 plassar. Men me treng ei meir nøyaktig vurdering av anlegget for å kunne seie noko om kapasiteten, seier Knutsen.

Knutsen seier at det kjem til å verte ei utfordring for lokalsamfunnet å ta i mot så mange flyktningar.

- Dette er noko me må diskutere nøye med kommunen, og finne ut korleis me skal løyse situasjonen. Det er meir flyktningar enn me har i alle dei andre anlegga i Noreg, seier Knutsen.

Han peikar særskilt på at aktivitetstilbodet må vere tilfredstillande for flyktningane.

- Me må sørge for at det er aktivitetstilbod og sørge for tryggleiken i anlegga. Dessutan må me sørge for at kontakten mellom lokalsamfunnet og flyktningane går smertefritt, seier Knutsen.

Kommunalt anlegg

Fungerande direktør i UDI Region Nord, Paul Knutsen tykkjer det er flott at Andøy kommune er interessert i å drive anlegget.

- Me tykkjer det er fint at ein kommune er interessert i å drive eit slikt anlegg, men for oss spelar det ikkje ei stor rolle. Det som er viktig for oss er samarbeidet mellom kommunen og mottaket, seier han.

I følgje Knutsen har dei enno ikkje bestemt seg for om det vert eit asylmottak på Andøya.

- Me kan ikkje seie nøyaktig når me bestemmer oss, men me arbeidar så raskt som mogleg. Men det er snakk dagar før me tek ei avgjersle, seier Knutsen.

God infrastruktur

Militærleiren i Skarsteindalen på Andøya

- Det er viktig for oss at asylantane som eventuelt kjem hit får eit innhold i kvardagen som gjer at dei trivs og at lokalsamfunnet trivs med dei. Det skulle alt ligge til rette for i Skarsteindalen, seier Solsvik.

Foto: NRK

Ordførar Jonni Solsvik meinar Skarsteindalen har ein infrastruktur som er velegna til eit asylmottak.

- Det er inga overrasking at Skarsteindalen har fasiliteter som består av verkstadrom og undervisningsrom som gjer det velegna til å ta i mot mange menneske som har behov for gode buforhold, seier Solsvik.

Solsvik meinar det er viktig med eit godt samarbeid mellom asylantane og lokalsamfunnet.

- Det er viktig for oss at asylantane som eventuelt kjem hit får eit innhold i kvardagen som gjer at dei trivs og at lokalsamfunnet trivs med dei. Det skulle alt ligge til rette for i Skarsteindalen, seier Solsvik.