I Nordland er det knapt ein einaste elev som brukar nynorsk.
NRK har tidlegare skrive om Ken Henrik Kvingedal på Andenes, som er den einaste eleven som skriv på nynorsk i fylket.
Fylkeskommunen søkte derfor om ein treårig forsøksordning for å gjere nynorsk skriftleg valfritt for elevar i vidaregåande skule.
Forslaget fekk sterk kritikk frå Språkrådet, og no har altså Utdanningsdirektoratet sagt blankt nei.
– Når eg er rundt på skulane, så opplever eg at elevane er veldig opptatte av saka. Dei ønsker å få lov til å velje sjølv om dei skal ha skriftleg sidemål eller ikkje. Så på mange måtar er det først og fremst på vegner av elevane at eg er skuffa i dag med det avslaget vi har fått, seier fylkesråd for utdanning og kompetanse i Nordland, Joakim Sennesvik.
Ifølge han grunngir direktoratet avslaget med at dette ikkje er ei ny prøveordning. Oslo har hatt eitt forsøk med å droppe sidemål, men det er snart 20 år sidan det forsøket blei avslutta, ifølge Sennesvik.
– Det har skjedd mykje i norsk skule på dei snart 20 åra. Så vi har argumentert sterkt for at det er på tide å sjå om vi kan få nokre effektar ut av dette på nytt, seier fylkesråden.
– Ønskt å ha positive resultat
Sennesvik seier dei søkte på forsøksordninga fordi dei ønskte å sjå om det kunne ha positive resultat.
– I Nordland heng vi framleis etter resten av landet når det gjeld gjennomføring i vidaregåande skule, og vi ønskte å sjå om dette kunne vere eit tiltak som fekk fleire elevar gjennom vidaregåande skule.
Fylkesråd for utdanning i Nordland, Joakim Sennesvik er skuffa over avslaget.
Foto: Vetle Knutsen / NRK– Tenker de at nynorsk er så vanskeleg at elevane ikkje ønsker å fullføre skulen?
– Vi veit jo at det er mange elevar som slit med eige hovudmål. Eg ser på det som ein stor fordel viss ein del av desse elevane kunne ha fått høve til å fordjupe seg meir og bli betre på hovudmålet sitt, enn at dei, sånn som det er i dag, blir tvinga til å lære seg to skriftspråk.
Kritikk frå språkrådet
Direktør i Språkrådet, Åse Wetås har tidlegare vore krystallklar i saka.
Norsk er både bokmål og nynorsk, ikkje berre eitt av dei to.
Ho har tidlegare sagt til NRK at Noreg har to norske skriftkulturar, ein for bokmål og ein for nynorsk. Det er intensjonen at alle elevar i vidaregåande skule, når dei har faget norsk, skal bli kjende med begge språka og skriftkulturane.
– Det er få elevar i Nordland som bruker nynorsk som hovudmål. Burde vi ikkje då gjere det vi kan for å halde liv i nynorsken med å gjere den til ein obligatorisk del av skulen?
– Eg synest det er viktig at elevane får opplæring i språkhistoria til Noreg, og lære om kvifor vi har to skriftspråk i dag. Men det er som sagt dette med at ein er nøydd til å lære seg å skrive nynorsk i denne samanhengen som eg har vore opptatt av at vi skal få gjort valfritt.
Han håpar difor på eit regjeringsskifte til hausten, slik at han kan søke på nytt og kanskje få ja då.
– I så fall så tenker eg å ta fram denne søknaden på nytt igjen.