Hopp til innhold

Kunstig nordlys skal forklare mystisk område over Nordpolen

Merkelege ting går føre seg høgt over Nordpolen. GPS og radiosignal vert forstyrra og ingen veit kvifor. Men det vil forskarane forsøke å finne ut av med kunstig nordlys.

Rakettar frå Nasa lagar kunstig Nordlys i atmosfæren over Longyearbyen for å finne ut av eit mystisk romværfenomen.

Rakettar frå Nasa lagar kunstig Nordlys for å finne ut av eit mystisk romværfenomen.

Foto: Jarand Rage Aasvold

Bjørn Tversland var på veg ut i fjøset sitt ved Liland i Ofoten, ein heilt vanleg onsdag føremiddag.

Han titta opp mot himmelen, på eit av flya som passerte.

Men plutseleg var det noko som ikkje heilt stemte.

– Det så først ut som eit vanleg fly som passerte, men så oppdaga eg at det gjekk om lag dobbelt så fort.

Slik var bildet Tverland sendte til lokalavisa.

Bonden i Ofoten sende bilde av kondensstripa til det mystiske flyet til lokalavisa.

Han vart ståande og sjå på.

– Det såg ut som om det berre steg høgare og høgare. Så forsvann det ut i det blå.

Han tok eit bilde og kontakta lokalavisa Fremover.

Han tenkte kanskje det kunne vere eit jagarfly. Men han vart ståande å klø seg i hovudet.

Bjørn Tversland er bonde i Ofoten og såg spora frå rakettane utanfor fjøset

Bonden Bjørn Tversland i Ofoten skulle i fjøset då han plutseleg såg eit jagarfly som gjekk for fort og for høgt.

Foto: Privat

– Det undra meg at det gjekk så høgt. Det er ikkje vanleg at jagarflya gjer det, seier Tversland.

For det var ikkje eit jagarfly bonden frå Ofoten såg. Det var eit av dei største vitskapelege prosjekta som Nasa nokon gong har vore med på.

Fartsdump i atmosfæren

Kolbjørn Blix, avdelingsleiar for vitskapelege rakettar ved Andøya Space, fortel at raketten Tversland såg var den siste av tolv rakettar frå Noreg, i et samarbeidsprosjekt som inkluderer Japan og USA, som vart sendt ut i atmosfæren.

«Grand Challenge Initiative – CUSP» er et av de største rakettprosjekta som sjølv Nasa har deltatt i, kor deling av innsamlede data på tvers av de tre nasjonane har vore eitt av hovedmålene.

Med «kunstig nordlys» skal dei finne årsaka til ein fartsdump i atmosfæren.

– Det er eit heilt unikt prosjekt, seier Blix.

blix_kolbjorn

Kolbjørn Blix, avdelingsleiar for vitskapelege rakettar ved Andøya Space fortel at dette er eit romværfenomen vi enno ikkje forstår.

Foto: Andøya Space Center

Det er nemleg noko merkeleg som går føre seg over polane.

I blant oppfører radio og GPS-signal seg rart, og satellittar og rakettar som ferdast i området mellom 400 og 1000 kilometer over jorda mistar plutseleg fart.

Det er som om det ligg ein usynleg fartsdump der oppe.

Over Svalbard finst nemleg ein mystisk trakt som kallast polarkløften.

– Der kjem det ladde partiklar, såkalla solvind, uhindra inn til jorda. I den same trakta strøymer luft frå vår eigen atmosfære ut I verdsrommet, den same typen luft som vi pustar inn, forklarar Blix.

Slik ser traktane som fører solvindar inn i atmosfæren og luft ut av atmosfæra til jorda.

Slik ser traktene som fører solvindar inn i atmosfæren og luft ut av atmosfæren til jorda.

Foto: Trond Abrahamsen / Trond Abrahamsen

Det gjer at lufta blir litt tettare her enn elles i satellittanes baner.

Men det er ingen som veit kvifor eller korleis dette skjer.

For å finne ut av det har forskarane lasta rakettane med stoff som lagar kunstig Nordlys.

– Det som er merkeleg er at det eigentleg ikkje skulle ha vore større tettleik der. Når det først er der må dei finne ut kvifor det er der og om det går an å varsle på førehand, seier Blix.

Slik såg det ut då to raketter laga kunstig Nordlys i atmosfæra for å finne ut av eit mystisk romværfenomen.

Nasa har sjølv tatt bilde frå lufta av det kunstige nordlyset som målar solvinder og luft frå atmosfæren i trakta ved polene.

Foto: Lee Wingfield / NASA

Raketten som vart skote opp i dag slapp laus om lag 20 gassbehaldarar på storleik med ein brusboks. Kvar av dei med ein liten rakett.

«Brusboksane» var tidsinnstilt til å sleppe fri gassen på eit gitt tidspunkt.

– Dei lagar jo eigentleg kunstig nordlys. Det dei prøver å forstå med å sleppe ut disse gassane er å sjå korleis dei driver i ulike retningar i ulike høgdelag, seier Pål Brekke, fagsjef ved Norsk Romsenter.

Nordlys fra Instagram

– Nordlyset vi ser på himmelen til vanleg er blant anna oksygen og nitrogen som vert varma opp av ladde partiklar frå sola. Nett som ein varmeomn så vil lufta over gløden strøyme opp. Dette er ein av prosessane som skapar oppadgåande luft, og som så gir høydeområdet rundt 400 km oppe I denne trakte større lufttettleik enn det skulle vere, seier Blix.

Foto: @ase.sen56

Eit parti sjakk

Det kan sjå ut som nordlys, men eigentleg formar gassen eit nøye planlagt nettverk.

Det gjer at forskarane kan rekne på korleis solvinden og luft frå atmosfæren til jorda dreg i gassen på ulike plassar.

– Ein kan ikkje sjå det før ein slepper ut gass som gjer det synleg for instrumentere, seier Brekke.

Pål Brekke er fagsjef ved Norsk Romsenter

Pål Brekke, fagsjef ved Norsk Romsenter, fortel at forskarane lagar kunstig nordlys.

Foto: Norsk Romsenter

Mark Conde, hovudforskaren i eksperimentet, har kalla prosjektet eit digert parti sjakk.

Mykje måtte nemleg klaffe. Sendarar, mottakarar, romvær og forskarar måtte nemleg spele på lag i dei tjue minutta prosjektet gjekk føre seg.

Forskarane tok bilde av det kunstige nordlyset frå både Ny-Ålesund og Longyearbyen. Og Nasa hadde eit fly i lufta som tok bilde av forsøket frå lufta.

Slik såg det kunstige nordlyset ut frå Longyardbyen.

Slik såg rakettene ut frå Longyearbyen.

Foto: Maria Philippa Rossi

Dette romværfenomenet kan bli viktig for mellom anna å kunne gi satellittforskarar større nøyaktigheit i sine baneberegninger. I tillegg til å bidra til at forståelsen av prosessar man ser på andre planetar i vårt solsystem betre kan forklares ved at ligende prosessar er forklart i vår egen planets atmosfære, seier Kolbjørn Blix, avdelingsleiar for vitskapelege rakettar ved Andøya Space

Bonden Tversland i Ofoten synest det er stort å ha fått eit glimt av eit av dei største vitskapelege prosjekta som Nasa har vore del av.

– Det er flott å ha sett. Eg trudde jo først det var eit fly. Når eg høyrer kva dei held på med er det artig å ha sett det.