Hopp til innhold

Mista son og søskenbarn i vogntogulykke: – Kan ikkje lenger kalle det ulykker

Måndag denne veka døydde også søskenbarnet til Ramona Lind, som mista sonen sin i ein vogntog-kollisjon i 2019. No vurderer forbund å melde Statens vegvesen til politiet.

Ramona Lind

LEI: Sorg gjekk over til sinne etter at Ramona Lind mista søskenbarnet i vogntogulykke. I 2019 mista ho sonen. – Begynner å bli ein trend, seier ho.

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

– Umiddelbart når eg fekk vite at det var Preben gjekk eg inn i eit svart rom. Fylt med sorg og omsorg for dei som sit igjen.

Det seier Ramona Lind til NRK. I 2019 mista ho sonen Charlie Dan Lind i ei vogntogulykke.

Måndag døydde også søskenbarnet hennar, 31 år gamle Preben-André Bergseng Lind fra Vesterålen, i ein kollisjon med vogntog, i Gausvik utanfor Harstad.

Les også Svært alvorlig trafikkulykke på E10 i Troms – en bekreftet omkommet

Deler av ett av kjøretøyene ligger strødd langs autovernet på veien på stedet.

– Når eg beveger meg ut av det svarte rommet går det over til sinne over å oppleve dette på nytt, seier Lind.

– Har lagt frå seg ansvaret

I november 2022 blei Lind valt som forbundsleiar i Transport og logistikkforbundet (TLF).

Sidan ho mista sonen i 2019 har ho jobba for å få trafikksikkerheit høgare opp på prioriteringslista.

– Det her begynner å bli ein trend. Dei kan ikkje kalle dette for ulykker. Det er straffbare handlingar som føregår frå myndigheitene si side, meiner ho.

Lind kallar det heile for systemsvikt. No etterlyser ho handling framfor ord frå Statens vegvesen og politikarar.

– Dei har lagt frå seg ansvaret for oss som brukar vegane, fordi dei ser på pris og klima og ikkje på trafikksikkerheit og trygge vegar.

Bladet Vesterålen har omtalt saka.

Har ingenting å gjere på vegane

Lind stiller seg svært kritisk til at modulvogntog får køyre på nordnorske vegar. Eit modulvogntog er lengre enn vanlege vogntog og semitrailerar.

– Dei har ingenting på nordnorske vegar å gjere i det heile tatt. Vi har ikkje éin veg i Nord-Noreg som kan handtere den trafikken. Desse vogntoga er komne til å utnytte kapasitet til lågast mogleg pris.

Les også Mistet sønnen i trafikkulykke – nå er hun kåret til Årets Nordlending

Avisa Nordland og NRK Nordland deler ut prisen årets nordlending.

Ho spekulerer ikkje i ulykka før etterforskinga er ferdig, med omsyn til involverte og sjåføren som skal bere dette med seg vidare i livet.

TLF vurderer å melde Statens vegvesen til politiet.

– Vi kjem nok ingen veg med det, men nokon må svare for det. Politikarane må sette seg inn i og forstå kva som føregår og konsekvensane av den transportpolitikken som blir ført.

Og konsekvensane er alt for store, meiner Lind.

– Konsekvensane av å miste nokon, av å miste ungen sin eller andre familiemedlem, er så stor at det skulle ikkje ha vore så enkelt å berre la ulykka passere og bli eit tal i ein statistikk.

undefined

Karianne Ervik i kollegahjelpa til Noregs Lastebileigar-Forbund (NLF).

Foto: Børge Hoseth / NRK

– Eit stort traume

Karianne Ervik er tidlegare lastebilsjåfør, men jobbar no i kollegahjelpa til Noregs Lastebileigar-Forbund (NLF).

Kollegahjelpa blei starta i 1995 og er eit tilbod til sjåførar og bileigarar som har vore involvert i ei alvorleg ulykke.

– Det første ein tenker på er den omkomne og personane sine pårørande. I neste omgang er det mi rolle som kollegahjelpar å finne ut korleis sjåføren som er involvert har det.

Ho fortel at dei har ein kollegahjelpar saman med sjåføren som var involvert i ulykka i Harstad.

– Lastebilsjåførane kjem stort sett fysisk uskadd frå slike hendingar. Men dei skal bere med seg dette vidare, og det er jo eit stort traume å ha vore involvert i ei slik ulykke.

– Uavhengig av skyld og årsak, seier Ervik.

Kollegahjelparen legg vekt på at dei fleste lastebilsjåførar brukar dagane åleine bak rattet, og at det å samle og prate om det ein har opplevd derfor er viktig.

Sørgebånd Harstad Taxi

SØRGEBAND: Tysdag har alle taxiane i Harstad Taxi svarte sørgeband over taxiskiltet.

Foto: Børge Hoseth / NRK

Svarte sørgeband over taxiskiltet

Martin Sætervik er verneombod hos Harstad Taxi. Han blei ringt om ulykka 09.30 måndag morgon.

– Vi har mista ein god kollega. Alle er i sjokk og i djup sorg, seier Sætervik.

Tysdag har alle taxiane i Harstad Taxi svarte sørgeband over taxiskiltet. Sjåføren var på jobb då bilen han køyrde kolliderte med hengaren på ein lastebil.

– Han hadde køyrt til Stokmarknes og var på retur tilbake til Harstad då det skjedde.

Sætervik fortel at dei tilsette har tent lys og skrive ein minnetekst om sjåføren som omkom. Minneteksten skal dei gi til dei pårørande i gravferda.

undefined

Martin Sætervik, verneombod hos Harstad Taxi.

Foto: Børge Hoseth / NRK

I tillegg har dei tilsette ved Harstad Taxi brukt dei to siste dagane til å prate med kvarandre om kva som har skjedd.

– Alle er blitt bevisst på at ein har eit yrke der ein har ein risiko med det ein gjer kvar dag. Dette kunne ha vore kven som helst av dei som køyrer hos oss, og det får fleire til å tenke over kva som kan skje, seier Sætervik.

Gjer grundige studiar

– Først vil vi uttrykke stor medkjensle og har stor forståing for at dei pårørande er fortvila etter ein så tragisk hending, seier Guro Ranes i Statens vegvesen.

Ho forklarar at dei jobbar kvar dag med å redusere tal drepne og hardt skadde i trafikken, og at det er eit av deira viktigaste mål.

 Guro Ranes, avdelingsdirektør, Statens vegvesen

Guro Ranes, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Foto: Statens vegvesen

– Når det gjeld akkurat denne ulykka så er den nyleg skjedd og vi veit alt for lite foreløpig om årsaksforhold og kva som gjorde at det fekk så alvorleg utfall.

– Er modulvogntog noko som er forsvarleg å køyre på nordnorske vegar?

– Eit modulvogntog er lovleg køyretøy på norske vegar. Det er gjort ei vurdering av at det er forsvarleg og tilstrekkeleg sikkerheit med bruk av den slags type køyretøy, seier Ranes.

Ho forklarar at Statens vegvesen vil utføre ein djupnestudie av denne ulykka, i likskap med alle andre dødsulykker for å kartlegge årsaksforholda.

– Gjennom desse studiane vil vi kunne finne ut meir om kva som medverkar til desse alvorlege ulykkene, og også i kva grad dette med modulvogntog i seg sjølv er ei større utfordring enn det vi har trudd til no.